Skip to main content
Perspektiv

Et, spring og ver glad

Den svenske professoren i indremedisin ved Linköpings universitet, Fredrik Nyström, har skapt ein smule furore blant helseentusiastar med si nye bok «Radikalt Lagom». I ei tid der mange oppsøker ytterpunkta enten det handlar om kost eller trening, meiner Nyström at frelsa finst på den breie middelvegen.
Av Runar Gilberg
Alt med måte – med måte: Det er ikkje gitt at livet er best midt på vegen – utan overdrivingar i noka retning. (Foto: iStockphoto)

«Lagom» på svensk betyr omtrent det same som det norske ordet «passe». Ikkje for mykje, ikkje for lite. Ølet i staupet skulle halde til alle, så det gjaldt å forsyne seg «lagom» slik at det rekte laget om.

Og alkohol er noko av det Nyström tilrår – gjerne litt vin dagleg. Han slår òg eit slag for feit mat, medan ein med fordel kan avstå frå både langvarig og hard trening. Altså temmeleg mjuke råd som berre dei som synest middelvegen fort blir keisam, vil ha problem med å etterleva.

Brodden i boka (som eg ikkje har lesi, men berre lesi ein god del om) rettar seg mot dei som fòrar oss med meir strikte helseråd. Dei som meiner vi bør trene jamleg, som forkynner at springing er ein gratis og biverknadsfri medisin, eller som hevdar det er viktig å passe på vekta, minske alkoholinntaket og i staden sørge for at vi får i oss rikeleg med vitamin, fiber og frukt.

For mykje av det gode

Sjølv trur eg at svensken har eit poeng. At jaget etter det sunne kan bli usunt. At det kan bli for mykje av sjølv gode ting. At det kan vera betre stundom å få for lite av det nødvendige enn aldri å få noko av det unødvendige.

Og samstundes ville nok både eg og mange av Kondis-lesarane opplevd det som heller stressande om vi skulle følgd råda hans. Vi som ikkje trenar fordi vi må, men fordi vi likar det. Vi som held vekta, fordi vi synest det fungerer best slik – utan at det er for mykje som sleng. Vi som synest dagleg trim gir meir glede enn dagleg vin.

«Radikalt lagom är den självklara boken för dig som vill leva långt och lyckligt utan att träna, banta och stressa dig till döds», heiter det i reklamen for boka.

Om boka når dei som går rundt med dårleg samvett fordi dei ikkje klarer å følgje alle livsstilsråda som blir dryssa over dei, er det flott. Ein blir sjeldan glad – og neppe heller gammal – om ein stadig prøver på noko og opplever at ein kjem til kort. Legg om livsstilen viss du sjølv vil, tenkjer eg, og ikkje fordi nokon andre synest at du skal gjera det.

Ikkje-lagom-sida

Men på vegne av meg sjølv så vil eg ta med at det finst eit godt liv òg på den sida som professoren åtvarar mot, på ikkje-lagom-sia. Der eg går for langt på både ski- og vandreturar og kjem til kort i både øl- og vindrikkinga. Og eg held ikkje på slik fordi eg vil bli gammal, men fordi eg vil kjenne at eg lever medan eg er i live.

Middelvegen er den einaste som ikkje fører nokon stad, sa ein eg trena med i Kristiansand for fleire tiår sia. Vi skeia ut i lag med saftige intervalløkter og lange turar i ulendt terreng. Har ein først fått smaken på slikt, blir det fort noko som manglar om ein alltid skal passe måten.

«Et drikk og ver glad», står det i den gamle boka. Eg plussar gjerne på med eit «spring» – i lagom eller ikkje-lagom mengd. Ikkje minst no som våren kjem, sola skin og fuglane syng.

I glede over enda ein vår takkar eg ja når verda inviterer meg ut.