Herlege Hytteplanmila
Fleire gonger har eg skrivi om sjarmen med dei små løpa. Der du slepp å stå i nervepirrande dokø eller risikere massevelt ut frå start. Som middelmådig løpar kan du på ein god dag til og med få med deg ei topp-tre-plassering i klassen.
Det gjer eg på ingen måte i Hytteplanmila. Sjølv gode løparar, som kan vinne ei rad med løp rundt omkring i fedrelandet, blir fyllmasse på Hole.
Ein kar eg kjenner gjorde sitt livs løp da han spurta inn til 32.59 i Hytteplanmila no i haust. All respekt for persen og den gode tida, men lønna han fekk i form av plassering var å bli nummer 141 av mennene. Pluss «deng» av tre kvinner. Vil du som god løpar sikre deg ei dårleg plassering – still opp i Hytteplanmila.
Smådystopisk
Sjølv var eg etter eit heller trøblut år godt nøgd med at eg klarte å springe ifrå 45-minutt-haren på dei siste kilometrane. Men eg trur eg aldri før har vorti slegen av så mange i noko løp. Å bli nummer 1984 gav meg ei smådystopisk kjensle, men med 1591 løparar bak meg var eg inne mellom dei 60 prosent beste, og det høyrest jo ikkje så ille ut.
Heller ikkje når det kjem til startkontingentutbytte kjem Hyttepanmila dårleg ut. Melder du deg på tidleg og er glad i kaffi og bollar, kan deltakinga fort gå i pluss. Allereie før start kan du fylle sekken med T-skjorte, sokkar og bøff, og bollane blir servert frå store korger frå du kjem til du fer.
Er du ein av dei som samlar på unike løpsmedaljar, er Hytteplanmila verdt både kontingenten og strevet opp den siste bakken. Løpet går føre seg i området der eventyrsamlar Jørgen Moe budde, og medaljen er ei lita eventyrbok. Når du opnar boka, kan du både lesa ein eventyrstubb og ta ut ein fin liten medaljong av kvitebjørn kong Valemon.
Langt ut på landet
Hytteplanmila er på mange måtar eit eventyr om Askeladden. Som takka vere mange gode hjelparar fann – ei fin løype som det går an å springe fort i sjølv om ho ikkje er heilt flat. Som klart å skapa ei ramme langt utpå landet og by på noko ekstra som gjer at stadig fleire vil vera med. Som gjer at iallfall eg kjenner meg rik når eg dreg derifrå.
Dermed ikkje sagt at ikkje andre løp er like fine på sine måtar. Det er fleire som heiar i Oslo-gatene enn på dei heller aude landevegane på Ringerike. Men eg høyrde både Ingrid Kristiansen halvvegs og ei som heia med namnet mitt da det røyna på som mest mot slutten.
Sjølv heiar eg på dei som lagar eit slikt løp. Hytteplanmila betyr mykje for både eliteløparar i alle aldrar, og vi som er å finne i den bakarste delen av feltet. Eg trur vi alle kjenner oss sett og verdsett – og er takknemlege for at vi får vera med på dette eventyret av eit løp.