{"id":7934,"date":"2023-09-12T10:41:03","date_gmt":"2023-09-12T10:41:03","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=7934"},"modified":"2023-09-12T10:44:55","modified_gmt":"2023-09-12T10:44:55","slug":"midt-i-gullalderen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=7934","title":{"rendered":"Midt i gullalderen"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">I august hadde eg glede av \u00e5 vera til stades i Budapest og sj\u00e5 Jakob Ingebrigtsen stadfeste posisjonen sin som verdas beste 5000 m-l\u00f8par. Hadde nokon for ti \u00e5r sia sagt til meg at ein norsk l\u00f8par skulle klare noko s\u00e5nt, hadde sj\u00f8lv ein ikkje-gamblar som eg vurdert \u00e5 bla opp pengar til veddem\u00e5l.<\/p>\n<p class=\"p2\">Tidlegare p\u00e5 sommaren f\u00f8lgde eg med p\u00e5 U23-EM i friidrett der vesle Noreg vart femte beste nasjon med fire gull-, to s\u00f8lv- og tre bronsemedaljar.<\/p>\n<p class=\"p2\">Medan Noreg alltid har vori ein stor vinter-idrettsnasjon, har vi \u00f2g vorti god i meir globale idrettar som friidrett, sykling og triatlon. Til og med i tennis har Christian Ruud slegi seg inn i verdstoppen.<\/p>\n<p class=\"p2\">Heller ikkje for oss som driv med mosjons-idrett, st\u00e5r det d\u00e5rleg til. Terminlista flaumer over av b\u00e5de flate, raske l\u00f8p og ultral\u00f8p s\u00e5 lange og krevjande at sj\u00f8lv dei mest galne har eit tilbod. Da eg og to andre midt p\u00e5 1990-talet pr\u00f8vde \u00e5 springe fr\u00e5 Bergen til Oslo (eg kom knapt nok til Voss) fanst det berre eit ultral\u00f8p i Noreg, og vi m\u00e5tte laga v\u00e5rt eige prosjekt. No er det heilt normalt at det g\u00e5r eit l\u00f8p mellom dei to byane.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Midnatt i Paris<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">For ein del \u00e5r tilbake s\u00e5g eg Woody Allen-filmen \u00abMidnight in Paris\u00bb. I den romantiske komedien \u00f8nsker kunstnaren i hovudrolla at han levde i gullalderen for kunst- og kulturlivet i Paris eit par generasjonar tidlegare. Men n\u00e5r han via ei tidsreise kjem tilbake dit, oppdagar han at kunstnarane p\u00e5 den tida, tenkte p\u00e5 akkurat same viset. Dei meinte at den verkelege gullalderen var enda eit halvt \u00e5rhundre tidlegare.<\/p>\n<p class=\"p2\">Da b\u00e5de l\u00f8peb\u00f8lgja l\u00e5g nede og den norske medaljefangsten i friidretts-EM\/VM gjekk omtrent i null tidleg p\u00e5 2000-talet, var det lett \u00e5 dr\u00f8yme seg tilbake til 1990-talet da gatene var fulle av folk som ville springe Sentrumsl\u00f8pet, og Vebj\u00f8rn Rodal, Hanne Haugland og Steinar Hoen sanka heider i OL,VM og EM.<\/p>\n<p class=\"p2\">Sj\u00f8lv opplevde eg gullalderen p\u00e5 90-talet, men eg minnest \u00f2g at eg h\u00f8yrde fr\u00e5 dei som var eldre enn meg, at den verkelege glanstida var p\u00e5 1970- og 80-talet. Det var da, medan Grete, Ingrid og Kvalheim-gutane leia an, at niv\u00e5et var verkeleg h\u00f8gt og mange sprang skikkeleg fort.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Idrettseventyret<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Det er fort gjort \u00e5 tru at gullet og glansen finst ein annan plass enn der ein sj\u00f8lv er, men som l\u00f8peglad og idrettsinteressert s\u00e5 finn eg meg sj\u00f8lv midt i idrettseventyret akkurat no. Lidenskapen har mange og store rom \u00e5 utfalde seg i.<\/p>\n<p class=\"p2\">Og det gjeld \u00e5 glede oss medan vi kan. Snipp, snapp og snute kan vera n\u00e6rmare enn vi trur. Ikkje berre fordi det kan g\u00e5 hundre \u00e5r f\u00f8r ein ny Jakob Ingebrigtsen entrar scena, men \u00f2g fordi dei rammene vi fort tek for gitt, er skj\u00f8re. Det fekk vi ei p\u00e5minning om for berre tre \u00e5r sida da mykje av b\u00e5de mosjons- og toppidretten vart stengd ned.<\/p>\n<p class=\"p2\">Om vi ikkje passar p\u00e5, kan fridomen til \u00e5 utfalde oss fort bli r\u00f8va fr\u00e5 oss p\u00e5 nytt.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Norske kvinner og menn som liker \u00e5 drive med idrett sj\u00f8lv eller elskar \u00e5 f\u00f8lgje med p\u00e5 toppidrett, lever p\u00e5 mange vis midt i ein gullalder. Vi kan velje og vrake i l\u00f8p, ritt og renn, og norske stjerner<br \/>\nlyser opp himmelen i b\u00e5de sommar- og vinteridrettar.   <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":7935,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[114,109],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-7934","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-6-2023","category-109"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/7934","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=7934"}],"version-history":[{"count":5,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/7934\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":7941,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/7934\/revisions\/7941"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/7935"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=7934"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=7934"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=7934"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=7934"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}