{"id":11838,"date":"2024-12-11T09:05:11","date_gmt":"2024-12-11T09:05:11","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=11838"},"modified":"2024-12-11T09:06:52","modified_gmt":"2024-12-11T09:06:52","slug":"for-godt-til-a-vera-sant","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=11838","title":{"rendered":"For godt til \u00e5 vera sant?"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Det blir sagt at n\u00e5r noko er for godt til \u00e5 vera sant, s\u00e5 er det som oftast gjerne ikkje sant. Da kenyanske Ruth Chepngetich sprang Chicago Marathon p\u00e5 2.09.56, var ein autoritet som Amby Burfoot raskt ute med \u00e5 skrive at rekorden ikkje bestod luktetesten. To minutt forbetring av ein rekord som ganske nyleg hadde vorti forbetra med over to minutt, var rett og slett ikkje til \u00e5 tru.<\/p>\n<p class=\"p2\">Og Burfoot fekk st\u00f8tte av mange. Dopinganklagane fylde nettsider og kommentarfelt. Dama kom fr\u00e5 eit land med s\u00e5 mange dopingtekne ut\u00f8varar at det var rart om ei som var s\u00e5 mykje betre enn dei som dopa seg, skulle vera rein.<\/p>\n<p class=\"p2\">Sj\u00f8lv skreiv eg at vi som ganske nyleg har opplevd at Jakob Ingebrigtsen og Karsten Warholm har sett nesten like utrulege verdsrekordar som det Chepngetich no gjorde, har grunn til \u00e5 g\u00e5 ganske stille i d\u00f8rene. Iallfall dei av oss som ikkje snakka noko om at 7.17,55 og 45,94 var mistenkjeleg bra.<\/p>\n<p class=\"p2\">Slik sett gjorde etiopiaren Yomif Kejelcha det lettare for seg sj\u00f8lv da han sneia berre sekundet av verdsrekorden da han sprang halvmaraton p\u00e5 57.30 i Valencia. Dei to siste verdsrekordane p\u00e5 halvmaraton er faktisk sett p\u00e5 Bubka-vis \u2013 med berre 1 sekund om gongen.<\/p>\n<p class=\"p2\">Utan at det er garanti for noko som helst n\u00e5r det kjem til doping. Til det har det vori for mange avsl\u00f8ringar mellom dei aller beste, dei neste beste og folk lenger bak i rekka.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Naiv<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Skal ein mistenkje alle som spring fort for \u00e5 bruke ulovlege middel, blir det ikkje s\u00e5 mykje idrettsglede att. Og motsett: G\u00e5r ein rundt og trur at knapt nokon dopar seg, er ein heilt klart naiv.<\/p>\n<p class=\"p2\">Dessverre har doping s\u00e5 lenge vori ein s\u00e5 stor del av idretten at mistanken vil hengje over mange, og s\u00e6rleg dei som spring fantastisk fort. Nokon enkel veg ut av dette uf\u00f8ret trur eg ikkje finst.<\/p>\n<p class=\"p2\">Testarane ligg kronisk p\u00e5 etterskott, og i stor grad er det bukken som passar havresekken. Dei idrettane som testar minst og minst effektivt, f\u00e5r f\u00e6rrast dopingtilfelle og ser difor ut til \u00e5 vera dei reinaste. Og sia ein stor del av testinga er overlati til dei nasjonale idrettsforbunda, s\u00e5 vil interessa for \u00e5 avsl\u00f8re juksarane fort bli lunken. For kven \u00f8nsker \u00e5 dra sine eigne nasjonale heltar ned i s\u00f8la?<\/p>\n<p class=\"p2\">Difor kan eg godt gi kreditt til Antidoping-byr\u00e5et i Kenya som trass alt har avsl\u00f8rt s\u00e5 mange av sine eigne. I nabolandet Etiopia er det knapt nokon som blir tekne, enten \u00e5rsaka er at langt f\u00e6rre etiopiarar dopar seg, at dopinga er meir sofistikert eller at antidopingarbeidet er d\u00e5rlegare.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Enhanced Games<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Somme meiner at det beste er \u00e5 tillate doping. Sterke finansielle akt\u00f8rar pr\u00f8ver \u00e5 etablere Enhanced Games \u2013 som vil vera idrettskonkurransar der doping er lovleg. Hovudargumenta for Enhanced Games er at det b\u00e5de vil vera meir rettferdig og mindre farleg for ut\u00f8varane som da vil kunne dope seg i ope landskap med god oppf\u00f8lging fr\u00e5 medisinske fagfolk. Argument om inkludering og kroppsleg autonomi blir \u00f2g brukt. At vi m\u00e5 respektere at folk \u00f8nsker \u00e5 utvikle kroppen sin p\u00e5 ulike m\u00e5tar \u2013 utan at nokon av den grunn skal kunne stengje dei ute fr\u00e5 idretten.<\/p>\n<p class=\"p2\">Men ei slik l\u00f8ysing er neppe noko godt alternativ for s\u00e6rleg mange av dei foreldra som skal sende ungane sine p\u00e5 ulike typar barneidrett. \u00c5 setje i gang med ei idrettskarriere der ein veit at ein til slutt m\u00e5 putte steroidar eller EPO i kroppen for \u00e5 vera konkurransedyktig, er ganske s\u00e5 langt fr\u00e5 den idrettsleiken vi s\u00e5 gjerne vil tru p\u00e5.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Snarvegar<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Truleg m\u00e5 vi finne oss i \u00e5 leva med tvilen \u2013 enten vi er med i idrettskonkurransar sj\u00f8lv eller ser p\u00e5 fr\u00e5 tribune eller via skjerm. Somme spring fort med doping, somme utan. Somme tek snarvegar n\u00e5r ingen ser dei, andre held seg uansett pent i l\u00f8ypa.<\/p>\n<p class=\"p2\">Dermed ikkje sagt at det ikkje er lov til \u00e5 spekulere om kven som har putta i seg ulovlege substansar og kven som berre n\u00f8yer seg med dei som er lovlege \u2013 som det \u00f2g tek til \u00e5 bli ein god del av.<\/p>\n<p class=\"p2\">Eg trur likevel det har lite for seg \u00e5 stemple dei som vinn \u2013 eller knusar rekordane \u2013 for ureint trav, f\u00f8r bevisa ligg p\u00e5 bordet.<\/p>\n<p class=\"p2\">Og sj\u00f8lv da kan sorteringsarbeidet vera vanskeleg nok. For like visst som at mange skuldige g\u00e5r fri, s\u00e5 vil det \u00f2g vera nokre f\u00e5 som ikkje har dopa seg, som blir d\u00f8mde.<\/p>\n<p class=\"p2\">Fru Justitia har eit stort og vanskeleg arbeid \u00e5 gjera.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ruth Chepngetich forbetra verdsrekorden med mest to minutt da ho i haust sprang maraton p\u00e5 2.09.56. Jakob Ingebrigtsen sprang 3000 meteren over tre sekund fortare enn Daniel Komen da han i sommar kryssa m\u00e5lstreken p\u00e5 7.17,55. Yomif Kejelcha var meir m\u00e5tehalden da han nyleg forbetra verdsrekorden p\u00e5 halvmaraton med eit skarve sekund. <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":11839,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[125,117],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-11838","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-8-2024","category-utgaver-2024"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11838","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=11838"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11838\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":11843,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11838\/revisions\/11843"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/11839"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=11838"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=11838"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=11838"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=11838"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}