Perspektiv
Ein folkehelsefiende
Naiv som eg er, har eg gått rundt og trudd eg var ein nokså harmlaus kar, som stort sett ville både meg sjølv og andre vel.
Av Runar Gilberg
Ikkje god nok: Trass i tidvis ivrig øving vart det aldri fast plass på A-laget. (Foto: privat)
Vel somme riskar har eg utsett meg sjølv for. Ein gong køyrde eg off-pist på Tusten utanfor Molde i litt for flatt ljos, og det heile enda med eit brutalt møte med ein lite ettergivande trestamme i botnen av den skrenten eg ikkje såg.
Eit kråkestup frå tremeteren ei småforelska sommarnatt gav kompresjonsbrott i ein ryggvirvel. Med påfølgjande nukleotomi på Ullevål eit par år seinare.
For tre år sia vart det eit heilt døger på det same sjukehuset etter at ein sykkeltur resulterte i eit ublidt møte med asfalten.
I den tida eg køyrde bil, var eg òg ein potensiell risiko for andre enn meg sjølv, men køyreepoken dabba fort av, og det einaste eg står bokført med, er ei fartsbot av den heller snille sorten.
Inn i flokken
Men etter snart 57 år på planeten, med mest halvparten av tida som skribent i Kondis, fekk eg likevel stempel som farleg. Ikkje det at eg lokka med meg folk ut på for lange og krevjande ultraløp – det har eg ikkje kapasitet til lenger. Nei, eg vart skulda for å skrive ting som rett og slett kunne føre til vaksinevegring. «En synd så frykteli», for å seie det med Eldar Vågan. At det av tusen mediefolk var ca. 990 som pusha produktet, var ikkje nok. Dei siste ti, som meinte det var viktig med eit kritisk blikk, måtte òg jagast inn i flokken.
Og no er eg visst rekna som så farleg at eg er ein trussel mot dei som har teki det hasteutvikla, men ifølgje styresmaktene akk så tryggje og effektive medisinske produktet. For at dei som har sikra seg, likevel skal vera heilt sikre, så må dei sleppe og møte slike som meg. Difor blir det rulla ut planar om å innføre segregerande sertifikatordning òg i Noreg slik vi alt har sett det i mange andre land.
På B-laget
Ja ja, allereie som tenåring, før springinga tok meg og eg dreiv på som unggutar flest og spelte fotball, så hamna eg stort sett på B-laget. Spensten la ikkje så mange centimetrane til dei 186 keeperspira hadde frå før. Tilslaget var for svakt til å få utsparka over midtstreken.
Eg var rett og slett ikkje god nok til å vera på A-laget, men ein gong førstekeeperen hadde influensa (han hadde vori uforsiktig og gått på S-laget utan munnbind) vart det likevel ein A-kamp på meg.
No er eg visst for farleg til at eg får lov til å hengje med A-laget, dei som har elektronisk prov på at dei er beskytta. Ja, det rare er at før dei sikra seg med faktor 2.0, så var dei mindre redde for meg enn dei er no.
Utan to eller tre dosar i kroppen blir det òg hevda at eg er ein så stor fare for å fylle opp sjukehuset at det ikkje er tillateleg å la slike som meg gå fritt. Trass i at eg har eit normalt godt immunforsvar og i det store og heile har teki vare på helsa.
Om sertifikatforslaget går gjennom, vil eg neppe få lov til å drive med helsebyggjande trening på det lokale treningssenteret – fordi det kan føre til at eg utøver press på sjukehuskapasiteten. Men eg kan røyke og drikke så mykje alkohol eg vil – og ete meg feit – utan å få påtale.
For mi eiga helses skuld kan eg av styresmaktene med tvang bli isolert frå omverda fordi eg ikkje vil ta ein medisin som berre i Noreg har ført til innrapportering av 42 537 biverknader. 3795 av dei er kategorisert som alvorlege, og over halvparten av desse har ført til innlegging på eit av dei sjukehusa som regjeringa er så redd for skal gå fulle.
Anekdotisk, men lell: Ca. ein fjerdepart av dei 160 eg følgjer på Strava har skrivi at dei i kortare eller lengre tid har fått treninga/helsa negativt påverka i etterkant av ein av dosane. Om dei ikkje tek sjansen på ein tredje og etter kvart fjerde dose, vil passet deira fort gå frå grønt til raudt. Dersom vi finn oss i eit slikt totalitært system.
Inkluderingsarena
I haust fekk eg tilsendt ein e-post frå Norges idrettsforbund der det stod at dei oppfordra den nye regjeringa «til å anerkjenne, gjennom politiske prioriteringer, idrettens betydning som mangfolds- og inkluderingsarena, og som sterk bidragsyter i å skape gode oppvekstsvilkår og gode lokalsamfunn.»
Noko av det første regjeringa gjorde, var å halde fram der den gamle slapp – med å finne fram koronasertifikatet og tillate segregering av samfunnet. Peike ut folkefiendar. Jakte på dei ureine og farlege.
Om eg har ei bøn, så er det at idretten reiser seg og står imot dette presset og denne oppdelinga. At inkludering ikkje er eit tomt ord, men rakrygga handling. At idrettsrørsla er like mykje mot apartheid no som det den var for 40 år sia.
Vi er alle menneske. Medmenneske. Med feil og fortrinn, gode sider og mindre gode sider. Nett det at ingen av oss er perfekte, er kjenneteikn på at vi er menneske, og ein grunn til ikkje å ekskludere.
Historia har vist oss kor farleg det er viss vi byrjar å sjå på ei gruppe som utskott. Det vi ser i Australia, Austerrike og mange andre land i desse dagar, burde få oss til skjønne at splitt og hersk ikkje er vegen å gå.
Vi må ikkje vera redde for kvarandre, men for å miste vår eigen humanitet.
Eg har sitert Ingemar Olsson, ein svensk gospelsongar eg vaks opp med, før i denne spalta. I dag måtte eg høyre på ein av songane hans på nytt:
Hoppet som bär mej
Vissa människor kan göra mycket
andra bara finns
Vissa lyckas i sitt eget tycke
Vem är störst och minst?
Kanske allting som sker av kärlek
har ett värde som varar
Medan allt annat ytligt märkvärdigt bleknar bort
Ingen mänska har levat förgäves
som av kärlek har gjort vad som krävdes
Det är hoppet som bär mej