Ung-Kondis

Ingeborg Synstnes Hole – vann ungdoms-VM

Sjølv om ho er berre 15 år, klarte Ingeborg Synstnes Hole å ta både gull og sølv i U18-klassen i VM i Skyrunning i sommar. Den allsidige jenta frå Åndalsnes speler òg fotball, og når snøen kjem, gled ho seg til å dra ut på ski.
Av Runar Gilberg
Gulløpet: I ungdoms-VM i Skryrunning tok Ingeborg Synstnes Hole først gull på vertikalen og så sølv på det lengre opp-og-ned-løpet. (Foto: Youth Skyrunning World Champs)

Ingeborg Synstnes Hole har ikkje lege på den late sida i sommar. Ho har vunne både Ungdoms-Birken og fleire lokale motbakkeløp. Under VM i Skyrunning i Andorra vann ho vertikal-løpet og tok sølv i den 14 km lange skyrunning-konkurransen som hadde over 1000 høgdemeter både opp og ned. 

– Eg er betre til å springe oppover enn nedover, så det er ikkje så rart at eg gjorde det best i motbakkeløpet, fortel Ingeborg på telefon frå Åndalsnes. Ungdoms-VM i Skyrace var sommarens idrettslege høgdepunkt og ramma rundt med masse tilskodarar og stor stemning gav meirsmak. På førehand visste ho ikkje heilt kva ho gjekk til, eller kva ho kunne forvente.  

– Dette var første gongen eg konkurrerte internasjonalt, og på motbakkeløpet var eg litt ekstra spent sia det var enkeltstart. Dermed visste eg ikkje undervegs korleis eg låg an, fortel ho. 

Men i mål viste det seg at ho hadde treft godt med både disponeringa og forma. Til slutt var ho mest 3 minutt framføre jente nummer to.

Ungdoms-Birken

Dersom Ingeborg skal trekke fram høgdepunkt frå heile 2022, må ho òg ta med sigeren i 15-årsklassen i Ungdoms-Birken i vinter. 

– Ja, eg er godt nøgd med Birkebeinerrennet der eg vann klassen, fortel den allsidige 15-åringen. Vi kan leggje til at ho i sommar gjentok prestasjonen i Birkebeinerløpet og vann klassen med god margin. 

I tillegg til springinga og skigåinga speler Ingeborg fotball med trening eller kamp to-tre gonger i veka. Og når gym i tillegg er favorittfaget, så blir det rikeleg med trim i løpet av ei vanleg veke. 

– Eg spring eller går på rulleski/ski kvar dag, og så kjem fotballtreningane i tillegg, fortel Ingeborg som har hatt leik og idrett som ein fast del av livet sia ho var lita. Ho kjem nemleg frå ein skikkeleg idrettsfamilie. Mor Brynhild var ein av dei beste norske langdistanseløparane på 1990-talet med sølv i lagkonkurransen og sjuandeplass individuelt i VM halvmaraton som eit høgdepunkt. Far Terje hadde maraton som sin spesialitet og står bokført med heile fire NM-gull. 

Ikkje noko problem

– Gjer det at foreldra dine var så gode, at du kjenner på litt ekstra forventningspress? 

– Eg veit at det er mange rundt meg som er klar over at dei var spreke, men eg tenkjer ikkje så mykje på det, så det er ikkje noko problem. 

I staden ser ho positivt på at ho har nokon å trene med òg i familien. 

– Det var familien som gjorde at eg starta med det her, og eg har trena ein god del med dei. Storebror Iver har no flytta til Meråker for å satse på langrenn, så det blir ikkje så mykje trening med han lenger, men eg spring ca. halvparten av dei rolege turane med mamma. 

– Trur du at du kan slå persane hennes? 

– Hm … Ja, det hadde vore kult, men eg er ikkje der enno. Ho spring framleis ein del, men konkurrerer ikkje så mykje. 

– Enn persane til Terje? 

– Det trur eg blir vanskeleg, humrar Ingeborg og held fram:

– Men han sprang mest maraton, og det har eg ikkje starta med enno, seier ho. 

Vi kan leggje til at maratonpersen til Terje Hole er så sterk som 2.20.29, så er det ei norsk kvinne som slår den, så blir òg den norske rekorden til Ingrid Kristiansen på 2.21.06 slegen.

Variasjon

Men sjølv om maraton i tilfelle er langt fram i tid, fortel Ingeborg at ho likar lange løp betre enn korte. 

– Eg er glad i både motbakkeløp og flatare løp, men dei flate løpa bør helst vera 5 km eller lengre, for eg er ikkje så god på korte distansar. Men det er gøy med variasjon og å vera med på ulike ting. 

– Skal du delta i skirenn til vinteren? 

– Ja, det er planen. Eg veit ikkje heilt kva for renn det blir enno, men det blir nok Hovedlandsrennet og Sparebanken Møre Cup, fortel Ingeborg som òg likar å gå fjell- og toppturar på ski, men så langt har ho ikkje vori med på randonee-konkurransar. 

– Får du tid til noko anna enn trening og skole? 

– Ja, det gjer eg. All tida går ikkje med til trening, og eg er både ute med vennar og har tid til å slappe av, avsluttar Ingeborg.

Foto: Youth Skyrunning World Champs

Ingeborg Synstnes Hole 

Alder:  15 år
Bustad: Åndalsnes
Skole: Går i 10. klasse i ungdomsskolen
Klubb: Åndalsnes Idrettsforening
Trenarar: Brynhild Synstnes og Terje Hole (mor og far)
Idrettar: Hovudsakleg springing og langrenn pluss ein del fotball
Persar: 10.18 på 3000 m (2020) og 4.43 på 1500 m (2020)
Merittar: Gull i vertikal-løpet og sølv i «opp-og-ned-løpet» i U18-klassen i VM i Skyrunning, gull i UM terrengløp, 3 førsteplassar
og løyperekord i Nesaksla Opp,
1. plass i fleire andre lokale motbakkeløp, 4. plass i Skåla Opp, 1. plass i UngdomsBirken i både rennet og løpet

6 favorittar

Musikk
Ingen spesiell

Mat
Lasagne

Drikke
Sjokomjølk

Fag
Gym

Idrettsutøvar
Karoline Bjerkeli Grøvdal, som kjem frå nabobygda Isfjorden 

Treningsøkt
Intervall, til dømes 8 x 3 min

Døme på treningsveke om hausten

Måndag
Fotballtrening 1,5 time + rulleski 1 – 1,5 time 

Tysdag
Intervalltrening i motbakke, til dømes 10 x 2 min med jogg ned som pause 

Onsdag
Roleg springing 1 time + 1,5 time fotballtrening 

Torsdag
Roleg rulleski 1 t 15 min – 1 t 30 min

Fredag
Intervallspringing: 3- eller 4-minuttsdrag med ca. 25 min dragtid totalt + 4-5 spurtar på 20 sekund 

Laurdag
Fjelltur 2 timar

Sundag
Roleg springing ca. 1 time 




© Alle rettigheter. Kondis 

Til toppen