{"id":12560,"date":"2025-03-19T23:01:39","date_gmt":"2025-03-19T23:01:39","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=12560"},"modified":"2025-03-20T12:54:24","modified_gmt":"2025-03-20T12:54:24","slug":"tilbake-til-treningskvardagen-heime","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=12560","title":{"rendered":"Tilbake til treningskvardagen heime"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">30. januar reiste eg saman med Tore Akerlie og \u00c5smund F\u00f8rde fr\u00e5 Dullstroom i S\u00f8r-Afrika. Vi hadde eit bra h\u00f8gdeopphold og gjennomf\u00f8rte mykje god trening.<\/p>\n<p class=\"p2\">Der eg heldt igjen p\u00e5 intervall\u00f8ktene dei f\u00f8rste to vekene, s\u00e5 vart eg litt meir ivrig i veke tre, og tala p\u00e5 laktatapparatet vart litt h\u00f8gare enn planlagt. Her justerte eg fint inn og trente litt rolegare og kortare nokre dagar slik at eg i veke fire fekk mine beste intervall\u00f8kter p\u00e5 leiren. For \u00e5 illustrere kor stor forskjell det var fr\u00e5 veke ein til veke fire, s\u00e5 kan eg avsl\u00f8re at snittet p\u00e5 1000 meter-\u00f8kta i veke ein var 3.23, mens det i veke fire var 3.10.<\/p>\n<p class=\"p2\">Tore og \u00c5smund var veldig god matching, og vi sprang i lag p\u00e5 det aller meste. Det er gull verdt b\u00e5de fysisk og psykisk \u00e5 ha selskap p\u00e5 trening, og spesielt p\u00e5 intervall\u00f8ktene.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">Oppsummert hadde vi fem intervall\u00f8kter i veka, og vi sprang 160-170 km. Team Tr\u00f8ndelag sette standarden p\u00e5 trening f\u00f8r Per Svela og Narve Nord\u00e5s kom og la lista end\u00e5 litt h\u00f8gare. Det er inspirerande \u00e5 sj\u00e5 kor lista ligg, og n\u00e5r ein har ein av verdas beste 1500 meter-l\u00f8parar til \u00e5 plassere lista, s\u00e5 blir det ei brutal realitetsorientering. Dette gjeld b\u00e5de p\u00e5 quizkampen, terskel- og bakke\u00f8kter.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Februar\/mars<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Etter lang reise og helg i Bergen var eg tilbake i F\u00f8rde 2. februar. 3. februar var eg sett inn som vikarl\u00e6rar p\u00e5 skule, og der har eg har jobba tett p\u00e5 100 prosent i tre veker. Her blir det nok vesentleg mindre arbeid inn mot sesongen for min del for \u00e5 optimalisere treninga, men det gir meg mykje \u00e5 bidra n\u00e5r eg kan.<\/p>\n<p class=\"p2\">Dei f\u00f8rste dagane etter eg kom heim, merka eg at eg var litt sliten av ulike grunnar, men niv\u00e5et p\u00e5 trening var etter kvart akseptabelt. Planen var \u00e5 springe NM innand\u00f8rs i B\u00e6rum, men nokre dagar f\u00f8r l\u00f8pet vart eg dessverre forkj\u00f8la, og eg var ikkje i tvil om at det mest fornuftige var \u00e5 st\u00e5 over. Litt kjedeleg \u00e5 st\u00e5 over vinterens hovudm\u00e5l, men det viktigaste for min del i 2025 er \u00e5 n\u00e6rme meg mitt eige toppniv\u00e5 til sommaren, og d\u00e5 kan eg ikkje bryte kroppen meir ned enn at eg klarer \u00e5 bygge den opp igjen.<\/p>\n<p class=\"p2\">Eg har tidlegare sprunge l\u00f8p med forkj\u00f8ling i kroppen, og det er absolutt ikkje \u00e5 anbefale. D\u00e5 kan det ta fleire veker f\u00f8r ein er tilbake igjen.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">Etter sjukdomsperioden har kroppen vore litt sett tilbake, naturleg nok. Min umiddelbare tanke her har vore \u00e5 legge vekk heilt fokuset p\u00e5 eventuelle konkurransar f\u00f8r mai for \u00e5 komme tilbake p\u00e5 eit h\u00f8gt treningsniv\u00e5 igjen. Laurdag 1. mars sprang eg 6 x1000 meter p\u00e5 3.01 med 4.4 i laktat, og det er eit godt stykke bak mitt toppniv\u00e5 da eg tidlegare har vore i stand til \u00e5 springe ned mot 2.50 i snitt med same laktat.<\/p>\n<p class=\"p2\">Heldigvis er vi framleis i starten av mars, og erfaringsmessig pleier treningsniv\u00e5et \u00e5 heve seg nokre hakk p\u00e5 v\u00e5ren. Betre springeforhold og meir dagslys er nok sentrale faktorar her d\u00e5 betre trivsel ofte f\u00f8rer til betre form.\u00a0<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Terskel\u00a0<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Hovudm\u00e5let for mars og april er \u00e5 heve terskelfarten s\u00e5 mykje som mogleg. Som nevnt i f\u00f8rre innlegget i \u00abMitt trenings\u00e5r\u00bb, s\u00e5 er terskelfarten den farten ein held n\u00e5r det er likevekt mellom produksjon og eliminasjon av melkesyre. Sidan det er begrensa kor lenge ein kan springe med h\u00f8ge laktatverdiar, s\u00e5 gjeld det \u00e5 trene terskelfarten til \u00e5 bli best mogleg.<\/p>\n<p class=\"p2\">Her er variasjon og kontinuitet n\u00f8kkelord for \u00e5 utvikle relevante eigenskapar. Ein kombinasjon av kortintervallar og langintervallar vil p\u00e5 sikt helst f\u00f8re til betre terskelfart, og ein kan springe meir avslappa p\u00e5 det som n\u00e6rmar seg konkurransefart.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">D\u00e5 eg i februar b\u00e5de vart sjuk og jobba mykje, s\u00e5 vart det mindre dobbel terskel enn i S\u00f8r-Afrika. No i mars og april blir det annleis, og eg tenker \u00e5 gjennomf\u00f8re mange doble terskeldagar med langintervall p\u00e5 f\u00f8remiddagen og kortintervall om kvelden.<\/p>\n<p class=\"p2\">Som min gamle trener Asgeir Thomassen har vore klar p\u00e5, s\u00e5 skal ein vere veldig forsiktig med \u00e5 trene for hardt n\u00e5r terskelfarten ikkje er der den skal vere. Det gjeld spesielt litt seige langdistansel\u00f8parar som meg. Med det som bakteppe vil eg nok vente litt med dei aller hardaste \u00f8ktene. Utvikling av terskelfart har prioritet nummer 1, 2 og 3 dei neste vekene.<\/p>\n<p class=\"p2\">Dersom ein ser p\u00e5 Jakob Ingebrigtsen og Narve Nord\u00e5s, s\u00e5 kan dei springe veldig, veldig fort p\u00e5 langintervallar (6 minutt), kortintervallar (400-metrar) og p\u00e5 det midt i mellom (1000-metrar). Fordelen med kontrollert intervalltrening er at ein kan springe veldig mange kilometer i h\u00f8g fart utan at det kostar for mykje. Dersom ein spring for fort p\u00e5 desse \u00f8ktene, s\u00e5 vil det g\u00e5 utover dei neste \u00f8ktene, og d\u00e5 tar det ikkje lang tid f\u00f8r ein er overtrent\/feiltrent.\u00a0<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Vegen vidare<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Fokuset i mars og april er heilt klart trening og \u00e5 bli konkurransedyktig n\u00e5r banesesongen startar i mai. I utgangspunktet er Holmenkollstafetten 10. mai og 3000 meter p\u00e5 Arne Risa Classic 14. mai dei neste l\u00f8pa. Hovudm\u00e5let for sesongen er \u00e5 vere f\u00f8rste l\u00f8par fr\u00e5 ein klubb i Sogn og Fjordane som spring under 8.00 p\u00e5 3000 meter. Eg har tolv l\u00f8p under 8.00 for Gular, men ingen l\u00f8p under 8.00 for F\u00f8rde. 8.06,47 vart fasiten i 2024, s\u00e5 det skal absolutt vere mogleg.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">Elles har eg framleis offisielt sett betre pers enn alle krinsrekordane i Sogn og Fjordane p\u00e5 1500, 3000, 5000, 10 000 og halvmaraton, men alle persane er fr\u00e5 tida i Gular. B\u00e5de mine egne klubbrekordar i F\u00f8rde og dei andre krinsrekordane i Sogn og Fjordane er i bakhovudet n\u00e5r eg trenar inn mot ny sesong, og eg ser p\u00e5 det som veldig viktig \u00e5 finne m\u00e5l som man blir motivert av. Friidrettskrinsen i Sogn og Fjordane har mange gode ut\u00f8varar, b\u00e5de p\u00e5 junior-, senior- og veteransida, og dette er det inspirerande \u00e5 vere ein del av.<\/p>\n<p class=\"p2\">Uansett er mi viktigaste oppg\u00e5ve for \u00e5ret \u00e5 komme ut av min eigen skygge fr\u00e5 gode gamle dagar (2014-2022). Det hadde vore utruleg stort \u00e5 f\u00e5 kjent p\u00e5 mitt eige toppniv\u00e5 igjen for moderklubben F\u00f8rde friidrett. Det er eg villig til \u00e5 legge ned ein god innsats for \u00e5 f\u00e5 til.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">S\u00e5 lenge det er liv, er det h\u00e5p.<\/p>\n\n\n<hr class=\"wp-block-separator has-alpha-channel-opacity\"\/>\n\n\n<figure id=\"attachment_12562\" aria-describedby=\"caption-attachment-12562\" style=\"width: 300px\" class=\"wp-caption alignright\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-full wp-image-12562\" src=\"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2025\/03\/Marius-vedvik_Foto_Arne_Dag_Myking.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"434\" srcset=\"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2025\/03\/Marius-vedvik_Foto_Arne_Dag_Myking.jpg 300w, https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2025\/03\/Marius-vedvik_Foto_Arne_Dag_Myking-207x300.jpg 207w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><figcaption id=\"caption-attachment-12562\" class=\"wp-caption-text\">Foto: Arne Dag Myking<\/figcaption><\/figure>\n<h2 class=\"p1\">Marius Vedvik<\/h2>\n<p class=\"p4\"><strong>Alder:<\/strong> 32 \u00e5r<br \/><strong>Bustad:<\/strong> F\u00f8rde<br \/><strong>Klubb:<\/strong> F\u00f8rde friidrett\u00a0<br \/><strong>Yrke:<\/strong> Online treningsvegleiar og vikarl\u00e6rar\u00a0<br \/><strong>Trener:<\/strong> Meg sj\u00f8lv<br \/><strong>Persar:<\/strong> 3.44,04, p\u00e5 1500, 7.53,01 p\u00e5 3000 m, 13.29,46 p\u00e5 5000 m, 28.42,15 p\u00e5 10\u00a0000 m og 1.04.14 p\u00e5 halvmaraton<br \/><strong>Merittar:<\/strong> 10 individuelle NM-gull: 1 p\u00e5 1500, 2 p\u00e5 3000, 2 p\u00e5 5000, 2 p\u00e5 halvmaraton, 2 i terrengl\u00f8p kort l\u00f8ype og 1 p\u00e5 maraton, nordisk gull 10\u00a0000 m (2014), bronse nordisk terrengl\u00f8p (2016), 14. plass EM 10\u00a0000 EM (2014), 15. plass EM innand\u00f8rs 3000 (2017), 3 sigrar i Oslo Maraton (2016, 2018 og 2022), 5 sigrar i Holmenkollstafetten med Gular (2013, 2017, 2018, 2019 og 2022), 1 siger i Sentrumsl\u00f8pet (2017)<\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sidan f\u00f8rre oppdatering fr\u00e5 mitt trenings\u00e5r har vinter blitt til v\u00e5r, og Afrika blitt bytta ut med Vestlandet.\u00a0 <\/p>\n","protected":false},"author":46,"featured_media":12561,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[128,126],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-12560","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-2-2025","category-utgaver-2025"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/12560","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/46"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=12560"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/12560\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":12742,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/12560\/revisions\/12742"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/12561"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=12560"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=12560"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=12560"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=12560"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}