UTMB – over heile verda
Eit døme på det er UTMB – eller Ultra-Trail du Mont Blanc som dei fire bokstavane står for. Som namnet indikerer, er det eit terrengløp i nærleiken av Mont Blanc. Start og mål er i Chamonix i Frankrike og løpet går rundt Mont Blanc-massivet gjennom både Italia og Sveits.
Dei seinare åra har det òg dukka opp UTMB-løp langt unna både Chamonix og Alpane. I skrivande stund har vi 31 UTMB-løp fordelt på alle verdsdelar. På dei siste fire sidene i førre nummeret av Kondis kunne du lesa om «Kullamannen by UTMB» som gjekk i Sverige sist haust.
Kvalifisering
Kva har så Kullamannen i Skåne med UTMB og Mont Blanc å gjera? Ca. det same som IRONMAN 70.3 Haugesund hadde med IRONMAN Hawaii å gjera. Både IRONMAN og UTMB har dei same kommersielle eigarane, og begge har bygd opp ein serie med konkurransar under sin eigen paraply.
Slik sett tilsvarar Ironman-VM på Hawaii UTMB-løpet i Chamonix, og utan å vera med på andre arrangement i serien, er det knapt mogleg å komma med i hovudløpet.
Tidlegare var det eit utal små og store terrengultraløp rundt om i verda som gav kvalifiseringspoeng til Ultra-Trail du Mont Blanc. Sjølv om ein god del slike løp framleis gir poeng, så må du ha «steinar» frå «by UTMB»-løpa for å kunne springe finaleløpet i Chamonix.
Og så lenge UTMB er det ultimate målet for så mange fjelløparar, vil òg resten av løpa i serien ha eit stort konkurransefortrinn. Profesjonaliseringa av UTMB-løpa gjer at dei blir magnetar for sponsorar, media, løparar og tilskodarar. Slik kan snøballen rulle og vekse år for år.
Nedsida
Er det så nokon som blir skadelidande? Er det ikkje berre positivt å ha ein slik serie som appellerer til så mange løparar?
Nedsida kan vera at løp som ikkje får eller vil vera med i UTBM-serien, hamnar i skuggen og vil slite med deltakinga. Dermed kan mangfaldet og tilbodet av løp bli mindre.
Med færre reelle kvalifiseringsløp må mange reise mykje lenger for å samle UTMB-steinar. Nordmenn må – enn så lenge – minst til Sverige. Di fleire steinar ein samlar, di større er sjansen for å vinne i startnummer-lotteriet. For eit UTMB som stadig skryt av miljøprofilen sin, kan eit slikt auka reisestimuli oppfattast som eit paradoks. Med meir og meir monopol kan startkontingenten òg fort bli skrudd i vêret.
UTMB kan i terrengultraverda bli like dominerande som det Ironman er i langdistansetriatlon. Førebels er vi ikkje heilt der, men sia dei har dei same eigarane og eit nært samarbeid, kan vi ana i kva for retning det går.
Særpreg
Misforstå meg ikkje. Eg har hatt stor glede av å springe Ultra-trail du Mont Blanc, og eg unner alle som ønsker det, å få vera med. Det er fantastisk fint løp i ein natur som tek pusten frå deg på meir enn ein måte.
Men likevel – eller kanskje nett difor – tenkjer eg at det ikkje er naudsynt å gjera om andre lokale løp til UTMB-løp. Skjergardsspringing i Skåne har sitt eige fine særpreg, og det er ikkje utenkjeleg at litt av det kan bli borte når løpet bind seg til UTMB-modellen.
Og motsett: Ei verkeleg Ultra-trail du Mont Blanc-oppleving blir det først når eg innimellom kan sjå opp på den kvite kuppelen.