{"id":3903,"date":"2022-05-09T13:24:39","date_gmt":"2022-05-09T13:24:39","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=3903"},"modified":"2022-05-10T10:52:06","modified_gmt":"2022-05-10T10:52:06","slug":"det-store-skiljet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=3903","title":{"rendered":"Det store skiljet"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\"><span class=\"s1\">O<\/span>g det er gjerne folk fr\u00e5 besteforeldregenerasjonen som kallar seg sj\u00f8lv ungdommeleg. S\u00e5 lat meg like godt sl\u00e5 det fast med det same: Ikkje eingong i mine eigne auge er eg ein ungdommeleg herre. Eg kjenner at eg har levd lenge \u2013 57 rundar rundt sola \u2013 og tapt meg mykje.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">For eit par veker sia publiserte sjefen min ein kommentarartikkel p\u00e5 kondis.no med tittelen \u00abAlder er mer enn et tall.\u00bb Der skreiv ho om at verken energiniv\u00e5et eller farten p\u00e5 springturane var p\u00e5 like h\u00f8gt niv\u00e5 som i dei glade 20- og 30-\u00e5ra.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Dagen i f\u00f8revegen hadde eg laga eit lite intervju med 65 \u00e5r gamle Alastair Walker som nyleg sette verdsrekord i sin aldersklasse med 34.32 p\u00e5 10 km. P\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5let mitt om kva slags r\u00e5d han hadde til andre ambisi\u00f8se veteranl\u00f8parar, var svaret hans:<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">\u00abBerre dra ut og gjer det du skal. Alder er berre eit tal.\u00bb<\/p>\n<p class=\"p2\">Det h\u00f8yrest ikkje heilt bra ut at to artiklar blir publisert omtrent samstundes p\u00e5 kondis.no der to ulike autoritetar hevdar to motstridande ting: \u00abAlder er mer enn et tall\u00bb og \u00abAlder er berre eit tal\u00bb.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Sj\u00f8lv har eg respekt for b\u00e5de sjefen min og for ein som er kommen \u00e5tte \u00e5r lenger inn i livet enn meg sj\u00f8lv, og som likevel spring mila om lag 10 minutt fortare enn det eg klarer. Walker, som heilt klart burde heitt Runner, er mindre enn 5 minutt bak 10 km-persen han sette da han satsa for fullt i 20-\u00e5ra. Sj\u00f8lv har eg ikkje kommi til m\u00e5l i nokon 10 km i \u00e5r, men p\u00e5 Hytteplanmila i fjor var eg 9 minutt bak persen min, som igjen er to eit halvt minutt d\u00e5rlegare enn Walker sin.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s2\">St\u00f8rre spor<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Alderen har med andre ord sett st\u00f8rre spor hos meg enn hos Alistair. Sj\u00f8lv om den har hatt kortare tid \u00e5 gjera det p\u00e5. Eg ville aldri svara at alder er berre eit tal om nokon intervjua meg. Alder er endring, at livet tek seg turar b\u00e5de dit ein vil og dit ein ikkje vil.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Som springande menneske er det berre \u00e5 innsj\u00e5 at det i snitt g\u00e5r seinare med \u00e5ra etter at ein har f\u00e5tt ein 40-50 av dei. For somme g\u00e5r denne prosessen sakte, for andre g\u00e5r den fort. Og om den har g\u00e5tt sakte i nokre \u00e5r, s\u00e5 treng ikkje det \u00e5 bety at det vil halde fram med \u00e5 g\u00e5 sakte i dei \u00e5ra som ventar.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Da Kondis i 1995 innf\u00f8rte k\u00e5ringa av \u00e5rets beste veteranl\u00f8par med tilh\u00f8yrande gullskoutdeling, var regelen dei f\u00f8rste \u00e5ra at same kvinne eller mann kunne vinne veteranskoen berre ein gong innafor ein 5-\u00e5rsperiode. Dette fordi dei som laga reglane, var redde for at same person skulle stikke av med skoen \u00e5r etter \u00e5r, ti\u00e5r etter ti\u00e5r.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Ganske fort skj\u00f8nte dei at dette var noko Gjert Ingebrigtsen ville ha kalla for ein tulleregel \u2013 om han sj\u00f8lv eller nokon av s\u00f8nene hadde vori i veteranalder. Den beste m\u00e5tte f\u00e5 skoen uansett om ho eller han hadde vunni \u00e5ret i f\u00f8revegen, og faren for at dei som var dei beste veteranane p\u00e5 90-talet skulle halde fram med \u00e5 vera det 5, 10 eller 30 \u00e5r seinare, var i beste fall overdriven.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s2\">Sju magre \u00e5r<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">For det er ikkje lett \u00e5 vera god over lang tid. P\u00e5 sundagsskolen l\u00e6rte eg at det gjaldt \u00e5 glede seg \u2013 og legge korn til sides \u2013 n\u00e5r dei sju gode \u00e5ra kom, slik at ein hadde noko \u00e5 t\u00e6re p\u00e5 n\u00e5r dei sju magre slo til.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Alder er meir enn eit tal, og det seier eg ikkje for \u00e5 smiske med sjefen, men fordi eg veit at alder f\u00f8rst og fremst er ei g\u00e5ve. Eit teikn p\u00e5 at vi har f\u00e5tt mange dagar \u00e5 pakke opp, slik at vi kan bruke dei til noko meiningsfullt. Noko som gjer oss sj\u00f8lv og andre godt. Til \u00e5 springe fort eller sakte. Til \u00e5 glede oss med dei glade og s\u00f8rgje med dei triste.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Dermed ikkje sagt at Alastair Walker ikkje har eit poeng. Det er veldig lov \u00e5 kjenne seg lettf\u00f8tt og springe som ein ungsau sj\u00f8lv om ein held til i siste halvdel av b\u00e5de livet og seksti-\u00e5ra. Det er b\u00e5de lov og lurt \u00e5 unng\u00e5 \u00e5 avgrense seg sj\u00f8lv og heller tru at ein kan f\u00e5 til ting \u2013 sj\u00f8lv om \u00abfather time\u00bb til sist hentar inn oss alle.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s2\">R\u00f8rslerommet<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Det viktige, slik eg ser det, er \u00e5 vera med i leiken s\u00e5 lenge vi kan og p\u00e5 det niv\u00e5et kroppen, helsa og ambisjonane gir oss rom for. Samstundes gjeld det \u00e5 bruke rommet dersom vi skal halde det ope. Di mindre vi gjer, di mindre vil vi klare \u00e5 gjera. Og sluttar vi \u00e5 bruke det r\u00f8rslerommet vi har, g\u00e5r det fort mot at sofaen blir einaste alternativet.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Sj\u00f8lvsagt skulle eg gjerne tapt meg like lite og sprungi like fort som skotske Alastair eller klubbkamerat Ger.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Men for meg er det likevel ikkje der det store skiljet er \u00e5 finne. Det g\u00e5r mellom \u00e5 vera med og ikkje vera med. Mellom \u00e5 kjenne seg i live og ikkje gjera det. <span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0<\/span><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eit sikkert teikn p\u00e5 at ein dreg p\u00e5 \u00e5ra, er om ein h\u00f8yrer seg sj\u00f8lv seie: \u00abEg f\u00f8ler meg ung.\u00bb Ingen verkeleg unge seier det. <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":3906,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[100,94],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-3903","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-3-2022","category-utgaver-2022"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/3903","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=3903"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/3903\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3943,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/3903\/revisions\/3943"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/3906"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=3903"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=3903"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=3903"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=3903"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}