Skip to main content
Perspektiv

Midt i gullalderen

Norske kvinner og menn som liker å drive med idrett sjølv eller elskar å følgje med på toppidrett, lever på mange vis midt i ein gullalder. Vi kan velje og vrake i løp, ritt og renn, og norske stjerner lyser opp himmelen i både sommar- og vinteridrettar.
Av Runar Gilberg
Gullgut: Med gull og sølv i to VM på rad og eit OL-gull i tillegg har Jakob Ingebrigtsen allereie som 22-åring skrivi seg inn i idrettshistoria. (Foto: Arne Dag Myking)

I august hadde eg glede av å vera til stades i Budapest og sjå Jakob Ingebrigtsen stadfeste posisjonen sin som verdas beste 5000 m-løpar. Hadde nokon for ti år sia sagt til meg at ein norsk løpar skulle klare noko sånt, hadde sjølv ein ikkje-gamblar som eg vurdert å bla opp pengar til veddemål.

Tidlegare på sommaren følgde eg med på U23-EM i friidrett der vesle Noreg vart femte beste nasjon med fire gull-, to sølv- og tre bronsemedaljar.

Medan Noreg alltid har vori ein stor vinter-idrettsnasjon, har vi òg vorti god i meir globale idrettar som friidrett, sykling og triatlon. Til og med i tennis har Christian Ruud slegi seg inn i verdstoppen.

Heller ikkje for oss som driv med mosjons-idrett, står det dårleg til. Terminlista flaumer over av både flate, raske løp og ultraløp så lange og krevjande at sjølv dei mest galne har eit tilbod. Da eg og to andre midt på 1990-talet prøvde å springe frå Bergen til Oslo (eg kom knapt nok til Voss) fanst det berre eit ultraløp i Noreg, og vi måtte laga vårt eige prosjekt. No er det heilt normalt at det går eit løp mellom dei to byane.

Midnatt i Paris

For ein del år tilbake såg eg Woody Allen-filmen «Midnight in Paris». I den romantiske komedien ønsker kunstnaren i hovudrolla at han levde i gullalderen for kunst- og kulturlivet i Paris eit par generasjonar tidlegare. Men når han via ei tidsreise kjem tilbake dit, oppdagar han at kunstnarane på den tida, tenkte på akkurat same viset. Dei meinte at den verkelege gullalderen var enda eit halvt århundre tidlegare.

Da både løpebølgja låg nede og den norske medaljefangsten i friidretts-EM/VM gjekk omtrent i null tidleg på 2000-talet, var det lett å drøyme seg tilbake til 1990-talet da gatene var fulle av folk som ville springe Sentrumsløpet, og Vebjørn Rodal, Hanne Haugland og Steinar Hoen sanka heider i OL,VM og EM.

Sjølv opplevde eg gullalderen på 90-talet, men eg minnest òg at eg høyrde frå dei som var eldre enn meg, at den verkelege glanstida var på 1970- og 80-talet. Det var da, medan Grete, Ingrid og Kvalheim-gutane leia an, at nivået var verkeleg høgt og mange sprang skikkeleg fort.

Idrettseventyret

Det er fort gjort å tru at gullet og glansen finst ein annan plass enn der ein sjølv er, men som løpeglad og idrettsinteressert så finn eg meg sjølv midt i idrettseventyret akkurat no. Lidenskapen har mange og store rom å utfalde seg i.

Og det gjeld å glede oss medan vi kan. Snipp, snapp og snute kan vera nærmare enn vi trur. Ikkje berre fordi det kan gå hundre år før ein ny Jakob Ingebrigtsen entrar scena, men òg fordi dei rammene vi fort tek for gitt, er skjøre. Det fekk vi ei påminning om for berre tre år sida da mykje av både mosjons- og toppidretten vart stengd ned.

Om vi ikkje passar på, kan fridomen til å utfalde oss fort bli røva frå oss på nytt.