{"id":12843,"date":"2025-05-07T08:38:17","date_gmt":"2025-05-07T08:38:17","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=12843"},"modified":"2025-05-07T08:38:18","modified_gmt":"2025-05-07T08:38:18","slug":"nar-det-gar-sa-det-susar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=12843","title":{"rendered":"N\u00e5r det g\u00e5r s\u00e5 det susar"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Bortsett fr\u00e5 at eg var i mi d\u00e5rlegaste l\u00f8psform sia eg byrja p\u00e5 grunnskolen, s\u00e5 hadde Garmin heilt klart eit poeng: Den gode, lette kjensla (som eg alts\u00e5 ikkje hadde) kan fort forsvinne. All good things come to an end. Vi lever p\u00e5 dyr og kostbar tid. Og ofte g\u00e5r det bratt utfor n\u00e5r ein har vori h\u00f8gt oppe.<\/p>\n<h3 class=\"p3\"><span class=\"s1\">Toppform \u00e5ret rundt<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Heldigvis er ikkje alle toppar s\u00e5 veldig spisse. Jakob Ingebrigtsen ser ut til \u00e5 vera i toppform \u00e5ret rundt, \u00e5r etter \u00e5r, og snart kan vi sikkert skrive ti\u00e5r etter ti\u00e5r.<\/p>\n<p class=\"p4\">I mai i fjor var eg oppe p\u00e5 den h\u00f8gste toppen i Bohusl\u00e4n, Bj\u00f6rner\u00f6dspiggen, 222 meter over havet. Den levde p\u00e5 ingen m\u00e5tar opp til namnet. Ingen pigg eller peak \u00e5 sj\u00e5, berre slakt opp og slakt ned og s\u00e5 skogkledt at hadde det ikkje vori for t\u00e5rnet p\u00e5 to etasjar, hadde eg knapt visst at eg var p\u00e5 ein topp. Men gjer du som Tobias \u2013 og turkamerat Terje \u2013 og klatrar opp i t\u00e5rnet, kan du sj\u00e5 milevis og langt inn i nabolandet i nord.<\/p>\n<p class=\"p4\">I \u00e5r ser l\u00f8psb\u00f8lgja ut til \u00e5 n\u00e5 stadig nye h\u00f8gder. Folk spring omtrent overalt. P\u00e5 Voldsl\u00f8kka i Oslo blir du sett rart p\u00e5 om du er galen nok til \u00e5 springe medsols n\u00e5r hordane kjem imot deg motsols. Rundt Nordre Gravlund er regelen av einkvan grunn motsett. Spring du motsols der, vekkjer det fort oppstandelse.<\/p>\n<p class=\"p4\">Men det er ikkje berre i intervall\u00f8ypene det er full tr\u00f8kk. Folk spring gatelangs, i park og skog, langs havet, p\u00e5 m\u00f8llene \u2013 til alle tider p\u00e5 d\u00f8geret, i all slags fart og i alle typar sko. Med og utan sekk p\u00e5 ryggen eller pulsbeltet rundt brystet.<\/p>\n<h3 class=\"p3\"><span class=\"s1\">Stadig st\u00f8rre<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">L\u00f8pa blir fullteikna stadig tidlegare. Alle skal vera med, og brorparten av b\u00e5de sm\u00e5 og store l\u00f8p veks. Berre f\u00f8rste helga i april vart det sett deltakarrekord i Drammen 10k, Fredrikstadl\u00f8pet, Frostatingsl\u00f8pet, Hamar V\u00e5rl\u00f8p og p\u00e5 alle distansane i KRSUltra. Samstundes fullf\u00f8rte 536 norske l\u00f8parar halvmaraton i Berlin og 533 same distanse i Praha.<\/p>\n<p class=\"p4\">Siste helga i april blir det enda fleire folk i farta med mellom anna Sentrumsl\u00f8p i Oslo, City-Marathon i Bergen og Siddisl\u00f8p i Stavanger p\u00e5 menyen.<\/p>\n<p class=\"p4\">Det er med andre ord b\u00f8lgje. Ho rullar h\u00f8gt. Ein kan mesta bli svimmel og undras om og n\u00e5r nedturen kjem \u2013 og om den vil bli br\u00e5.<\/p>\n<p class=\"p4\">Ein skal sj\u00f8lvsagt ikkje ta sorgene p\u00e5 forskott. Sj\u00f8lv har eg sprungi s\u00e5 lenge at eg har vori gjennom b\u00e5de opp- og nedgangstider f\u00f8r \u2013 utan at det har p\u00e5verka verken treninga mi eller gleda over \u00e5 springe.<\/p>\n<p class=\"p4\">Kondis har haldi p\u00e5 enda lenger, og bladet har kommi taktfast til medlemmane enten det har vori in eller ut \u00e5 springe. I oppgangstider er det lett \u00e5 tru at Kondis lever i beste velg\u00e5ande sia det er s\u00e5 mange som spring, og som difor \u00f2g blir medlemmar. Men n\u00e5r l\u00f8peb\u00f8lgja rullar, er \u00f2g konkurransen fr\u00e5 andre akt\u00f8rar hardare. Da er det br\u00e5tt attraktivt for omtrent alle mediekanalar \u00e5 rapportere om trim og trening. Bladet som heitte nettopp \u00abTrim og trening\u00bb vart for \u00f8vrig borte da den f\u00f8rste store l\u00f8peb\u00f8lgja byrja \u00e5 dabbe rundt 1990.<\/p>\n<h3 class=\"p3\"><span class=\"s1\">Ein p\u00e5le<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Om b\u00f8lgja skulle flate ut og nedgangen komma, s\u00e5 vil det fort bli f\u00e6rre journalistar, podkastarar og andre influensarar som vil bry seg om l\u00f8ping. Vonleg vil Kondis halde stand slik b\u00e5de blad og organisasjon har gjort i tidlegare nedgangstider. Ein p\u00e5le blir enda meir synleg n\u00e5r vatnet trekk seg tilbake.<\/p>\n<p class=\"p4\">For det er ikkje mindre viktig \u00e5 r\u00f8re p\u00e5 seg sj\u00f8lv om f\u00e6rre gjer det. Det kan gi ein ekstra styrke \u00e5 springe i motvind og sv\u00f8mme med straumen imot. Det gjeld \u00e5 ikkje gi seg sj\u00f8lv om leiken ikkje alltid er god.<\/p>\n<p class=\"p4\">Men inntil nedturen kjem, s\u00e5 er det berre \u00e5 glede seg over at s\u00e5 mange vil vera med p\u00e5 b\u00e5de trening og konkurransar. Sj\u00f8lv vurderer eg \u00e5 finne meg eit l\u00f8p \u00e5 sesongopne i \u2013 trass i at forma er ti gonger d\u00e5rlegare enn det Garmin-klokka vil ha det til.<\/p>\n<p class=\"p4\">Ser du meg, s\u00e5 er det i baktroppen \u2013 susande fram i mi eiga fart.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>For ikkje s\u00e5 lenge sia kom det opp ei melding p\u00e5 Garmin-klokka mi om at eg n\u00e6rma meg toppform, og at det var lurt \u00e5 bruke den fine forma godt, for eg kunne ikkje rekne med at ei s\u00e5 god form ville vare s\u00e6rleg lenge. <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":12844,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[129,126],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-12843","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-3-2025","category-utgaver-2025"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/12843","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=12843"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/12843\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":12845,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/12843\/revisions\/12845"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/12844"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=12843"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=12843"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=12843"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=12843"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}