{"id":13162,"date":"2025-06-25T08:03:52","date_gmt":"2025-06-25T08:03:52","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=13162"},"modified":"2025-06-26T20:04:35","modified_gmt":"2025-06-26T20:04:35","slug":"det-viktigaste-forst","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=13162","title":{"rendered":"Det viktigaste f\u00f8rst"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">akkurat dei same tala mot meg \u00f2g morgonen etter. Den intuitive assosiasjonen min var begge morgonane den same. 6.33 var tala for eit av dei mange Bibel-versa vi vart p\u00e5lagt \u00e5 pugge under kveldsandakten i heimen. Matteus 6.33. Med det same eg s\u00e5g p\u00e5 klokka visste eg kva som stod der \u2013 p\u00e5 bokm\u00e5l \u2013 utan \u00e5 sl\u00e5 opp: \u00abS\u00f8k f\u00f8rst Guds rike og hans rettferdighet, s\u00e5 skal dere f\u00e5 alt det andre i tillegg.\u00bb<\/p>\n<p class=\"p2\">Ikkje s\u00e5 lenge f\u00f8r dei to 6.33-morgonane hadde eg kommi over eit sitat fr\u00e5 J. R. R. Tolkien: \u00abAll we have to decide is what to do with the time that is given us.\u00bb Alt vi treng \u00e5 bestemme oss for, er kva vi skal gjera med den tida vi har f\u00e5tt.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Bonusglede<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Av einkvan grunn vart dei to sitata kopla saman i hovudet mitt. Det det handlar om, er \u00e5 finne ut kva som er viktig, og bruker vi tida p\u00e5 det, vil vi f\u00e5 masse bonusglede.<\/p>\n<p class=\"p2\">I idrettslivet ser vi det tydeleg. Dei som blir best, er som oftast dei som finn ut kva som er viktig og gjer det. I staden for \u00e5 tenkje p\u00e5 tilleggseffektar som sponsorar, pengar, heider og kjendisliv, konsentrerer dei som om hovudtinga \u2013 trene godt, eta nok og kvile mellom slaga.<\/p>\n<p class=\"p2\">Som P\u00e5l Gunnar Mikkelsplass ein gong sa om tilv\u00earet som langrennsl\u00f8par: \u00abMe arbeidde hardt, \u00e5t g\u00f8dt, trena mykje og sakna ikkje noko.\u00bb<\/p>\n<p class=\"p2\">Har vi ein misjon, veit vi kva vi vil bruke tida p\u00e5. Dermed blir det lite tid til \u00e5 keie seg, synast synd p\u00e5 seg sj\u00f8lv eller finne p\u00e5 tull.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Storverk<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">For fine ting blir ikkje til av seg sj\u00f8lv. Bak store kunstverk st\u00e5r nokon som har dedikert livet sitt til \u00e5 skapa kunst. Bak store idrettsprestasjonar finn vi folk som har lagt sjela si i \u00e5 f\u00e5 det til. Talentet var der, men likevel kom det ikkje av seg sj\u00f8lv for verken Hans Rotmo eller Oddvar Br\u00e5. Dei gjekk heilhjarta inn i det, for \u00e5 skapa storverk i studio og l\u00f8ype.<\/p>\n<p class=\"p2\">Og s\u00e5 f\u00e5r vi tru at dei fekk mykje anna att\u00e5t. At dei kjente seg signa og fekk i retur ein heil del av den gleda dei gav andre ved sj\u00f8lv \u00e5 gjera sitt beste.<\/p>\n<p class=\"p2\">S\u00e5 treng vi ikkje \u00e5 vera p\u00e5 verken Rotmo- eller Br\u00e5-niv\u00e5 for \u00e5 skapa noko av verdi for b\u00e5de oss sj\u00f8lv og dei vi har ikring oss. Det kan vera eldsjela som m\u00f8ter opp og dirigerer Kondistreninga kvar tysdag uansett v\u00ear og f\u00f8re, eller ho som heiar der ingen andre heiar, eller samlar saman s\u00f8ppelet som l\u00f8parane kasta ifr\u00e5 seg i maratonl\u00f8ypa.<\/p>\n<p class=\"p2\">Eg veit verken korfor 6.33 lyste imot meg to morgonar p\u00e5 rad, eller korfor eg fekk den assosiasjonen tala gav meg. Men eg bestemte meg for \u00e5 ta den med meg vidare, som ei lita p\u00e5minning om \u00e5 bruke den tida eg har f\u00e5tt, \u00f2g dei dagane eg vaknar til heilt andre tidspunkt.<\/p>\n<p class=\"p2\">Omtrent parallelt med barndommens memorering av Bibel-vers l\u00e6rte eg \u00f2g Matteus 6.33 gjennom \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 ein gospelsong av Charlotte H\u00f6glund. Nokre \u00e5r seinare fekk eg gleda av \u00e5 intervjue henne for musikkbladet Treff som eg frilansa for f\u00f8r eg byrja i Kondis.<\/p>\n<p class=\"p2\">Songen hennar byrja slik:<\/p>\n<p class=\"p1\"><em>G\u00f6r dig inga bekymmer f\u00f6r din morgondag.<\/em><br \/>\n<em>Se p\u00e5 f\u00e5glarna under himlen, se p\u00e5 liljorna p\u00e5 marken.\u00a0<\/em><br \/>\n<em>G\u00f6r dig inga bekymmer f\u00f6r din morgondag.<\/em><br \/>\n<em>Jag vet ju alt va du beh\u00f6ver. <\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg har det med \u00e5 vakne av meg sj\u00f8lv s\u00e5 tidleg at eg s\u00e5 \u00e5 seie aldri bruker alarm. Ein morgon her i v\u00e5r viste displayet p\u00e5 klokka 6.33 da eg vakna.  <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":13163,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[130,126],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-13162","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-5-2025","category-utgaver-2025"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/13162","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=13162"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/13162\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":13422,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/13162\/revisions\/13422"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/13163"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=13162"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=13162"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=13162"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=13162"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}