{"id":6204,"date":"2023-01-31T13:40:09","date_gmt":"2023-01-31T13:40:09","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=6204"},"modified":"2023-01-31T13:45:51","modified_gmt":"2023-01-31T13:45:51","slug":"utmb-over-heile-verda","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=6204","title":{"rendered":"UTMB \u2013 over heile verda\u00a0"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Eit d\u00f8me p\u00e5 det er UTMB \u2013 eller Ultra-Trail du Mont Blanc som dei fire bokstavane st\u00e5r for. Som namnet indikerer, er det eit terrengl\u00f8p i n\u00e6rleiken av Mont Blanc. Start og m\u00e5l er i Chamonix i Frankrike og l\u00f8pet g\u00e5r rundt Mont Blanc-massivet gjennom b\u00e5de Italia og Sveits.<\/p>\n<p class=\"p2\">Dei seinare \u00e5ra har det \u00f2g dukka opp UTMB-l\u00f8p langt unna b\u00e5de Chamonix og Alpane. I skrivande stund har vi 31 UTMB-l\u00f8p fordelt p\u00e5 alle verdsdelar. P\u00e5 dei siste fire sidene i f\u00f8rre nummeret av Kondis kunne du lesa om \u00abKullamannen by UTMB\u00bb som gjekk i Sverige sist haust.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Kvalifisering<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Kva har s\u00e5 Kullamannen i Sk\u00e5ne med UTMB og Mont Blanc \u00e5 gjera? Ca. det same som IRONMAN 70.3 Haugesund hadde med IRONMAN Hawaii \u00e5 gjera. B\u00e5de IRONMAN og UTMB har dei same kommersielle eigarane, og begge har bygd opp ein serie med konkurransar under sin eigen paraply.<\/p>\n<p class=\"p2\">Slik sett tilsvarar Ironman-VM p\u00e5 Hawaii UTMB-l\u00f8pet i Chamonix, og utan \u00e5 vera med p\u00e5 andre arrangement i serien, er det knapt mogleg \u00e5 komma med i hovudl\u00f8pet.<\/p>\n<p class=\"p2\">Tidlegare var det eit utal sm\u00e5 og store terrengultral\u00f8p rundt om i verda som gav kvalifiseringspoeng til Ultra-Trail du Mont Blanc. Sj\u00f8lv om ein god del slike l\u00f8p framleis gir poeng, s\u00e5 m\u00e5 du ha \u00absteinar\u00bb fr\u00e5 \u00abby UTMB\u00bb-l\u00f8pa for \u00e5 kunne springe finalel\u00f8pet i Chamonix.<\/p>\n<p class=\"p2\">Og s\u00e5 lenge UTMB er det ultimate m\u00e5let for s\u00e5 mange fjell\u00f8parar, vil \u00f2g resten av l\u00f8pa i serien ha eit stort konkurransefortrinn. Profesjonaliseringa av UTMB-l\u00f8pa gjer at dei blir magnetar for sponsorar, media, l\u00f8parar og tilskodarar. Slik kan sn\u00f8ballen rulle og vekse \u00e5r for \u00e5r.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Nedsida<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Er det s\u00e5 nokon som blir skadelidande? Er det ikkje berre positivt \u00e5 ha ein slik serie som appellerer til s\u00e5 mange l\u00f8parar?<\/p>\n<p class=\"p2\">Nedsida kan vera at l\u00f8p som ikkje f\u00e5r eller vil vera med i UTBM-serien, hamnar i skuggen og vil slite med deltakinga. Dermed kan mangfaldet og tilbodet av l\u00f8p bli mindre.<\/p>\n<p class=\"p2\">Med f\u00e6rre reelle kvalifiseringsl\u00f8p m\u00e5 mange reise mykje lenger for \u00e5 samle UTMB-steinar. Nordmenn m\u00e5 \u2013 enn s\u00e5 lenge \u2013 minst til Sverige. Di fleire steinar ein samlar, di st\u00f8rre er sjansen for \u00e5 vinne i startnummer-lotteriet. For eit UTMB som stadig skryt av milj\u00f8profilen sin, kan eit slikt auka reisestimuli oppfattast som eit paradoks. Med meir og meir monopol kan startkontingenten \u00f2g fort bli skrudd i v\u00earet.<\/p>\n<p class=\"p2\">UTMB kan i terrengultraverda bli like dominerande som det Ironman er i langdistansetriatlon. F\u00f8rebels er vi ikkje heilt der, men sia dei har dei same eigarane og eit n\u00e6rt samarbeid, kan vi ana i kva for retning det g\u00e5r.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">S\u00e6rpreg<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Misforst\u00e5 meg ikkje. Eg har hatt stor glede av \u00e5 springe Ultra-trail du Mont Blanc, og eg unner alle som \u00f8nsker det, \u00e5 f\u00e5 vera med. Det er fantastisk fint l\u00f8p i ein natur som tek pusten fr\u00e5 deg p\u00e5 meir enn ein m\u00e5te.<\/p>\n<p class=\"p2\">Men likevel \u2013 eller kanskje nett difor \u2013 tenkjer eg at det ikkje er naudsynt \u00e5 gjera om andre lokale l\u00f8p til UTMB-l\u00f8p. Skjergardsspringing i Sk\u00e5ne har sitt eige fine s\u00e6rpreg, og det er ikkje utenkjeleg at litt av det kan bli borte n\u00e5r l\u00f8pet bind seg til UTMB-modellen.<\/p>\n<p class=\"p2\">Og motsett: Ei verkeleg Ultra-trail du Mont Blanc-oppleving blir det f\u00f8rst n\u00e5r eg innimellom kan sj\u00e5 opp p\u00e5 den kvite kuppelen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Vi ser det i b\u00e5de forretningslivet og idretten: Dei store blir stadig st\u00f8rre \u2013 b\u00e5de fordi dei kan kj\u00f8pe opp dei sm\u00e5, og fordi dei har ressursar til \u00e5 konkurrere dei ut p\u00e5 anna vis. <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":6207,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[110,109],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-6204","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-1-2023","category-109"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/6204","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=6204"}],"version-history":[{"count":5,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/6204\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":6212,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/6204\/revisions\/6212"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/6207"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=6204"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=6204"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=6204"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=6204"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}