{"id":6598,"date":"2023-03-22T11:56:53","date_gmt":"2023-03-22T11:56:53","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=6598"},"modified":"2023-03-22T11:56:53","modified_gmt":"2023-03-22T11:56:53","slug":"berre-fordi-det-gjer-meg-glad","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=6598","title":{"rendered":"Berre fordi det gjer meg glad"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Nyleg feira eg gebursdag og fekk i forkant fleire tilbod fr\u00e5 Facebook om \u00e5 samle inn pengar til gode f\u00f8rem\u00e5l i h\u00f8ve dagen. Eg m\u00e5 vedg\u00e5 at eg ignorerte.<\/p>\n<p class=\"p2\">Om eg skal melde meg p\u00e5 l\u00f8p eller ta fly til eit l\u00f8p, blir eg ofte spurt om eg vil betale litt ekstra som ei g\u00e5ve til ein eller annan velmeinande organisasjon.<\/p>\n<p class=\"p2\">Ein del l\u00f8psarrang\u00f8rar informerer deltakarane at dei gir bort heile eller deler av overskottet til Redd Barna eller Kirkens N\u00f8dhjelp.<\/p>\n<p class=\"p2\">Eit par av \u00e5ra eg var med og arrangerte Rallarvegsl\u00f8pet, hadde vi ein st\u00f8rre uttrekkspremie der den som vann premien, kunne velje ut ein veldedig organisasjon som pengebel\u00f8pet skulle g\u00e5 til. Eg minnes at ein vinnar donerte dei 10\u00a0000 kronene til Dyrebeskyttelsen.<\/p>\n<p class=\"p4\"><span class=\"s1\">Lotto i London Marathon<\/span><\/p>\n<p class=\"p1\">Meir ekstremt er det om du vil melde deg p\u00e5 eit storl\u00f8p som London Marathon. Om du ikkje kvalifiserer deg p\u00e5 tid, kj\u00f8per pakke med ein turoperat\u00f8r eller er heldig \u00e5 vinne i startnummerlotteriet (der vinnarsjansen er ca. like liten som i Lotto), m\u00e5 du kj\u00f8pe startnummer via ein veldedig organisasjon. Det kostar gjerne b\u00e5de 10 og 20 gonger meir enn prisen p\u00e5 sj\u00f8lve startkontingenten. Spring og samle inn pengar \u2013 elles f\u00e5r du ikkje vera med.<\/p>\n<p class=\"p2\">Kan hende var det med dette som bakgrunn at eg kjente at eg var glad da eg i g\u00e5r las om Candice Burt som i over 100 dagar har sprungi minst 50 km dagleg. I eit intervju med Outdoors fortalde ho at ho ikkje spring for \u00e5 samle inn pengar eller for \u00e5 skapa merksemd om ei sak. Ho gjer det fordi ho likar det:<\/p>\n<p class=\"p2\">\u00abEin ting eg oppdaga ganske tidleg var kor lite eg trengte for \u00e5 vera lukkeleg. Eg skj\u00f8nte at det heilt enkle ved \u00e5 gjera noko som eg elskar gjennom dagen ute i naturen, er ekstremt tilfredsstillande\u00bb, fortalde 41-\u00e5ringen som bur og spring i Boulder Colorado i alt slags v\u00ear.<\/p>\n<p class=\"p4\"><span class=\"s1\">Unng\u00e5 \u00e5 mikse<\/span><\/p>\n<p class=\"p1\">Sj\u00f8lvsagt er det ikkje noko gali i \u00e5 springe Lindesnes \u2013 Nordkapp og samle inn pengar til det lokale R\u00f8de Kors-laget. Sj\u00f8lv har eg fleire gonger st\u00f8tta Varmestuens Venner i Stavanger med \u00e5 springe Julel\u00f8pet Stokkavannet p\u00e5 julaftan.<\/p>\n<p class=\"p2\">Men det m\u00e5 vera heilt ok b\u00e5de \u00e5 springe og arrangere utan samstundes \u00e5 sende pengar til ideelle organisasjonar. Om ein vil gi, s\u00e5 er det fullt mogleg \u00e5 f\u00e5 gjort det utan \u00e5 melde seg p\u00e5 eit l\u00f8p. Og om ein unng\u00e5r \u00e5 mikse dei to, s\u00e5 kan ein \u00f2g f\u00e5 gitt til dei som ein har mest lyst til \u00e5 st\u00f8tte. Det som er ein god organisasjon \u00e5 bruke pengar p\u00e5 for P\u00e5l, treng ikkje \u00e5 vera det for Pauline.<\/p>\n<p class=\"p2\">Og ikkje minst: Har du lyst til \u00e5 bruke ferien p\u00e5 \u00e5 springe Norge p\u00e5 langs eller Skottland p\u00e5 tvers, s\u00e5 er ikkje det noko mindreverdig prosjekt sj\u00f8lv om du ikkje samlar inn pengar til Landsforeningen for P\u00e5r\u00f8rende innen Psykisk helse. \u00c5 gjera det som gjer deg sj\u00f8lv glad, er ikkje nokon egotripp som m\u00e5 gjerast meir etande ved \u00e5 hengje ein eller annan logo p\u00e5 sekken.<\/p>\n<p class=\"p2\">Trass i det eg sa om donasjonen til Varmestuens Venner, s\u00e5 er eg gjerne prega av dei Bibel-versa eg ein gong l\u00e6rte i heimen og p\u00e5 sundagsskolen: <i>\u00abN\u00e5r du gjev ei g\u00e5ve til dei fattige, s\u00e5 bl\u00e5s ikkje i basun for deg sj\u00f8lv, slik som hyklarane gjer i synagogane og p\u00e5 gatene for at folk skal rosa dei.\u00bb<\/i><\/p>\n<p class=\"p4\"><span class=\"s1\">Krone for kvar meter<\/span><\/p>\n<p class=\"p1\">Det er fint \u00e5 springe, og det er fint \u00e5 gi til dei som treng. Vil du gjera begge deler samstundes, s\u00e5 gjer for all del det.<\/p>\n<p class=\"p2\">Men sj\u00f8lv vil eg kjenne p\u00e5 minst mogleg press. N\u00e5r eg melder meg p\u00e5 Nordmarkstraver\u2019n, s\u00e5 er det veldig ok at pengane g\u00e5r til arrang\u00f8rane i Koll IL og ikkje til Naturvernforbundet.<\/p>\n<p class=\"p2\">Nett no skin sola fr\u00e5 kl\u00e5r himmel, og eg skal springe meg ein tur rundt det is- og sn\u00f8dekte vatnet i nabolaget. Vil nokon st\u00f8tte Meteorologisk Institutt, som har varsla meg om godv\u00earet, med 1 krone for kvar av dei 3258 metrane eg spring, skal de f\u00e5 lov til det.<\/p>\n<p class=\"p2\">Men det g\u00e5r minst like bra om du ikkje gjer det.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det er fint \u00e5 hjelp andre, men samstundes er det noko frigjerande med folk som spring landet p\u00e5 langs eller k\u00f8yrer ein ultrastrike berre fordi dei likar det. Fordi det gjer dei glad. <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":6599,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[111,109],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-6598","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-2-2023","category-109"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/6598","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=6598"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/6598\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":6601,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/6598\/revisions\/6601"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/6599"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=6598"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=6598"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=6598"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=6598"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}