{"id":11977,"date":"2024-12-11T23:38:00","date_gmt":"2024-12-11T23:38:00","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=11977"},"modified":"2024-12-12T08:38:54","modified_gmt":"2024-12-12T08:38:54","slug":"marte-hovland-trivst-med-bade-piggsko-og-fotballsko-pa-beina","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=11977","title":{"rendered":"Marte Hovland: Trivst med b\u00e5de piggsko og fotballsko p\u00e5 beina\u00a0"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Eit av dei l\u00f8pa ho var mest n\u00f8gd med i \u00e5r, var da ho sprang 800 meteren p\u00e5 2.07 og klarte kravet til U20-VM. Det gjorde ho dagen etter at ho hadde spelt cupkamp med ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 Det var neppe den perfekte oppladinga, men det fungerte eigentleg fint. Det er slik eg ganske ofte m\u00e5 gjera det \u2013 at n\u00e5r eg har spela kamp p\u00e5 Austlandet p\u00e5 laurdag, s\u00e5 er eg med p\u00e5 eit l\u00f8p p\u00e5 sundagen, fortel Marte Hovland p\u00e5 telefon fr\u00e5 Portugal.<\/p>\n<p class=\"p2\">Der er ho p\u00e5 treningsleir i Albufeira med juniorlandslaget i friidrett, noko som passar fint sia ho har sesongpause fr\u00e5 fotballen. Det kortsiktige m\u00e5let er \u00e5 bu seg til EM i terrengl\u00f8p i byrjinga av desember, og det meir langsiktige er \u00e5 leggje eit godt grunnlag til 2025-sesongen.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Gull og s\u00f8lv i nordisk<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">F\u00f8r avreisa til Portugal fekk Marte ei fin oppleving under Nordisk meisterskap i terrengl\u00f8p i Finland. Der sprang ho inn til s\u00f8lv individuelt og gull i lagkonkurransen saman med Wilma Anna Bekkemoen Torbi\u00f6rnsson og Mia B\u00f8.<\/p>\n<p class=\"p2\">Enda meir n\u00f8gd var Marte da ho klarte niandeplass i finalen i U20-VM i Peru i sommar.<\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 Ja, b\u00e5de fors\u00f8k- og finalel\u00f8pet i VM var veldig bra. Forma var fin, og eg klarte \u00e5 springe taktisk gode l\u00f8p og fekk ut det eg hadde inne.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">Dei fine resultata p\u00e5 b\u00e5de bane og i terrenget inspirerer til vidare satsing, men ikkje s\u00e5 mykje at ho vil gi opp fotballen.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 F\u00f8r var det fotballen som var hovudgreia, men etter kvart har springinga f\u00e5tt meir og meir fokus. Men ikkje s\u00e5 mykje at eg vil slutte \u00e5 spele fotball. Eg m\u00e5 sikkert ta eit val ein dag, men det har g\u00e5tt bra \u00e5 kombinere s\u00e5 langt, fortel Marte.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Herda og sterk<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">P\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l om det kan vera ein fordel for fotballen at ho spring og vice versa, svarar ho:<\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 At eg spring s\u00e5 mykje, har gitt meg eit godt kondisjonsgrunnlag n\u00e5r eg speler fotball, og samstundes trur eg at fotballsparkinga har gjort meg mindre skadeutsett som l\u00f8par. Du blir ganske herda og sterk som fotballspelar, med masse br\u00e5 taktomslag og retningsendringar.<\/p>\n<p class=\"p2\"><i>\u2013 Var det som fotballspelar at du oppdaga du at du hadde talent for \u00e5 springe fort?<\/i><\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 Nei det var p\u00e5 ein idrettsdag p\u00e5 skolen da eg p\u00e5 ein 2-3 km lang l\u00f8petest slo alle gutane. Eg vart fortald at eg hadde l\u00f8pstalent og vart med p\u00e5 eit stevne i Vik. Da vi litt seinare var p\u00e5 ferie i Oslo, var eg med p\u00e5 eit l\u00f8p, og tida var s\u00e5 bra at eg vart teken ut p\u00e5 juniorlandslaget, fortel Marte.<\/p>\n<p class=\"p2\">\u00c5 hevde seg i to s\u00e5pass ulike idrettar krev ein god innsats, og rutinen er \u00e5 trene to gonger kvar dag. I sesongen er fire-fem av \u00f8ktene fotballtreningar med kamp i tillegg. Heldigvis er deltidsstillinga ho har i NFF Sogn og Fjordane s\u00e5 fleksibel at ho kan dra p\u00e5 treningsleirar og kvile mellom slaga.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">U23-EM i Bergen<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\"><i>\u2013 Kva gjer du viss du verkeleg skal slappe av? <\/i><\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 Da blir det til at eg legg meg ned og ser eitkvart p\u00e5 Netflix, men eg likar \u00f2g \u00e5 laga mat og vera med vennar og familie, seier Marte som har stores\u00f8stera si som lagvenninne i Sogndal FK.\u00a0<\/p>\n<p class=\"p2\"><i>\u2013 Er ho \u00f2g med p\u00e5 l\u00f8pskonkurransar? <\/i><\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 Nei, ho deltek ikkje, men er ofte med som supportar, og det er kjekt.<\/p>\n<p class=\"p2\">N\u00e5r Marte ser framover, s\u00e5 er U23-EM i Bergen eit viktig m\u00e5l for neste sesong, og truleg blir det 1500 meteren som vil bli hovuddistansen.<\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 Eg likar banel\u00f8p da det er s\u00e5 lett \u00e5 m\u00e5le framgang. Samstundes er det \u00f2g veldig kjekt med terrengl\u00f8p der ein f\u00e5r testa seg i ulike l\u00f8yper utan \u00e5 tenkje s\u00e5 mykje p\u00e5 tida, seier Marte Hovland som er flinkare enn dei fleste til \u00e5 sjonglere fleire ballar samstundes.<\/p>\n\n\n<hr class=\"wp-block-separator has-alpha-channel-opacity\"\/>\n\n\n<h2 class=\"p1\">Ei veke p\u00e5 treningsleir i Portugal med juniorlandslaget f\u00f8r EM terrengl\u00f8p<\/h2>\n<p class=\"p3\"><strong>M\u00e5ndag<br \/><\/strong>\u00d8kt 1: Roleg jogg 8 km + styrke m\/ vekter &amp; spenst<br \/>\u00d8kt 2: Roleg jogg 6 km + hekkedrill &amp; hurtigheit<\/p>\n<p class=\"p3\"><strong>Tysdag<br \/><\/strong>\u00d8kt 1: Terskel: 4&#215;1000 m + 8x500m, pause 60\/40 sek<br \/>\u00d8kt 2: Terskel: 25&#215;300 m, pause 100 m jogg<\/p>\n<p class=\"p3\"><strong>Onsdag<br \/><\/strong>\u00d8kt 1: Alternativt: 45 min ellipse + mobilitet\/skadef\u00f8rebygging<br \/>\u00d8kt 2: 10 km jogg + stigningl\u00f8p &amp; styrke basis\/kjerne<\/p>\n<p class=\"p3\"><strong>Torsdag<br \/><\/strong>\u00d8kt 1: Terskel: 4&#215;2 km, pause 90 sek<br \/>\u00d8kt 2: Terskel: 2 x 10&#215;400 m, pause 30 sek, seriepause 2 min<\/p>\n<p class=\"p3\"><strong>Fredag<br \/><\/strong>\u00d8kt 1: Roleg jogg 8 km + styrke basis\/kjerne &amp; skadef\u00f8rebygging<br \/>\u00d8kt 2: Roleg jogg 6 km + stigningsl\u00f8p<\/p>\n<p class=\"p3\"><strong>Laurdag<br \/><\/strong>\u00d8kt 1: Konkurransef\u00f8rebuande \u00f8kt til EM terrengl\u00f8p: 4&#215;1000 m + 6&#215;800 m med piggsko i terreng + 6&#215;150 m p\u00e5 bane, pause 60\/120\/125 sek<br \/>\u00d8kt 2: 20&#215;1 min terskel, pause 30 sek<\/p>\n<p class=\"p3\"><strong>Sundag<br \/><\/strong>Langtur 15 km + stigningsl\u00f8p &amp; styrke basis\/kjerne\/skadef\u00f8rebygging<\/p>\n\n\n<hr class=\"wp-block-separator has-alpha-channel-opacity\"\/>\n\n\n<h2 class=\"p1\">Marte Hovland<\/h2>\n<figure id=\"attachment_11978\" aria-describedby=\"caption-attachment-11978\" style=\"width: 150px\" class=\"wp-caption alignright\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-thumbnail wp-image-11978\" src=\"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2024\/12\/Marte-Hovland-fjes-foto-Dag-Egil-Eliassen-150x150.png\" alt=\"\" width=\"150\" height=\"150\" \/><figcaption id=\"caption-attachment-11978\" class=\"wp-caption-text\">Foto: Dag Egil Eliassen<\/figcaption><\/figure>\n<p class=\"p4\"><span class=\"s1\"><b>Alder: <\/b>19 \u00e5r<br \/><\/span><b>Bustad:<\/b> Bur i Sogndal \u2013 er fr\u00e5 Vik i Sogn<br \/><b>Studium\/jobb:<\/b> Jobbar 40 % for Norges Fotballforbund Sogn og Fjordane<br \/><b>Klubb:<\/b> Friidrett: Vik IL, fotball: Sogndal FK Damer<br \/><b>Trenar:<\/b> Trenar seg sj\u00f8lv, men f\u00e5r r\u00e5d fr\u00e5 Atle Karlsen Mortvedt<br \/><b>Idrettar<\/b>: Springing og fotball<br \/><b>Persar:<\/b> 2.07,00 p\u00e5 800 m, 4.20,60 p\u00e5 1500 m og 9.33,05 p\u00e5 3000 m<br \/><b>Merittar: <\/b>9. plass 1500 m U20-VM, 9. plass 1500 m U18-EM, s\u00f8lv individuelt og gull i lagkonkurransen i nordisk meisterskap i terrengl\u00f8p<\/p>\n\n\n<hr class=\"wp-block-separator has-alpha-channel-opacity\"\/>\n\n\n<h2>5 favorittar<\/h2>\n<p class=\"p1\"><b>Musikk: <\/b>Det aller meste<br \/><b>Mat: <\/b>Sj\u00f8lvlaga kyllingburgar med steikte potetb\u00e5tar<br \/><b>Drikke: <\/b>Sjokomj\u00f8lk<br \/><b>Idrettsut\u00f8var: <\/b>Jakob Ingebrigtsen og Guro Reiten<br \/><b>Trenings\u00f8kt: <\/b>Konkurransespesifikk \u00f8kt: 10 x 300 m med 1 minutts pause i 800-1500 m-fart<\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det er ikkje s\u00e5 uvanleg at unge ut\u00f8varar presterer p\u00e5 h\u00f8gt niv\u00e5 i fleire idrettar, men som oftast dreier det seg om ein sommar- og ein vinteridrett. 19 \u00e5r gamle Marte Hovland kombinerer springing og fotball p\u00e5 h\u00f8gt niv\u00e5.  <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":11979,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[125,117],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-11977","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-8-2024","category-utgaver-2024"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11977","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=11977"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11977\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":12083,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11977\/revisions\/12083"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/11979"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=11977"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=11977"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=11977"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=11977"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}