{"id":2224,"date":"2022-01-01T12:25:00","date_gmt":"2022-01-01T12:25:00","guid":{"rendered":"https:\/\/guribye.no\/demo\/kondis\/?p=2224"},"modified":"2022-01-09T18:40:39","modified_gmt":"2022-01-09T18:40:39","slug":"ein-folkehelsefiende","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=2224","title":{"rendered":"Ein folkehelsefiende"},"content":{"rendered":"\n\nVel somme riskar har eg utsett meg sj\u00f8lv for. Ein gong k\u00f8yrde eg off-pist p\u00e5 Tusten utanfor Molde i litt for flatt ljos, og det heile enda med eit brutalt m\u00f8te med ein lite ettergivande trestamme i botnen av den skrenten eg ikkje s\u00e5g.\n\n \n\nEit kr\u00e5kestup fr\u00e5 tremeteren ei sm\u00e5forelska sommarnatt gav kompresjonsbrott i ein ryggvirvel. Med p\u00e5f\u00f8lgjande nukleotomi p\u00e5 Ullev\u00e5l eit par \u00e5r seinare.\n\n \n\nFor tre \u00e5r sia vart det eit heilt d\u00f8ger p\u00e5 det same sjukehuset etter at ein sykkeltur resulterte i eit ublidt m\u00f8te med asfalten.\n\n \n\nI den tida eg k\u00f8yrde bil, var eg \u00f2g ein potensiell risiko for andre enn meg sj\u00f8lv, men k\u00f8yreepoken dabba fort av, og det einaste eg st\u00e5r bokf\u00f8rt med, er ei fartsbot av den heller snille sorten.\n<h3>Inn i flokken <\/h3>\nMen etter snart 57 \u00e5r p\u00e5 planeten, med mest halvparten av tida som skribent i Kondis, fekk eg likevel stempel som farleg. Ikkje det at eg lokka med meg folk ut p\u00e5 for lange og krevjande ultral\u00f8p \u2013 det har eg ikkje kapasitet til lenger. Nei, eg vart skulda for \u00e5 skrive ting som rett og slett kunne f\u00f8re til vaksinevegring. \u00abEn synd s\u00e5 frykteli\u00bb, for \u00e5 seie det med Eldar V\u00e5gan. At det av tusen mediefolk var ca. 990 som pusha produktet, var ikkje nok. Dei siste ti, som meinte det var viktig med eit kritisk blikk, m\u00e5tte \u00f2g jagast inn i flokken.\n\n \n\nOg no er eg visst rekna som s\u00e5 farleg at eg er ein trussel mot dei som har teki det hasteutvikla, men if\u00f8lgje styresmaktene akk s\u00e5 tryggje og effektive medisinske produktet. For at dei som har sikra seg, likevel skal vera heilt sikre, s\u00e5 m\u00e5 dei sleppe og m\u00f8te slike som meg. Difor blir det rulla ut planar om \u00e5 innf\u00f8re segregerande sertifikatordning \u00f2g i Noreg slik vi alt har sett det i mange andre land.\n\n \n<h3>P\u00e5 B-laget<\/h3>\nJa ja, allereie som ten\u00e5ring, f\u00f8r springinga tok meg og eg dreiv p\u00e5 som unggutar flest og spelte fotball, s\u00e5 hamna eg stort sett p\u00e5 B-laget. Spensten la ikkje s\u00e5 mange centimetrane til dei 186 keeperspira hadde fr\u00e5 f\u00f8r. Tilslaget var for svakt til \u00e5 f\u00e5 utsparka over midtstreken.\n\n \n\nEg var rett og slett ikkje god nok til \u00e5 vera p\u00e5 A-laget, men ein gong f\u00f8rstekeeperen hadde influensa (han hadde vori uforsiktig og g\u00e5tt p\u00e5 S-laget utan munnbind) vart det likevel ein A-kamp p\u00e5 meg.\n\n \n\nNo er eg visst for farleg til at eg f\u00e5r lov til \u00e5 hengje med A-laget, dei som har elektronisk prov p\u00e5 at dei er beskytta. Ja, det rare er at f\u00f8r dei sikra seg med faktor 2.0, s\u00e5 var dei mindre redde for meg enn dei er no.\n\n \n\nUtan to eller tre dosar i kroppen blir det \u00f2g hevda at eg er ein s\u00e5 stor fare for \u00e5 fylle opp sjukehuset at det ikkje er tillateleg \u00e5 la slike som meg g\u00e5 fritt. Trass i at eg har eit normalt godt immunforsvar og i det store og heile har teki vare p\u00e5 helsa.\n\n \n\nOm sertifikatforslaget g\u00e5r gjennom, vil eg neppe f\u00e5 lov til \u00e5 drive med helsebyggjande trening p\u00e5 det lokale treningssenteret \u2013 fordi det kan f\u00f8re til at eg ut\u00f8ver press p\u00e5 sjukehuskapasiteten. Men eg kan r\u00f8yke og drikke s\u00e5 mykje alkohol eg vil \u2013 og ete meg feit \u2013 utan \u00e5 f\u00e5 p\u00e5tale.\n\n \n\nFor mi eiga helses skuld kan eg av styresmaktene med tvang bli isolert fr\u00e5 omverda fordi eg ikkje vil ta ein medisin som berre i Noreg har f\u00f8rt til innrapportering av 42\u00a0537 biverknader. 3795 av dei er kategorisert som alvorlege, og over halvparten av desse har f\u00f8rt til innlegging p\u00e5 eit av dei sjukehusa som regjeringa er s\u00e5 redd for skal g\u00e5 fulle.\n\n \n\nAnekdotisk, men lell: Ca. ein fjerdepart av dei 160 eg f\u00f8lgjer p\u00e5 Strava har skrivi at dei i kortare eller lengre tid har f\u00e5tt treninga\/helsa negativt p\u00e5verka i etterkant av ein av dosane. Om dei ikkje tek sjansen p\u00e5 ein tredje og etter kvart fjerde dose, vil passet deira fort g\u00e5 fr\u00e5 gr\u00f8nt til raudt. Dersom vi finn oss i eit slikt totalit\u00e6rt system.\n\n \n<h3>Inkluderingsarena<\/h3>\nI haust fekk eg tilsendt ein e-post fr\u00e5 Norges idrettsforbund der det stod at dei oppfordra den nye regjeringa \u00abtil \u00e5 anerkjenne, gjennom politiske prioriteringer, idrettens betydning som mangfolds- og inkluderingsarena, og som sterk bidragsyter i \u00e5 skape gode oppvekstsvilk\u00e5r og gode lokalsamfunn.\u00bb\n\n \n\nNoko av det f\u00f8rste regjeringa gjorde, var \u00e5 halde fram der den gamle slapp \u2013 med \u00e5 finne fram koronasertifikatet og tillate segregering av samfunnet. Peike ut folkefiendar. Jakte p\u00e5 dei ureine og farlege.\n\n \n\nOm eg har ei b\u00f8n, s\u00e5 er det at idretten reiser seg og st\u00e5r imot dette presset og denne oppdelinga. At inkludering ikkje er eit tomt ord, men rakrygga handling. At idrettsr\u00f8rsla er like mykje mot apartheid no som det den var for 40 \u00e5r sia.\n\n \n\nVi er alle menneske. Medmenneske. Med feil og fortrinn, gode sider og mindre gode sider. Nett det at ingen av oss er perfekte, er kjenneteikn p\u00e5 at vi er menneske, og ein grunn til ikkje \u00e5 ekskludere.\n\n \n\nHistoria har vist oss kor farleg det er viss vi byrjar \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 ei gruppe som utskott. Det vi ser i Australia, Austerrike og mange andre land i desse dagar, burde f\u00e5 oss til skj\u00f8nne at splitt og hersk ikkje er vegen \u00e5 g\u00e5.\n\n \n\nVi m\u00e5 ikkje vera redde for kvarandre, men for \u00e5 miste v\u00e5r eigen humanitet.\n\n \n\nEg har sitert Ingemar Olsson, ein svensk gospelsongar eg vaks opp med, f\u00f8r i denne spalta. I dag m\u00e5tte eg h\u00f8yre p\u00e5 ein av songane hans p\u00e5 nytt:\n\n \n<h3>Hoppet som b\u00e4r mej<\/h3>\n<em>Vissa m\u00e4nniskor kan g\u00f6ra mycket<\/em>\n\n \n\n<em>andra bara finns<\/em>\n\n \n\n<em>Vissa lyckas i sitt eget tycke<\/em>\n\n \n\n<em>Vem \u00e4r st\u00f6rst och minst?<\/em>\n\n \n\n<em>Kanske allting som sker av k\u00e4rlek<\/em>\n\n \n\n<em>har ett v\u00e4rde som varar<\/em>\n\n \n\n<em>Medan allt annat ytligt m\u00e4rkv\u00e4rdigt bleknar bort<\/em>\n\n \n\n<em>Ingen m\u00e4nska har levat f\u00f6rg\u00e4ves<\/em>\n\n \n\n<em>som av k\u00e4rlek har gjort vad som kr\u00e4vdes<\/em>\n\n \n\n<em>Det \u00e4r hoppet som b\u00e4r mej<\/em>\n\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Naiv som eg er, har eg g\u00e5tt rundt og trudd eg var ein noks\u00e5 harmlaus kar, som stort sett ville b\u00e5de meg sj\u00f8lv og andre vel. <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":2225,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[75,74],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-2224","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-9-2021","category-utgaver-2021"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/2224","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=2224"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/2224\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":2757,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/2224\/revisions\/2757"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/2225"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=2224"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=2224"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=2224"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=2224"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}