{"id":7042,"date":"2023-05-08T10:40:43","date_gmt":"2023-05-08T10:40:43","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=7042"},"modified":"2023-05-09T21:32:14","modified_gmt":"2023-05-09T21:32:14","slug":"48-sekund-i-stor-fart-eller-48-timar-i-sakte-fart","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=7042","title":{"rendered":"48 sekund i stor fart\u00a0eller 48 timar i sakte fart?"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Da Camille Herron siste helga i mars sette verdsrekord p\u00e5 48-timarsl\u00f8p med 435,336 kilometer gjort unna rundt og rundt p\u00e5 ein bl\u00e5 tartanbane i Canberra i Australia, vart ho forst\u00e5eleg nok hylla. 41-\u00e5ringen fr\u00e5 USA hadde forbetra den gamle rekorden med mest 24 kilometer, og berre to menn hadde nokon gong sprungi lenger p\u00e5 to d\u00f8gn.<\/p>\n<h3 class=\"p3\"><span class=\"s1\">Kritiske r\u00f8yster<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Men i hyllesttr\u00e5den p\u00e5 letsrun.com blanda det seg \u00f2g inn kritiske r\u00f8yster. Om kor sakte Camille hadde sprungi \u2013 6.36 per km i snitt \u2013 og at grunnen til at ho heldt p\u00e5 med ultra, var at ho ikkje var i stand til \u00e5 springe fort. Ein skreiv:<\/p>\n<p class=\"p4\">\u00abCamille har ein maratonpers som er 23 minutt seinare enn verdsrekorden for kvinner. Ho er ikkje ein elitel\u00f8par. Punktum.\u00bb<\/p>\n<p class=\"p4\">Kritikaren fekk f\u00f8lgjande svar:<\/p>\n<p class=\"p4\">\u00abSamanlikninga di tilsvarar \u00e5 sutre om at Letesenbet Gidey sin pers p\u00e5 100 meter sannsynlegvis er 2 sekund seinare enn verdsrekorden til Flo-Jo.\u00bb<\/p>\n<p class=\"p4\">Akkurat som det er skilnad p\u00e5 \u00e5 springe 10&nbsp;000 m og 100 m, er det skilnad p\u00e5 \u00e5 springe 48-timarsl\u00f8p og maraton. Sj\u00f8lv om begge deler handlar om \u00e5 springe, s\u00e5 er det ikkje nett dei same eigenskapane som trengs, verken fysisk eller mentalt.<\/p>\n<p class=\"p4\">Nemnde Flo-Jo uttala at ho ville springe maraton etter at ho la opp som sprintar, men etter \u00e5 ha klart ein 5 km p\u00e5 17 minutt, gav ho opp det prosjektet. Kan hende ville Letesenbet Gidey med verdsrekord p\u00e5 5000 m, 10&nbsp;000 m og halvmaraton opplevd noko liknande om ho skulle pr\u00f8vd seg p\u00e5 48-timarsl\u00f8p: at det er eitt \u00e5 springe 25 rundar med snitt p\u00e5 70 sekund og noko heilt anna \u00e5 springe 1088 rundar med snitt p\u00e5 159 sekund.<\/p>\n<h3 class=\"p3\"><span class=\"s1\">Veldig vanskeleg<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">I 1985 sprang Marita Koch ein runde rundt fri-idrettsbanen p\u00e5 47,60 sekund. Hundretusenvis av kvinner har pr\u00f8vd \u00e5 springe fortare, men ingen har s\u00e5 langt klart det. Ein av grunnane er at Marita Koch sprang for Aust-Tyskland og var innlemma i eit avansert dopingregime. B\u00e5de med og \u2013 i enda st\u00f8rre grad \u2013 utan ulovleg hjelp er det veldig vanskeleg \u00e5 springe ein runde p\u00e5 mindre enn 48 sekund.<\/p>\n<p class=\"p4\">Er det lettare for ei kvinne \u00e5 springe 1088,34 rundar under 48 timar? Eg vil tru det sia langt f\u00e6rre godt trena og talentfulle kvinner har pr\u00f8vd. Dermed har ikkje rekorden vorti like hardt pressa.<\/p>\n<p class=\"p4\">Men det er \u00f2g ein grunn til at ikkje s\u00e5 mange har pr\u00f8vd 48-timarsl\u00f8p \u2013 nemleg at det \u00e5 springe s\u00e5 langt er ei vanskeleg oppg\u00e5ve \u00e5 gi seg i kast med. Sj\u00f8lv om 6.36 p\u00e5 kilometeren er joggefart for sv\u00e6rt mange, s\u00e5 er det ikkje berre berre \u00e5 halde den farten 1088 rundar p\u00e5 rad. Og for kvar liten mat- eller dostans \u2013 eller h\u00f8neblund \u2013 du tek, m\u00e5 du halde ein tilsvarande h\u00f8gre snittfart den tida du spring.<\/p>\n<h3 class=\"p3\"><span class=\"s1\">Stortalent for distansen<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Flo-Jo og Marita Koch var stortalent for sine distansar \u2013 sikkert \u00f2g om ein ser bort fr\u00e5 dopingmistanken \u2013 akkurat som Letensebet Gidey er ein einar fr\u00e5 5000 m til halvmaraton. Ho er heilt klart noko meir og anna enn ein mislukka sprintar eller mellomdistansel\u00f8par.<\/p>\n<p class=\"p4\">Om like mange pr\u00f8vde 48-timarsl\u00f8p som 400 m, s\u00e5 er det p\u00e5 ingen m\u00e5te gitt at Camille Herron ville vori best i verda. Men eg trur ho ville klart seg bra \u2013 p\u00e5 same vis som at Sebastian Conrad H\u00e5kansson sannsynlegvis ville legi langt oppe p\u00e5 den norske 100 km-lista sj\u00f8l om dei beste norske maratonl\u00f8parane gjekk opp i distanse.<\/p>\n<p class=\"p4\">Somme har eit stoff og ein t\u00e6l i seg som ikkje alle har, og som det trengst mykje av n\u00e5r rundane og kilometrane blir retteleg mange.<\/p>\n<p class=\"p4\">Og det er uansett ingen grunn til \u00e5 snakke ned dei som gjer det andre seier at dei lett kunne ha gjort \u2013 utan nokon gong \u00e5 gjera det.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kva er den st\u00f8rste idrettsprestasjonen for ei kvinne \u2013 \u00e5 springe ein runde rundt ein friidrettsbane p\u00e5 48 sekund eller \u00e5 springe 1088 rundar rundt den same banen p\u00e5 48 timar? <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":7043,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[112,109],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-7042","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-03-2023","category-109"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/7042","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=7042"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/7042\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":7199,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/7042\/revisions\/7199"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/7043"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=7042"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=7042"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=7042"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=7042"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}