{"id":13222,"date":"2025-06-25T20:36:51","date_gmt":"2025-06-25T20:36:51","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=13222"},"modified":"2025-06-26T19:52:59","modified_gmt":"2025-06-26T19:52:59","slug":"stong-ut-og-hyggelege-hogdepunkt","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=13222","title":{"rendered":"Stong ut og hyggelege h\u00f8gdepunkt"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">I skrivande stund 8. juni 2025 er det ganske n\u00f8yaktig seks veker sidan f\u00f8rre oppdateringa i \u00abMitt trenings\u00e5r\u00bb. 1. mai starta eg konkurranseperioden med \u00e5 vere med p\u00e5 1. mail\u00f8pet i \u00c5heim for f\u00f8rste gong.<\/p>\n<p class=\"p2\">\u00c5heim ligg i M\u00f8re og Romsdal, men samtidig er det berre dryge 45 minutt med k\u00f8yring fr\u00e5 Raudeberg i Sogn og Fjordane. Besteforeldra mine bur p\u00e5 Raudeberg framleis s\u00e5 det passa godt \u00e5 kombinere familietid med dette l\u00f8pet. 1. mail\u00f8pet p\u00e5 \u00c5heim er eit terrengl\u00f8p p\u00e5 3 km som g\u00e5r p\u00e5 gra og det ein \u00f2g kan definere som gj\u00f8rme. Kupert og p\u00e5 ingen m\u00e5te lettl\u00f8pt.<\/p>\n<p class=\"p2\">Eg vann p\u00e5 9.59, s\u00e5 tida seier litt om kor krevjande l\u00f8ypa var. Uansett var det ei kjekk oppleving, og folka i \u00c5heim veit \u00e5 stille opp for dette arrangementet \u00e5r etter \u00e5r! Eg trur nesten det var meir publikum her enn p\u00e5 Trond Mohn Games i \u00e5r.\u00a0<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Breimstafetten<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Tre dagar seinare sprang eg Breimstafetten for F\u00f8rde for f\u00f8rste gong. I 2022 var eg med og vann Breimstafetten for Gular p\u00e5 ein l\u00f8yperekord som framleis st\u00e5r, men det er noko eige \u00e5 springe for F\u00f8rde p\u00e5 lokale stafettar. Breimstafetten er eit av dei eldste idrettsarrangementa i fylket med historie heilt tilbake til 1930-talet.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">P\u00e5 \u00e5rets stafett hadde vi eit sterkt lag med meg, Halfdan F\u00e6r\u00f8, Even Bj\u00f8rkhaug, David Husa, J\u00f8ran Laukeland og Kasper Kaaber. Even og David fr\u00e5 tiande klasse, Halfdan landets best trente tannlege(?), J\u00f8ran landets raskaste 48-\u00e5ring (11,92 p\u00e5 100 meter i 2025) og Kasper Kaaber som er tidlegare fotballspelar med raske muskelfibrar.<\/p>\n<p class=\"p2\">Stafetten leia vi faktisk fr\u00e5 start til m\u00e5l, og vi vann med dryge 5 sekund ned til J\u00f8lster. J\u00f8lster har vunne dei fleste utg\u00e5vene av Breimstafetten dei siste 20 \u00e5ra, s\u00e5 det var sv\u00e6rt s\u00e5 deilig \u00e5 vinne. Sidan oppstarten av Breimstafetten i 1933, har F\u00f8rde vunne tre gonger \u2013 i 1981, 1989 og 2025.<\/p>\n<p class=\"p2\">Etter stafetten sprang eg ein kombinasjon av 400-metrar, 300-metrar og 200-metrar med Eivind \u00d8ygard p\u00e5 Byrkjelo stadion. Eg f\u00f8lte det var god flyt her, og at eg var i rute til Holmenkollstafetten helga etterp\u00e5.\u00a0<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Holmenkollstafetten<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Onsdag 7. mai, tre dagar f\u00f8r Holmenkollstafetten, vakna eg skikkeleg slapp og med tydelege teikn til forkj\u00f8ling. Eg hadde eigentleg kjent p\u00e5 sm\u00e5 symptom sidan 1. mai, men no vart det dessverre vesentleg verre.<\/p>\n<p class=\"p2\">Dagen etterp\u00e5 gjennomf\u00f8rte eg to veldig korte intervall\u00f8kter og kjente meg brukbar p\u00e5 dei, men allmenntilstanden elles var ikkje god. Det var uansett uaktuelt \u00e5 st\u00e5 over Holmenkollstafetten som eg hadde planlagt og vore lagleiar for gjennom heile v\u00e5ren, men det var ingen optimal inngang for min del.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">I 2024 brukte vi 56 minutt og 27 sekund p\u00e5 stafetten, og m\u00e5let for 2025 var \u00e5 springe fortare enn 54.30. Fasiten vart 54.00, og vi var 43 sekund fr\u00e5 \u00e5 rykke opp til eliteklassen. Niv\u00e5et blir h\u00f8gare og h\u00f8gare, og 54.00 hadde halde til \u00e5 rykke opp dei aller fleste \u00e5ra p\u00e5 2000-talet.<\/p>\n<p class=\"p2\">Sj\u00f8lv brukte eg 7.34 p\u00e5 langetappen, noko som var rundt 5 sekund bak m\u00e5let. Etapperekorden eg har p\u00e5 7.11 deler eg framleis med Senay Fissehatsion, og snittet p\u00e5 mine ti l\u00f8p p\u00e5 langetappen etter 2025 er p\u00e5 7.24. Samtidig var helsa ikkje heilt optimal, s\u00e5 sett i ettertid var det ein grei etappe der eg fekk ut mykje av det eg hadde inne.<\/p>\n<p class=\"p2\">Etter stafetten var eg f\u00f8rst og fremst stolt av det vi fekk til som lag, og vi var nok blant dei laga som hadde aller st\u00f8rst framgang fr\u00e5 2024 til 2025. Til neste \u00e5r g\u00e5r vi for 52-talet og opprykk til eliteklassen!\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">Legendane som representerte F\u00f8rde p\u00e5 ein veldig god m\u00e5te i Oslo 10. mai 2025, var i etapperekkef\u00f8lge:<\/p>\n<p class=\"p2\">1. Even Bj\u00f8rkhaug, 2. David Husa, 3. Kasper Kaaber, 4. T\u00f8rres N\u00f8stdal, 5. Alexander Hjelmeland Rygg, 6. Bendik Grimsb\u00f8, 7. Johan Olav Botn, 8. Oliver Thorsen, 9. Aksel Bj\u00f8rkhaug, 10. Marius Vedvik, 11. Brage Bur\u00f8 Sunde, 12. Jostein Foss\u00f8y, 13. Torstein Blikra, 14. Stian Helle og 15. J\u00f8ran Laukeland.\u00a0<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Arne Risa Classic<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Etter Holmenkollstafetten retta eg fokuset mot 3000 meter og Arne Risa Classic i Bergen. Arne Risa Classic har sidan 2017 vore eit \u00e5rleg arrangement, og vinnartida her har ofte vore rundt 8.00. F\u00f8r 2025 hadde eg tre sigrar og tre andreplassar fr\u00e5 Arne Risa Classic, med 7.54,95 som stemnerekord. Personleg har eg ofte prestert opp mot mitt beste p\u00e5 dette arrangementet, men i \u00e5r skulle lykka snu.<\/p>\n<p class=\"p2\">M\u00e5ndag etter Holmenkollstafetten kjente eg meg vesentleg betre helsemessig, men dessverre vart det tilbakeslag p\u00e5 l\u00f8psdagen, og eg hadde eigentleg bestemt meg for \u00e5 st\u00e5 over l\u00f8pet. Etter mykje fram og tilbake i eige hovud valde eg faktisk til slutt \u00e5 vere med likevel, men det enda som det m\u00e5tte. 8.27 var 34 sekund bak pers og eit av mine svakare l\u00f8p p\u00e5 distansen. Fr\u00e5 f\u00f8r har eg tolv l\u00f8p under 8.00 og 21 l\u00f8p mellom 8.00 og 8.10, s\u00e5 d\u00e5 seier det seg sj\u00f8lv at 8.27 og fjerdeplass p\u00e5 Arne Risa Classic ikkje var nokon \u00abh\u00f8ydare\u00bb for min del.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">All respekt til Trygve Mjelde som vant Arne Risa Classic 2025 p\u00e5 8.06 og som elles har hatt ein str\u00e5lande v\u00e5r og sommar med mange gode prestasjonar. At den tidlegare 800 meter-l\u00f8paren skulle springe 5000 meteren p\u00e5 13.46, hadde eg ikkje trudd for nokre \u00e5r sidan. Anbefaler Kondis sine lesarar \u00e5 f\u00f8lgje den nye vinen i Hordaland p\u00e5 mellom- og langdistanse p\u00e5 Strava for inspirasjon: Trygve Mjelde.\u00a0<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Frustrerande forkj\u00f8ling<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Sj\u00f8lv har eg i mai 2025 vore i ein veldig frustrerande situasjon. Eg har ikkje hatt feber, men heller ikkje f\u00f8lt meg 100 prosent frisk. Sett i ettertid burde eg sikkert tatt fleire fridagar og droppa mange l\u00f8p, men det sat litt langt inne etter ein heil vinter og tidleg v\u00e5r med berre trening og ingen konkurransar. Personleg har eg aldri opplevd ein s\u00e5 lang periode med forkj\u00f8lingssymptom utan at det bikkar over til feber.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">Dei andre l\u00f8pa eg har sprunge i mai, tenkjer eg ikkje \u00e5 bruke altfor mange setningar p\u00e5, men eg sprang 1500 meter p\u00e5 4.02 i Balestrand to dagar etter ein 800 meter p\u00e5 1.59 i F\u00f8rde. P\u00e5 800-meteren sprang Even Bj\u00f8rkhaug (f\u00f8dd 2009) p\u00e5 2.00, s\u00e5 det lover godt for framtida for friidretten i F\u00f8rde!<\/p>\n<p class=\"p2\">Elles stilte F\u00f8rde friidrett lag p\u00e5 Helse F\u00f8rde-stafetten, og vi vann denne for andre \u00e5ret p\u00e5 rad. I tillegg til \u00e5 springe sj\u00f8lv var eg hare p\u00e5 barnel\u00f8pa, og det gir meg mykje \u00e5 sj\u00e5 s\u00e5 stor glede blant barn og unge som er i aktivitet!\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">P\u00e5 slutten av mai vart helsa gradvis betre, og eg meldte meg p\u00e5 Bergen 3000. L\u00f8pet er 3 km langt og g\u00e5r rundt Store Lungeg\u00e5rdsvannet. Dette vatnet har eg sprunge rundt sikkert fleire tusen gonger i l\u00f8pet av mine ti \u00e5r i Bergen. I den forma eg har vore dei siste vekene, s\u00e5 har det ikkje vore s\u00e5 freistande \u00e5 springe banel\u00f8p der ein gjerne m\u00e5ler seg mot eigne personlege rekordar.<\/p>\n<p class=\"p2\">Fasiten p\u00e5 Bergen 3000 vart 8.24 og ny l\u00f8yperekord. Benjamin Bj\u00f8rnstad var hare f\u00f8rste 1000 p\u00e5 2.48, og eg sprang ganske jamt heile l\u00f8pet. Litt svingete nokre plassar, men absolutt ei rask l\u00f8ype! Her var eg for f\u00f8rste gong p\u00e5 lenge ganske n\u00f8gd med korleis kroppen kjentest ut. Sj\u00f8lv i min aller beste form fr\u00e5 2019-2021 s\u00e5 trur ikkje at eg hadde sprunge s\u00e5 mykje fortare enn rundt 8.15 i denne l\u00f8ypa, s\u00e5 eg vil seie at l\u00f8pet var ganske bra.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Vegen framover\u00a0<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">For min del har ulike nasjonale meisterskap lenge vore ein viktig motivasjonsfaktor. Fr\u00e5 februar 2013 til juli 2022 tok eg 27 individuelle NM-medaljar i friidrett. Sidan 2022 har eg ikkje tatt ein einaste individuell medalje, s\u00e5 eg h\u00e5par \u00e5 gjere noko med det under NM 5 kilometer gatel\u00f8p i Knarvik 21. juni. Det er to veker etter Bergen 3000, s\u00e5 det passar godt inn.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">Helga etter NM 5 km gatel\u00f8p reiser eg til St. Moritz med Tore Akerlie, og der skal vi vere i knappe tre veker. Eg har vore i St. Moritz to gonger f\u00f8r, og det er eit eldorado for langdistansel\u00f8parar med nydeleg natur og flotte tilh\u00f8ve for springing. Hovud-NM er i starten av august, s\u00e5 tre veker p\u00e5 1800 meters h\u00f8gde i passeleg avstand til NM kjem nok godt med. M\u00e5let er heilt klart \u00e5 levere \u00e5rets beste l\u00f8p p\u00e5 10\u00a0000 meter i NM i starten av august.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">Oppsummert har dei seks siste vekene vore innhaldsrike med fleire stafettar og individuelle l\u00f8p. Resultata individuelt har p\u00e5 ingen m\u00e5te vore s\u00e5 gode som eg hadde h\u00e5pa p\u00e5, men det har sine helsemessige grunnar. Sigeren p\u00e5 Breimstafetten og den gode prestasjonen til F\u00f8rde i Holmenkollstafetten var s\u00e6rs inspirerande, og eg h\u00e5par vi klarer \u00e5 skape eit skikkeleg godt stafettlag til F\u00f8rde i \u00e5ra framover. Med engasjement, samhald og god treningskultur tar vi sikte p\u00e5 \u00e5 rykke opp til eliteklassen neste \u00e5r og p\u00e5 sikt etablere oss som eit fast innslag i eliteklassen!<\/p>\n<p class=\"p2\">Til saman sprang eg 3227 km fr\u00e5 1. januar til 31. mai. Det er rundt 5,5 prosent meir enn under same periode i 2024. Grunnlaget for \u00e5 levere gode resultat ogs\u00e5 i 2025 er heilt klart til stades. Vegen fram mot mitt 14. hovud-NM kan ein f\u00f8lgje i detalj p\u00e5 Strava der eg \u00f8nsker \u00e5 fortsette med \u00e5 dele humor, treningsglede og inspirasjon i tida framover.<\/p>\n\n\n<hr class=\"wp-block-separator has-alpha-channel-opacity\"\/>\n\n\n<h2 class=\"p1\">Marius Vedvik<\/h2>\n<figure id=\"attachment_12562\" aria-describedby=\"caption-attachment-12562\" style=\"width: 300px\" class=\"wp-caption alignright\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-12562\" src=\"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2025\/03\/Marius-vedvik_Foto_Arne_Dag_Myking.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"434\" srcset=\"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2025\/03\/Marius-vedvik_Foto_Arne_Dag_Myking.jpg 300w, https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2025\/03\/Marius-vedvik_Foto_Arne_Dag_Myking-207x300.jpg 207w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><figcaption id=\"caption-attachment-12562\" class=\"wp-caption-text\">Foto: Arne Dag Myking<\/figcaption><\/figure>\n<p class=\"p4\"><strong>Alder:<\/strong> 32 \u00e5r<br \/><strong>Bustad:<\/strong> F\u00f8rde<br \/><strong>Klubb:<\/strong> F\u00f8rde friidrett\u00a0<br \/><strong>Yrke:<\/strong> Online treningsvegleiar og vikarl\u00e6rar\u00a0<br \/><strong>Trener:<\/strong> Meg sj\u00f8lv<br \/><strong>Persar:<\/strong> 3.44,04, p\u00e5 1500, 7.53,01 p\u00e5 3000 m, 13.29,46 p\u00e5 5000 m, 28.42,15 p\u00e5 10\u00a0000 m og 1.04.14 p\u00e5 halvmaraton<br \/><strong>Merittar:<\/strong> 10 individuelle NM-gull: 1 p\u00e5 1500, 2 p\u00e5 3000, 2 p\u00e5 5000, 2 p\u00e5 halvmaraton, 2 i terrengl\u00f8p kort l\u00f8ype og 1 p\u00e5 maraton, nordisk gull 10\u00a0000 m (2014), bronse nordisk terrengl\u00f8p (2016), 14. plass EM 10\u00a0000 EM (2014), 15. plass EM innand\u00f8rs 3000 (2017), 3 sigrar i Oslo Maraton (2016, 2018 og 2022), 5 sigrar i Holmenkollstafetten med Gular (2013, 2017, 2018, 2019 og 2022), 1 siger i Sentrumsl\u00f8pet (2017)<\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Der det dei f\u00f8rste fire m\u00e5nadene i \u00e5ret har vore veldig f\u00e5 konkurransar, har eg no fr\u00e5 1. mai til 8. juni vore med p\u00e5 \u00e5tte konkurransar. Stong ut har vore gjennomgangsmelodien p\u00e5 det meste, men det har \u00f2g vore nokre hyggelege h\u00f8gdepunkt, ikkje minst p\u00e5 stafettar.\u00a0<\/p>\n","protected":false},"author":46,"featured_media":13223,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[130,126],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-13222","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-5-2025","category-utgaver-2025"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/13222","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/46"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=13222"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/13222\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":13408,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/13222\/revisions\/13408"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/13223"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=13222"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=13222"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=13222"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=13222"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}