{"id":12158,"date":"2025-01-28T21:59:12","date_gmt":"2025-01-28T21:59:12","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=12158"},"modified":"2025-01-28T22:00:41","modified_gmt":"2025-01-28T22:00:41","slug":"det-interessante-livet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=12158","title":{"rendered":"Det interessante livet"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Eg veit ikkje korfor eg sa det, for orda kom utan at eg hadde tenkt meg om. Men i etterkant slo det meg at vi var inne p\u00e5 noko. Ikkje berre fordi dei fem eg sprang med var interessante og bra folk, men \u00f2g fordi dei som er interesserte \u2013 i livet og det det byd p\u00e5 \u2013 generelt er dei mest interessante \u00e5 omgi seg med.<\/p>\n<p class=\"p2\">Det er noko eige med dei som vil vera med p\u00e5 tur \u2013 sj\u00f8lv om det regnar og bl\u00e6s, og h\u00e5lka gir turen litt ekstra spenning. Det er noko eige med dei som er nysgjerrige langt ut i livet, som lurer p\u00e5 korleis ting heng i hop, som interesserer seg for verda og det som skjer i oss og rundt oss. Som ikkje har stivna til sj\u00f8lv om verken steg eller tanke leverer like kjapt og dynamisk som i glansdagane.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Positiv energi<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">P\u00e5 det personlege planet merker vi lett kor stor skilnad det er p\u00e5 \u00e5 m\u00f8te folk som er interesserte og folk som ikkje er det. Vi kjenner fort om nokon bryr seg, om dei undrast, om dei lyttar, om dei har noko \u00e5 dele. Det gjer godt \u00e5 m\u00f8te dei som har denne positive energien.<\/p>\n<p class=\"p2\">I idrettslivet er det interessant \u00e5 f\u00f8lgje dei som v\u00e5gar seg utafor den opptrampa l\u00f8ypa, som set seg nye m\u00e5l, som pr\u00f8ver og feilar, og som reiser seg p\u00e5 nytt. Som ikkje er s\u00e5 redd for \u00e5 dette at dei spring kontrollert p\u00e5 flat m\u00f8lle dersom det er snev av sn\u00f8fnugg i lufta ute.<\/p>\n<p class=\"p2\">Det er noko med \u00e5 kjenne at vi lever \u2013 medan vi enno gjer det. Den dagen vi sluttar \u00e5 interessere oss, kan vegen til \u00e5 hamne mellom dei uinteressante bli kort.<\/p>\n<p class=\"p2\">Dermed ikkje sagt at vi skal klassifisere alle som kan verke uinteresserte som uinteressante. Det er mange m\u00e5tar \u00e5 bidra p\u00e5, og ein stor innsats kan bli gjort utan at det blir overskrift i verken Kondis eller VG. Dei blyge er gjerne dei beste \u2013 til \u00e5 lytte, til \u00e5 bry seg, til \u00e5 vera der n\u00e5r det trengst. Ikkje alle kan eller skal spele f\u00f8rstefiolin. I livsorkesteret er det god plass og eit instrument for alle.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Lunefullt<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Tilbake til springturen \u2013 for dei spesielt interesserte, ein gr\u00e5v\u00earsdag med lunefullt islag p\u00e5 grusen og sleipe steinar p\u00e5 stiane. Om eg ikkje hadde avtalt med dei fem andre, ville eg neppe fari ut. Eller eg hadde snudd etter f\u00e5 hundre meter da eg skj\u00f8nte at forholda var meir krevjande enn eg hadde trudd. Kan hende hadde eg rett og slett hamna p\u00e5 m\u00f8lla p\u00e5 Kringsj\u00e5 Athletica \u2013 saman med andre av den ikkje spesielt interesserte sorten.<\/p>\n<p class=\"p2\">Helga f\u00f8r gr\u00e5v\u00earsturen hadde eg hatt gleda av springe tre mil i str\u00e5lande solskin langs kysten av Spania \u2013 med avsluttande bad i Middelhavet. Kontrasten til novemberturen i Nordmarka var stor, men kjensla var den same gode \u2013 av \u00e5 vera eit menneske i r\u00f8rsle, gjennom variert natur- og kulturlandskap p\u00e5 den kloden eg fekk lov \u00e5 vitje ei tilm\u00e5lt tid.<\/p>\n<p class=\"p2\">Og begge turane fekk eg dele med andre som ikkje takka nei fordi det var for kaldt eller for varmt, for langt eller for bratt, for blautt eller for glatt. Som rett og slett var s\u00e5 interesserte at det heile vart interessant.<\/p>\n<p class=\"p2\">Ei lita strekning i det lange l\u00f8pet som heiter livet, ein to-tre timar to laurdagar p\u00e5 rad \u2013 takk for f\u00f8lget!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det var siste dagen i november, og vi var ein liten gjeng som sprang i skogen \u2013 p\u00e5 s\u00f8kkblaute stiar og s\u00e5peglatte grusvegar. \u00abJa, dette m\u00e5 vel kunne kallast ein tur for dei spesielt interesserte\u00bb, kom det undervegs fr\u00e5 ei av dei som var med. \u00abEller \u2013 ein tur for dei spesielt interessante\u00bb, var det spontane svaret fr\u00e5 meg. <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":12159,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[127,126],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-12158","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-1-2025","category-utgaver-2025"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/12158","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=12158"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/12158\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":12161,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/12158\/revisions\/12161"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/12159"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=12158"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=12158"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=12158"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=12158"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}