Det interessante livet
Eg veit ikkje korfor eg sa det, for orda kom utan at eg hadde tenkt meg om. Men i etterkant slo det meg at vi var inne på noko. Ikkje berre fordi dei fem eg sprang med var interessante og bra folk, men òg fordi dei som er interesserte – i livet og det det byd på – generelt er dei mest interessante å omgi seg med.
Det er noko eige med dei som vil vera med på tur – sjølv om det regnar og blæs, og hålka gir turen litt ekstra spenning. Det er noko eige med dei som er nysgjerrige langt ut i livet, som lurer på korleis ting heng i hop, som interesserer seg for verda og det som skjer i oss og rundt oss. Som ikkje har stivna til sjølv om verken steg eller tanke leverer like kjapt og dynamisk som i glansdagane.
Positiv energi
På det personlege planet merker vi lett kor stor skilnad det er på å møte folk som er interesserte og folk som ikkje er det. Vi kjenner fort om nokon bryr seg, om dei undrast, om dei lyttar, om dei har noko å dele. Det gjer godt å møte dei som har denne positive energien.
I idrettslivet er det interessant å følgje dei som vågar seg utafor den opptrampa løypa, som set seg nye mål, som prøver og feilar, og som reiser seg på nytt. Som ikkje er så redd for å dette at dei spring kontrollert på flat mølle dersom det er snev av snøfnugg i lufta ute.
Det er noko med å kjenne at vi lever – medan vi enno gjer det. Den dagen vi sluttar å interessere oss, kan vegen til å hamne mellom dei uinteressante bli kort.
Dermed ikkje sagt at vi skal klassifisere alle som kan verke uinteresserte som uinteressante. Det er mange måtar å bidra på, og ein stor innsats kan bli gjort utan at det blir overskrift i verken Kondis eller VG. Dei blyge er gjerne dei beste – til å lytte, til å bry seg, til å vera der når det trengst. Ikkje alle kan eller skal spele førstefiolin. I livsorkesteret er det god plass og eit instrument for alle.
Lunefullt
Tilbake til springturen – for dei spesielt interesserte, ein gråvêrsdag med lunefullt islag på grusen og sleipe steinar på stiane. Om eg ikkje hadde avtalt med dei fem andre, ville eg neppe fari ut. Eller eg hadde snudd etter få hundre meter da eg skjønte at forholda var meir krevjande enn eg hadde trudd. Kan hende hadde eg rett og slett hamna på mølla på Kringsjå Athletica – saman med andre av den ikkje spesielt interesserte sorten.
Helga før gråvêrsturen hadde eg hatt gleda av springe tre mil i strålande solskin langs kysten av Spania – med avsluttande bad i Middelhavet. Kontrasten til novemberturen i Nordmarka var stor, men kjensla var den same gode – av å vera eit menneske i rørsle, gjennom variert natur- og kulturlandskap på den kloden eg fekk lov å vitje ei tilmålt tid.
Og begge turane fekk eg dele med andre som ikkje takka nei fordi det var for kaldt eller for varmt, for langt eller for bratt, for blautt eller for glatt. Som rett og slett var så interesserte at det heile vart interessant.
Ei lita strekning i det lange løpet som heiter livet, ein to-tre timar to laurdagar på rad – takk for følget!