{"id":12915,"date":"2025-05-07T11:12:27","date_gmt":"2025-05-07T11:12:27","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=12915"},"modified":"2025-05-08T10:24:39","modified_gmt":"2025-05-08T10:24:39","slug":"klar-for-sesongopning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=12915","title":{"rendered":"Klar for sesongopning"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Tolv sesongar i Gular l\u00e6rte meg viktigheita av Holmenkollstafetten som ein samlande og motiverande faktor for idrettslag og bedrifter. Det var veldig kjekt \u00e5 vinne Holmenkollstafetten fem gonger med Gular, men Holmenkollstafetten er viktig for s\u00e5 mange andre enn det aller beste laget.<\/p>\n<p class=\"p3\">Vi starta s\u00e5 sm\u00e5tt med eit herrelag i F\u00f8rde i fjor, og vi stiller igjen i \u00e5r. Vi er i seniorklassen, og dersom lesaren \u00f8nsker \u00e5 f\u00f8lge med p\u00e5 korleis det g\u00e5r med F\u00f8rde p\u00e5 Holmenkollstafetten, setter vi stor pris p\u00e5 det. Vi brukte 56 minutt og 27 sekund i fjor p\u00e5 dei 15 etappane og \u00f8nsker \u00e5 bruke vesentleg mindre tid i \u00e5r.<\/p>\n<figure id=\"attachment_12918\" aria-describedby=\"caption-attachment-12918\" style=\"width: 500px\" class=\"wp-caption alignright\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-12918\" src=\"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2025\/05\/Marius-Vedvik-foto-privat.jpg\" alt=\"\" width=\"500\" height=\"414\" srcset=\"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2025\/05\/Marius-Vedvik-foto-privat.jpg 500w, https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2025\/05\/Marius-Vedvik-foto-privat-300x248.jpg 300w\" sizes=\"auto, (max-width: 500px) 100vw, 500px\" \/><figcaption id=\"caption-attachment-12918\" class=\"wp-caption-text\"><strong>Ny v\u00e5r:<\/strong> Marius Vedvik har f\u00e5tt trena godt gjennom v\u00e5ren. Her ser vi han ved den lokale elva Anga. (Foto: privat)<\/figcaption><\/figure>\n<h3 class=\"p5\"><span class=\"s1\">Hard og mykje trening\u00a0<\/span><\/h3>\n<p class=\"p2\">For min egen del har treninga i april vore sv\u00e6rt bra. Det ser ut som det blir rundt 750 km totalt sett i april, noko som er rundt 170 km i veka i snitt. Spesielt to veker skil seg ut. Veka mellom 7. og 13. april er sannsynlegvis den hardaste treningsveka intensitetsmessig eg har hatt nokon gong:<\/p>\n<p class=\"p2\"><b>M\u00e5ndag 7. april<\/b><\/p>\n<p class=\"p2\">FM: 5 x 5 minutt 3.15-3.08\/km, 3,8 i laktat.<\/p>\n<p class=\"p2\">EM: 12 x 400 + 8 x 300 meter. Snitt 68,1 og 49,6. 5,6 og 6,7 i laktat.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\"><b>Onsdag 9. april<\/b><\/p>\n<p class=\"p2\">FM: 6 x 4 minutt. 3.13-3.06\/km. 4,7 i laktat.<\/p>\n<p class=\"p2\">EM: 10 x 1000 meter snitt 3.01,9. 3,0 og 3,9 i laktat.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\"><b>Laurdag 12. april\u00a0<\/b><\/p>\n<p class=\"p2\">FM: 4 x 600 + 4 x 300 + 4 x 200 + 4 x100 meter. 1.35,96 \u2013 46,90 \u2013 30,3 \u2013 14,6. 13,8 i laktat etter 600 meter og 15,0 i laktat etter 300 meter.<\/p>\n<p class=\"p2\">EM: KM terrengl\u00f8p Sogn og Fjordane. Gull p\u00e5 3 km. M\u00e5lte 11,7 i laktat etter l\u00f8pet.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">Totalt sett vart det fem intervall\u00f8kter med ganske h\u00f8g intensitet og ein konkurranse. I alt 170 km. Eigentleg for hard trening utifr\u00e5 plan, men berga meg nok p\u00e5 at intervall\u00f8ktene ikkje var s\u00e5 lange. Veka etterp\u00e5 sprang eg 22 km lenger totalt sett (192 km), men da var intensiteten vesentleg l\u00e5gare totalt sett sj\u00f8lv om laurdags\u00f8kta var hard med 16,3 i laktat.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p3\">Det er viktig \u00e5 presisere at s\u00e5 hard trening eigentleg ikkje er \u00e5 anbefale, men eg lever livet som fulltidsut\u00f8ver no inn mot sesongen, og d\u00e5 toler ein meir trening enn dersom ein bruker mykje energi p\u00e5 andre ting. Uansett kjem eg til \u00e5 roe ned intensiteten sj\u00f8lv ogs\u00e5 framover. Treninga fram mot min 14. fri\u00adidrettssesong kan du f\u00f8lge p\u00e5 Strava.<\/p>\n<h3 class=\"p5\"><span class=\"s1\">P\u00e5ske i Bergen\u00a0<\/span><\/h3>\n<p class=\"p2\">P\u00e5skehelga tok eg turen til Bergen for \u00e5 trene med mine Gular-venner. Etter tolv sesongar i Gular og over ti \u00e5r i Bergen f\u00f8ler eg meg framleis heime i Bergen, og det er alltid kjekt \u00e5 treffe gjengen.<\/p>\n<p class=\"p3\">Laurdag formiddag sprang eg 5 x 600 + 6 x 300 meter med Tore Akerlie og Christian Lothe. Her har eg p\u00e5 mitt aller beste sprunge p\u00e5 1.33 p\u00e5 600 og 44 p\u00e5 300 med 11-12 i laktat, mens eg denne laurdagen sprang p\u00e5 1.36 og 45 med 16 i laktat. Eg hadde no ein ganske tung dag, men gjennomf\u00f8rte fint.<\/p>\n<p class=\"p3\">P\u00e5 kvelden sprang eg 10 x 600 meter p\u00e5 rundt 2 minutt med Ivar Stefansson og Daniel Beeder p\u00e5 Skansemyren. Her hadde vi god kontroll og m\u00e5lte l\u00e5g laktat (1,3).<\/p>\n<p class=\"p3\">S\u00f8ndag formiddag vart det dryge 22 km med Daniel Beeder og Jarand Blom i Bergen City Marathon-l\u00f8ypa. Eg er fascinert over kor popul\u00e6rt dette l\u00f8pet har blitt gitt den kuperte traseen, men noterer meg at mange er like mykje p\u00e5 jakt etter opplevingar i ein nydeleg by som tider og personlege rekordar. Det er eit vegen er m\u00e5let-spesifikt l\u00f8p.<\/p>\n<p class=\"p3\">Veka etter treningshelga i Bergen starta bra med 10 x 4 minutt og 20 x 400 meter tysdag 22. april med god kontroll. Spesielt 10 x 4 minutt-\u00f8kta p\u00e5 tysdag var noko av det betre eg har levert p\u00e5 intervall\u00f8kt i \u00e5r. D\u00e5 tenker eg spesifikt p\u00e5 forholdet mellom fart og laktat.<\/p>\n<p class=\"p3\">Torsdag 24. april var vesentleg tyngre, men trenden er god, og det har blitt gradvis betre dei siste vekene. Summen av mars og april har vore bra treningsmessig, og eg har skapt eit godt grunnlag for \u00e5 f\u00e5 ein god sesong.\u00a0<\/p>\n<h3 class=\"p5\"><span class=\"s1\">Holmenkollstafetten<\/span><\/h3>\n<p class=\"p2\">Konkurransemessig blir det nokre lokale l\u00f8p i starten av mai f\u00f8r Holmenkollstafetten 10. mai. M\u00e5let for F\u00f8rde p\u00e5 Holmenkollstafetten m\u00e5 vere \u00e5 springe 2 minutt fortare enn i fjor, s\u00e5 vi siktar oss inn p\u00e5 ei tid under 54.30.<\/p>\n<p class=\"p3\">Personleg \u00f8nsker eg \u00e5 bidra s\u00e5 mykje som mogleg p\u00e5 langetappen og siktar meg inn p\u00e5 under 7.30. Etapperekorden eg deler med Senay Fissehatsion p\u00e5 7.11 fr\u00e5 min beste sesong i 2019 blir hard \u00e5 sl\u00e5, men eg skal absolutt springe s\u00e5 fort som mogleg! Den etappen blir ogs\u00e5 erfaringsmessig ein del p\u00e5verka av vindretninga, og det kan g\u00e5 10 sekund begge vegar \u00e5leine p\u00e5 grunn av den faktoren. Her handlar det berre om \u00e5 p\u00e5verke dei viktigaste faktorane ein kan styre sj\u00f8lv: god veksling, god l\u00f8psdisponering og 100 prosent innsats.\u00a0<\/p>\n<h3 class=\"p5\"><span class=\"s1\">Banesesongen<\/span><\/h3>\n<p class=\"p2\">Etter den korte stafettsesongen blir fokuset retta mot banesesongen. Det er litt uvisst kva l\u00f8p det blir p\u00e5 starten av sesongen, men hovudm\u00e5let er \u00e5 stille til start p\u00e5 NM 5 km gatel\u00f8p i Knarvik i juni og NM 10\u00a0000 meter p\u00e5 Ask\u00f8y i august som reell medaljekandidat.<\/p>\n<p class=\"p3\">Elles blir det \u00e5 byggje meg opp til \u00e5 komme i form til \u00e5 springe under 8.00 p\u00e5 3000 meter. Per dags dato er nok 8.10-8.15 rundt niv\u00e5et eg ligg p\u00e5, s\u00e5 eg har ein del \u00e5 jobbe med i tida framover.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p3\">Som nemnt tidlegare har eg i 2025 trena vesentleg fleire intervall\u00f8kter enn i 2022, 2023 og 2024, og eg er spent p\u00e5 \u00e5 sj\u00e5 effekten av dette. Tanken er at ein m\u00e5 \u00f8ve p\u00e5 \u00e5 springe fort ofte. S\u00e5 lenge kroppen toler det, s\u00e5 skal det i utgangspunktet gi framgang i l\u00f8p.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p3\">Den som lever, f\u00e5r sj\u00e5.<\/p>\n\n\n<hr class=\"wp-block-separator has-alpha-channel-opacity\"\/>\n\n\n<figure id=\"attachment_12562\" aria-describedby=\"caption-attachment-12562\" style=\"width: 300px\" class=\"wp-caption alignright\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-12562\" src=\"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2025\/03\/Marius-vedvik_Foto_Arne_Dag_Myking.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"434\" srcset=\"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2025\/03\/Marius-vedvik_Foto_Arne_Dag_Myking.jpg 300w, https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2025\/03\/Marius-vedvik_Foto_Arne_Dag_Myking-207x300.jpg 207w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><figcaption id=\"caption-attachment-12562\" class=\"wp-caption-text\">Foto: Arne Dag Myking<\/figcaption><\/figure>\n<h2 class=\"p1\">Marius Vedvik<\/h2>\n<p class=\"p4\"><strong>Alder:<\/strong> 32 \u00e5r<br \/><strong>Bustad:<\/strong> F\u00f8rde<br \/><strong>Klubb:<\/strong> F\u00f8rde friidrett\u00a0<br \/><strong>Yrke:<\/strong> Online treningsvegleiar og vikarl\u00e6rar\u00a0<br \/><strong>Trener:<\/strong> Meg sj\u00f8lv<br \/><strong>Persar:<\/strong> 3.44,04, p\u00e5 1500, 7.53,01 p\u00e5 3000 m, 13.29,46 p\u00e5 5000 m, 28.42,15 p\u00e5 10\u00a0000 m og 1.04.14 p\u00e5 halvmaraton<br \/><strong>Merittar:<\/strong> 10 individuelle NM-gull: 1 p\u00e5 1500, 2 p\u00e5 3000, 2 p\u00e5 5000, 2 p\u00e5 halvmaraton, 2 i terrengl\u00f8p kort l\u00f8ype og 1 p\u00e5 maraton, nordisk gull 10\u00a0000 m (2014), bronse nordisk terrengl\u00f8p (2016), 14. plass EM 10\u00a0000 EM (2014), 15. plass EM innand\u00f8rs 3000 (2017), 3 sigrar i Oslo Maraton (2016, 2018 og 2022), 5 sigrar i Holmenkollstafetten med Gular (2013, 2017, 2018, 2019 og 2022), 1 siger i Sentrumsl\u00f8pet (2017)<\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Mars har blitt til april, og sesongen kjem stadig n\u00e6rmare. I skrivande stund, 25. april, er det 15 dagar igjen til Holmenkollstafetten, og det markerer gjerne ei slags opning p\u00e5 utand\u00f8rssesongen. <\/p>\n","protected":false},"author":46,"featured_media":12916,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[129,126],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-12915","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-3-2025","category-utgaver-2025"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/12915","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/46"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=12915"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/12915\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":13063,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/12915\/revisions\/13063"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/12916"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=12915"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=12915"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=12915"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=12915"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}