Rette opp som best vi kan
Langt færre har vori med i løp i 2022 enn i 2019. Ca. 30 prosents nedgang fortel ein som har rekna på det. 32 prosent ned for Oslo Maraton, 49 prosent ned for Sentrumsløpet, 62 prosent ned for Nordmarka Skogsmaraton.
Så finst det unntak frå regelen. Drammensmaraton slo på stortromma i år og klarte å auke med 73 prosent.
Men den generelle trenden er nedgang. Kondis’ sin lokalredaktør for gamle Hedmark har ført nøyaktig statistikk for fylket og rapporterer om 39 prosents nedgang i deltakarar i løp, ritt og renn frå 2019 til 2022. Det har òg vori ein nedgang på 27 prosent i talet på arrangement. Størst er tilbakegangen for ritta og renna.
Tiltaka
Dei fleste som har sett på dette, forklarer den negative utviklinga med Covid19. Sjølv har eg aldri brukt det som forklaring. Arrangementa vart ikkje avlyst på grunn av Covid19, like lite som dei vinteren 2017 vart avlyst på grunn av influensa.
Arrangementa vart stansa på grunn av Covid-tiltaka. Løp, ritt og renn var avlyst fordi vi har ordna oss med politikarar og byråkratar som nekta folk å springe og gå på ski i lag, under påskott av at dei skulle ta vare på helsa vår. Alt av pandemiplanar vart brått sett til sides, og med eitt var det kriminelt å møtast til både trening og konkurransar. Sjølv utandørs der smittefaren var tilnærma null.
Langtidsverknader
Da leiaren for eit av dei større løpa i haust sendte meg ein e-post og spurte om korfor eg trudde at så mange løp ikkje klarte å nå deltakartala frå 2019, svara eg:
«Uten å ha foretatt noen opptelling er mitt inntrykk at de fleste løp sliter med å komme opp på den deltakelsen de hadde i 2019. Årsakene er helt sikkert sammensatte, men hovedgrunnen er nok at det nesten alltid går fortere å rive noe ned enn å bygge det opp. Nedstengningene og avlysningene som ble pålagt arrangørene, fikk ikke bare kortvarig negativ effekt mens de pågikk, de ser også ut til å ha fått negative langtidsvirkninger.
Noen kom ut av vanen med å delta i løp. Noen mista motivasjonen til å trene (like mye) når det ikke var noen løp å delta i. Noen ble nok mer skeptiske til å melde seg på løp når det i så lang tid var usikkert om løpa ville bli arrangert.»
Få og svake
Hadde idretten, løpa og treningsgruppene noko val? Kunne dei nekte å bli med på nedstengingsgaleien?
Ja og nei. Med det enorme presset som var frå både styresmakter og media, var det vanskeleg å stå imot – sjølv for dei av oss som var fullt klar over at langtidsverknadene for folkehelsa ville bli negative av å følgje pålegga frå Høie og co. Motstemmane var sørgjeleg få og svake.
No når vi har fått det heile litt meir på avstand, trur eg vi berre må lære mest mogleg av det som skjedde og ikkje late det skje igjen.
Å stengje ned idretten kan aldri bli noko godt helsetiltak. Om Erna blir attvald og fortel meg at eg i solidaritet med einkvan eller eitkvart ikkje må springe saman med andre, så vil eg nekte å høyre. Ho får ta vare på helsa si på sin måte, så skal eg gjera det på min.
Enn så lenge får vi reparere som best vi kan. For fridomen, idrettsgleda og framtida si skuld.