{"id":7497,"date":"2023-06-21T21:36:41","date_gmt":"2023-06-21T21:36:41","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=7497"},"modified":"2023-06-21T21:38:02","modified_gmt":"2023-06-21T21:38:02","slug":"a-finne-farten-med-eller-utan-hjelp","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=7497","title":{"rendered":"\u00c5 finne farten \u2013 med eller utan hjelp\u00a0"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Seinast gjorde eg det i den sm\u00e5tt idylliske Schjongs5er\u2019n i H\u00f8nefoss. L\u00f8pet er ein kontrollm\u00e5lt 5 kilometer der ca. halvparten av l\u00f8ypa g\u00e5r p\u00e5 fine stiar langs elva og resten g\u00e5r gatelangs i utkanten av byen.<\/p>\n<p class=\"p2\">Etter at eg fekk konstatert hjarteflimmer\/-flutter i fjor sommar med p\u00e5f\u00f8lgjande innlegging av pacemaker, har eg etter r\u00e5d fr\u00e5 l\u00e6kjaren trena omtrent berre roleg \u2013 i sone 1 og 2. St\u00e5tt over intervallane p\u00e5 fellestreningane og labba opp \u2013 eller unng\u00e5tt \u2013 bakkane p\u00e5 skiturane.<\/p>\n<p class=\"p2\">Sia eg ikkje har hatt langvarige flimmertilfelle sia november, har eg i v\u00e5r lausna litt p\u00e5 restriksjonane og sprungi nokre f\u00e5 og lette intervall\u00f8kter. Eg var \u00f2g med p\u00e5 5 kilometeren i Fredrikstadl\u00f8pet og 10 kilometeren i Drammen10k, men utan \u00e5 ta det som konkurranse. Eg starta veldig pent, auka noko p\u00e5 siste halvdel, men gjekk aldri i kjellaren.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">To m\u00e5l<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">F\u00f8r start p\u00e5 Schjongs5er\u2019n hadde eg laga meg det same m\u00e5let om \u00e5 springe kontrollert. Samstundes hadde eg sett p\u00e5 heimesida til l\u00f8pet at arrang\u00f8ren ville stille med fartshaldarar til ulike tider. Eg liker \u00e5 springe i gruppe og gjerne i rygg p\u00e5 nokon, og f\u00f8r eg visste ordet av det, hadde eg laga meg to m\u00e5l for l\u00f8pet:<\/p>\n<p class=\"p5\">\u00c5 springe kontrollert og med god margin som i Fredrikstad og Drammen<\/p>\n<p class=\"p5\">\u00c5 hengje p\u00e5 fartshaldaren til 22.30<\/p>\n<p class=\"p2\">Sia eg hadde sprungi siste 5 km i Drammen p\u00e5 22.48 \u2013 rett nok i medvind og netto unnabakke \u2013 tenkte eg at 22.30 kunne vera realistisk.<\/p>\n<p class=\"p2\">Og i halvannan kilometer kjentest det kontrollert og fint ut \u00e5 liggja i ryggen p\u00e5 fartshaldaren. Det flaut ganske s\u00e5 bra p\u00e5 stien gjennom skogen. Men f\u00f8r vi passerte 2 km-merket som stod midt i ein slak motbakke, skj\u00f8nte eg at eg hadde laga meg to motstridande m\u00e5l. Eg kunne ikkje b\u00e5de springe kontrollert og samstundes hengje p\u00e5 haren og n\u00e5 den tida eg vona p\u00e5.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Kompromiss<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">I staden for heilhjarta \u00e5 velje eitt av m\u00e5la, landa eg p\u00e5 eit kompromiss. Eg slapp 22.30-feltet opp siste del av bakken og inn i den vesle parken. Men ikkje med meir enn at eg i den p\u00e5f\u00f8lgjande slake unnabakken vart freista til \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 rulle inn mannen med den gulgr\u00f8nne fartshaldarvesten.<\/p>\n<p class=\"p2\">Eg kom \u00e0 jour ved 3 km-skiltet \u2013 med det til f\u00f8lgje at eg var s\u00e5 sliten at eg m\u00e5tte sleppe p\u00e5 nytt.<\/p>\n<p class=\"p2\">Med halvannan kilometer att passerer l\u00f8ypa berre hundre meter unna m\u00e5lomr\u00e5det, og lysta til \u00e5 gi seg heldt p\u00e5 \u00e5 overmanne meg. Det var b\u00e5de f\u00e6lt og uvant \u00e5 presse seg p\u00e5 ein m\u00e5te eg ikkje hadde gjort p\u00e5 over \u00e5tte m\u00e5nader. Da begge m\u00e5la attp\u00e5til s\u00e5g ut til \u00e5 gleppe, vart den negative indre dialogen forsterka.<\/p>\n<p class=\"p2\">Heldigvis klarte eg \u00e5 minne meg p\u00e5 at eg var heldig som kunne vera med, og at dei siste 1200 metrane gjekk p\u00e5 den fine skogsstien langs elva. P\u00e5 eitkvart vis makta eg \u00e5 halde motet oppe. Fartshaldaren roa litt ned, snudde seg mot oss som l\u00e5g eit stykke bak og ropte at vi l\u00e5g godt an. Sj\u00f8lv om eg ikkje var i n\u00e6rleiken av \u00e5 f\u00e5 til nokon spurt, s\u00e5 stansa klokka p\u00e5 22.29.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Min eigen rytme<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Eg hadde klart det eine m\u00e5let, men var forferdeleg langt unna det andre. Det var eit av dei mest ukontrollerte l\u00f8pa eg nokon gong har sprungi.<\/p>\n<p class=\"p2\">Heldigvis viste pacemakerkontrollen tre dagar seinare at eg ikkje hadde f\u00e5tt noko flimmertilfelle under det harde l\u00f8pet, og godt nytt var det \u00f2g at eg knapt nok hadde hatt tilfelle sia f\u00f8rre kontrollen i november.<\/p>\n<p class=\"p2\">Om det betyr at eg igjen skal byrje \u00e5 springe i sone 3, 4 og 5, veit eg ikkje. P\u00e5 ein m\u00e5te var det kjekkare i Drammen der eg heile tida hadde litt \u00e5 g\u00e5 p\u00e5. Der eg f\u00f8lgde min eigen rytme og ikkje brydde meg om kor fort verken harar eller andre l\u00f8parar sprang.<\/p>\n<p class=\"p2\">Samstundes var det artig igjen \u00e5 setje seg eit tidsm\u00e5l \u2013 og gjera eit heilhjarta fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 n\u00e5 det. Ikkje minst sia naudskriket gjorde at det gjekk.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Kvar v\u00e5r historie<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Men eg trur eg skal slutte \u00e5 setje meg m\u00e5l som s\u00e5 lett kan komma i konflikt med kvarandre. Skal eg springje lett, s\u00e5 skal det f\u00e5 vera lett. Og skal eg sj\u00e5 kva eg kan f\u00e5 til, s\u00e5 har det ikkje noko for seg \u00e5 tru at det ikkje vil koste.<\/p>\n<p class=\"p2\">Fartshaldarar kan uansett vera fint. Ein ytre som kan inspirere oss n\u00e5r vi trur kreftene er borte. Og aller mest ein indre, som kan styre oss dit vi vil i den farten som er v\u00e5r. Den som er bra nok \u2013 sj\u00f8lv om dei vi ein gong kniva med, forlengst har forsvunni langt der framme.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0 \u00a0<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">P\u00e5 den andre sia av streken m\u00f8tes vi igjen \u2013 med kvar v\u00e5r historie \u00e5 fortelje.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Googlar eg ordkombinasjonen \u00abpacemaker\u00bb og \u00abrunning\u00bb, f\u00e5r eg to hovudkategoriar av svar. Den eine handlar om springing med hjelp av harar og den andre om \u00e5 springe med innoperert pacemaker. Eg har pr\u00f8vd begge deler. <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":7500,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[113,109],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-7497","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-05-2023","category-109"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/7497","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=7497"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/7497\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":7501,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/7497\/revisions\/7501"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/7500"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=7497"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=7497"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=7497"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=7497"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}