{"id":8525,"date":"2023-10-25T11:38:12","date_gmt":"2023-10-25T11:38:12","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=8525"},"modified":"2023-10-26T10:36:21","modified_gmt":"2023-10-26T10:36:21","slug":"veret-eller-ikkje-veret","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=8525","title":{"rendered":"V\u00earet eller ikkje v\u00earet"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Eg ser det p\u00e5 fellestreningane eg har ansvar for m\u00e5ndagar og torsdagar klokka 17: Regnar det, kan eg rekne med klart f\u00e6rre framm\u00f8tte enn normalen for \u00e5rstida. Ja, det held med ei d\u00e5rleg v\u00earmelding som viser seg ikkje \u00e5 sl\u00e5 til, f\u00f8r oppm\u00f8tet er omtrent halvert.<\/p>\n<p class=\"p2\">Og om eg sj\u00f8lv ikkje hadde hatt ansvaret for treninga, kunne eg fort vori ein av dei som sneik seg unna. P\u00e5 dagar utan fellestreningar ser eg v\u00earmeldinga an og nyttar h\u00f8vet mellom regnbyene om eg har sjanse til det. Eller eg ventar til skydekket lettar for \u00e5 f\u00e5 litt sol p\u00e5 kroppen medan eg spring.<\/p>\n<h3 class=\"p2\"><span class=\"s1\">Bl\u00e6s bort<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Sj\u00f8lv om p\u00e5meldingsprisen til l\u00f8p gjerne g\u00e5r opp siste veka f\u00f8r l\u00f8pet, er det mange som ventar med \u00e5 melde seg p\u00e5 til dei har sjekka v\u00earmeldinga. Det er jo ikkje like kjekt \u00e5 springe om det p\u00f8sar ned, eller vinden sl\u00e6r imot p\u00e5 den opne langsida. F\u00e5 bl\u00e6s i at sjansen til pers kan bl\u00e5se bort.<\/p>\n<p class=\"p2\">Eg refererte i eit Kondis-nummer for nokre \u00e5r sia til ein amerikansk studie som viste at det vart sprungi klart meir om sommaren enn om vinteren. Kraup temperaturen ned mot null og under det, gjekk aktiviteten kraftig ned. Det same skjedde p\u00e5 dei ordentleg varme dagane.<\/p>\n<p class=\"p2\">Det siste \u2013 varme \u2013 er bortimot det verste om ein skal springe fort. Over 2000 norske reiste i september til K\u00f8benhavn for \u00e5 f\u00e5 til gode tider i den flate halvmaratonl\u00f8ypa der same helga som Oslo Maraton gjekk her heim. Men ti grader ekstra i Danmark gjorde at tidstapet p\u00e5 grunn av varmen vart omtrent like stort som p\u00e5slaget p\u00e5 grunn av dei seige stigningane i den norske hovudstaden.<\/p>\n<p class=\"p2\">Og det er kanskje slik vi litt for ofte tenkjer. At bakkane er for t\u00f8ffe, at varmen er for uuthaldeleg, at det regnar s\u00e5 mykje, at det snart er s\u00e5 kaldt at eg heller tek 5 km p\u00e5 m\u00f8lla enn 15 ute.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Open himmel<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">For min eigen del er det berre \u00e5 vedg\u00e5 at eg var t\u00f8ffare f\u00f8r. Da eg gjekk p\u00e5 Valdres folkeh\u00f8gskule som ten\u00e5ring, tok eg mange skiturar i 20-30 kuldegrader. No pr\u00f8ver eg \u00e5 unng\u00e5 alt kaldare enn 10-15 minus.<\/p>\n<p class=\"p2\">Eg overnatta gjerne i sn\u00f8hole om vinteren og under open himmel om sommaren. No er det hytte eller hotell om turen er s\u00e5 lang at den krev overnatting. Sj\u00f8lv det sj\u00f8lvsydde teltet har legi ubrukt i boden i tre ti\u00e5r.<\/p>\n<p class=\"p2\">Kan hende er det p\u00e5 tide \u00e5 barske seg opp. Springe ute sj\u00f8lv om det regnar. Budsjettere med at det kan bli kaldt \u2013 eller varmt \u2013 men ta det som det kjem n\u00e5r det kjem.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Velv\u00e6re<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Eg trur det gjeld \u00e5 halde registeret oppe og ikkje bli mellom dei som synest det er for kaldt n\u00e5r det er under 14 grader og for varmt viss det bikkar over 18.<\/p>\n<p class=\"p2\">Visst har v\u00earet mykje \u00e5 seie for velv\u00e6ret. Sol p\u00e5 kroppen gjer godt. Ei regnskur f\u00e5r oss til \u00e5 kjenne at vi lever. Motvind og motbakkar h\u00f8yrer med.<\/p>\n<p class=\"p2\">Mange stader i fedrelandet har den f\u00f8rste frostnatta allereie kommi. Viss ikkje, er det berre \u00e5 springe ho i m\u00f8te og ha skiene klare til sn\u00f8en fell. Og allier deg gjerne med nokon andre som er s\u00e5 galne at dei fer ut uansett v\u00ear.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">L\u00f8ynde rom<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\"><i>Eg kjenner meg s\u00e5 glad og fri<br \/>\n<\/i><i>kan hende nett fordi<br \/>\n<\/i><i>eit vindpust fauk forbi<br \/>\n<\/i><i>og r\u00f8rte mildt ved nasa mi<br \/>\n<\/i><i>og minte om at kvar ei tid<br \/>\n<\/i><i>har l\u00f8ynde rom med kj\u00e6rleik i <\/i><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Du har sikkert b\u00e5de lesi og h\u00f8yrd det: \u00abDet finst ikkje d\u00e5rleg v\u00ear, berre skrale klede.\u00bb Eller: \u00abN\u00e5r vandringa blir t\u00f8ff, held t\u00f8ffingane fram.\u00bb Men jammen er det mange \u2013 meg sj\u00f8lv inkludert \u2013 som stadig snik seg unna regnet, varmen, kuldegradene og motvinden. <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":8526,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[115,109],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-8525","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-7-2023","category-109"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/8525","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=8525"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/8525\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":8944,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/8525\/revisions\/8944"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/8526"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=8525"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=8525"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=8525"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=8525"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}