{"id":5005,"date":"2022-09-14T10:25:17","date_gmt":"2022-09-14T10:25:17","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=5005"},"modified":"2022-09-15T07:31:08","modified_gmt":"2022-09-15T07:31:08","slug":"pa-den-glitrande-tinden","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=5005","title":{"rendered":"P\u00e5 den glitrande tinden"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Sj\u00f8lv om eg i periodar har samla p\u00e5 mykje rart \u2013 myntar, fotballkort, vatn eg har sprungi rundt \u2013 har eg aldri samla p\u00e5 fjelltoppar. Dei st\u00e5r der, og eg har tenkt at det kan vera like fint \u00e5 sj\u00e5 opp p\u00e5 dei som ned fr\u00e5 dei.<span class=\"Apple-converted-space\">&nbsp;<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">S\u00e5 har det vorti nokre unntak. Vi sprang mange gonger til Sandstadkammen, toppen vi trudde var den h\u00f8gste p\u00e5 Ytter\u00f8ya, berre for mange \u00e5r seinare \u00e5 f\u00e5 h\u00f8yre at Korshylla var h\u00f8gre \u2013 rett nok med mykje d\u00e5rlegare utsikt. Ein gong vart eg invitert med til Mulhac\u00e9n, den h\u00f8gste toppen i Fastlands-Spania. Vi kom opp, men haka der var at Teide p\u00e5 Tenerife, som \u00f2g h\u00f8yrer til Spania, er 237 meter h\u00f8gre.<span class=\"Apple-converted-space\">&nbsp;<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Fjellivet mitt har slik sett knapt nok vori eit \u00abnest-best-liv\u00bb, som Gudmund Skjeldal skriv om i ei av b\u00f8kene sine. Aldri p\u00e5 den h\u00f8gste toppen. Alltid nokon over. Ikkje ein gong konge p\u00e5 ein liten haug.<span class=\"Apple-converted-space\">&nbsp;<\/span><\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">I V\u00e5g\u00e5-land<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Og i sommar heldt det fram. Gjengen bestemte seg for ei ferieveke i V\u00e5g\u00e5-land i utkanten av Jotunheimen. Da det etter kvart kl\u00e5rna opp og vinden stilna, hadde vi \u00f8vd s\u00e5 mykje p\u00e5 sm\u00e5 toppar \u2013 Trollh\u00f8e og Gr\u00e5h\u00f8e \u2013 at vi var klare for ein st\u00f8rre.<span class=\"Apple-converted-space\">&nbsp;<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Men i staden for \u00e5 sikte mot den h\u00f8gste, Galdh\u00f8piggen, gjekk vi for nummer to i rekka, Glittertind. P\u00e5 ein magisk dag med sol, baris og vy til halve kongeriket inkludert den eine toppen som var h\u00f8gre, uttrykte ein i f\u00f8lgjet det slik i Instagram-oppdateringa:<span class=\"Apple-converted-space\">&nbsp;<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">\u00abIkke enig med Jacob Ingebrigtsen i at det nest \u00f8verste trinnet var en forferdelig opplevelse. Heller ikke det \u00e5 se over til Galdh\u00f8piggen forringet utsikten.\u00bb<\/p>\n<p class=\"p2\">Dermed ikkje sagt at nemnde Ingebrigtsen ikkje hadde lov til \u00e5 vera skuffa over s\u00f8lvet p\u00e5 1500 meteren i VM. N\u00e5r ein g\u00e5r for gull, kan s\u00f8lvfargen sj\u00e5 irriterande gr\u00e5 ut. Alle st\u00e5r fritt til \u00e5 setje seg sine eigne m\u00e5l, og enten ein legg lista h\u00f8gt eller l\u00e5gt, er det aldri stas \u00e5 rive.<span class=\"Apple-converted-space\">&nbsp;<\/span><\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Dei lokale toppane<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Det viktigaste, trur eg, er at ein er tru mot seg sj\u00f8lv. Lyttar til den indre r\u00f8ysta uansett kva for ein topp ein vel \u00e5 sikte mot \u2013 enten ein snur n\u00e5r v\u00earet sl\u00e5r om, eller held fram i skodda.<span class=\"Apple-converted-space\">&nbsp;<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Sj\u00f8lvsagt er det flott med suksesshistorier, men soga om dei nest beste eller dei som n\u00f8gde seg med dei lokale toppane og til og med bomma p\u00e5 dei, kan vera like interessant.<span class=\"Apple-converted-space\">&nbsp;<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">For meg g\u00e5r det heilt fint \u00e5 veta at b\u00e5de Mount Everest, Mont Blanc og Galdh\u00f8piggen ligg der \u2013 utan at eg m\u00e5 opp p\u00e5 dei. Noko NM-gull vart det aldri, sj\u00f8lv ikkje da 100 kilometeren kom p\u00e5 programmet. Men det var stas dei gongane eg fekk st\u00e5 p\u00e5 trinn to og tre.<span class=\"Apple-converted-space\">&nbsp;<\/span><\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Smakte godt<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Andre har det annleis, og du verda kor artig det var da Jakob Ingebrigtsen gira om og suste fr\u00e5 dei andre p\u00e5 5000 meteren i VM. Etter svippturen ned ein plass nokre dagar tidlegare smaka det nok ekstra godt igjen \u00e5 vera \u00abking of the world\u00bb.<\/p>\n<p class=\"p2\">S\u00e5 kan vi andre uansett vera konge i v\u00e5r eiga verd. Springe p\u00e5 dei stiane vi sj\u00f8lv likar. Sikte mot dei toppane vi synes ser fine ut. Eller halde oss i l\u00e5glandet og heller l\u00f8fte blikket opp.<span class=\"Apple-converted-space\">&nbsp;<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Himmelen over oss er uansett den same. Avstanden til stjernene blir ikkje merkbart mindre same kor h\u00f8gt opp p\u00e5 pallen eller fjellet vi m\u00e5tte klatre.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg har snudd og g\u00e5tt ned etter \u00e5 ha vori p\u00e5 tur mot b\u00e5de H\u00f8gevarde og Mont Blanc. Utan at eg har opplevd det som noko nederlag. For jammen kan det vera fint p\u00e5 etasjen under toppen \u00f2g. <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":5006,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[105,94],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-5005","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-6-2022","category-utgaver-2022"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/5005","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=5005"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/5005\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5137,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/5005\/revisions\/5137"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/5006"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=5005"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=5005"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=5005"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=5005"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}