{"id":11612,"date":"2024-10-23T12:26:12","date_gmt":"2024-10-23T12:26:12","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=11612"},"modified":"2024-10-23T12:30:45","modified_gmt":"2024-10-23T12:30:45","slug":"isak-dropping-flyg-fort-i-fjella-bade-sommar-og-vinters-tid","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=11612","title":{"rendered":"Isak Dr\u00f8pping: Flyg fort i fjella b\u00e5de sommar og vinters tid"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Mange vart \u00f2g klar over talentet til Isak Dr\u00f8pping da han i slutten av august sprang inn til tredjeplass totalt i Oppdal Fjellmaraton. Det er ikkje s\u00e5 ofte at 17-\u00e5ringar hevdar seg heilt i teten i eit l\u00f8p som er s\u00e5 langt at sj\u00f8lv vinnaren held p\u00e5 i mest 4 timar.<\/p>\n<p class=\"p2\">Isak er med andre ord ikkje redd for \u00e5 utfordre seg sj\u00f8lv og gjera ting p\u00e5 sin eigen m\u00e5te. I Surnadal har han godt med fjell \u00e5 springe i om sommaren og b\u00e5de laussn\u00f8 og alpinanlegg \u00e5 trene i om vinteren.<\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 Eg har heile Trollheimen i n\u00e6rleiken, og n\u00e5r eg er p\u00e5 hytta p\u00e5 K\u00e5rvatn, er eg i Trollheimens navle, fortel Isak da vi sl\u00e5r av ein prat tidleg i oktober.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Tidlegtur p\u00e5 ski<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Han er ferdig med l\u00f8pskonkurransane for i \u00e5r, og treninga er no lagt opp med tanke p\u00e5 skisesongen, som han allereie s\u00e5 vidt har smaka p\u00e5.<\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 Eg var p\u00e5 ski p\u00e5 Trolltinden p\u00e5 sundag. Det var bra med sn\u00f8, men lite s\u00e5le s\u00e5 det var fort gjort \u00e5 treffe steinane, fortel Isak som har verdscupen og VM i Sveits som hovudm\u00e5l for skisesongen.<\/p>\n<p class=\"p2\">Neste l\u00f8pssesong har han ikkje tenkt s\u00e5 mykje p\u00e5 enno, men han er godt n\u00f8gd med den som var.<\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 Ja, det var stort \u00e5 gjera det s\u00e5 bra i Skyrace-VM. Eg hadde p\u00e5 f\u00f8rehand h\u00e5p om ei topp-fem-plassering, og om alt klaffa ein medalje. Men \u00e5 ta fleire s\u00f8lvmedaljar var overraskande, fortel Isak som \u00f2g var av dei yngste i klassen.<\/p>\n<p class=\"p2\">Med s\u00f8lv i VM ligg han allereie framf\u00f8re sin eigen far som var p\u00e5 landslaget i telemarkk\u00f8yring og har bronse fr\u00e5 VM. Vaksen opp i ein idrettsfamilie har Isak vori aktiv heile livet med freeski, alpint og fotball som hovudaktivitetar da han var yngre. I 2021 byrja han s\u00e5 sm\u00e5tt med springing i fjellet.<\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 Eg var med nokre kompisar, og syntest det var artig b\u00e5de \u00e5 utforske fjellet og \u00e5 vera med p\u00e5 konkurransar.<\/p>\n<p class=\"p2\"><i>\u2013 Kva er viktigast for deg \u2013 \u00e5 bli god til \u00e5 springe eller \u00e5 vera ute i naturen? <\/i><\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 Eg vil seie at det viktigaste no er \u00e5 bli god, men det \u00e5 kunne kose seg i fjellet samstundes som ein blir god, er det beste. S\u00e5 slik sett heng dei to i hop.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Bratt terreng<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Vanlegvis blir det mykje springing i bratt terreng, men f\u00f8r VM i sommar la han inn ein del trening i flatare lende f\u00e5r \u00e5 f\u00e5 meir fart i f\u00f8tene. Skal ein bli ein god fjell\u00f8par, m\u00e5 ein \u00f2g vera ein generelt god l\u00f8par.<\/p>\n<p class=\"p2\">Ein stor del av treninga gjer Isak \u00e5leine.<\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 Dei andre herifr\u00e5 som satsar, har flytta til skigymnas i Mer\u00e5ker. Sj\u00f8lv om det er artig \u00e5 trene med andre, s\u00e5 har det \u00f2g sine fordelar \u00e5 trene \u00e5leine. Da kan eg bestemme sj\u00f8lv kva eg skal gjera og slik f\u00e5 best mogleg kvalitet p\u00e5 \u00f8ktene. Men eg trenar med dei andre n\u00e5r dei er heime og synest det er kjekt.<\/p>\n<p class=\"p2\">Isak legg vanlegvis treningsplanar for ein m\u00e5nad om gongen. Dei fleste vekene har han to harde \u00f8kter pluss ein lang langtur. Dei andre dagane er det som oftast to rolege turar. Til saman blir det mellom 15 og 20 timar med trening, og ein god del av treninga f\u00e5r han gjort i skoletida.<\/p>\n<p class=\"p2\"><i>\u2013 F\u00e5r du tid til anna enn skole og trening? <\/i><\/p>\n<p class=\"p2\">\u2013 Ja, viss eg vil, s\u00e5 f\u00e5r eg det. Det blir ikkje mykje festing, men eg tykkjer det er viktig \u00e5 kose seg litt. Framf\u00f8re viktige konkurransar gjer eg f\u00e6rre ting for \u00e5 sikre at eg har overskott.<\/p>\n<p class=\"p2\">Den oppskrifta har gitt gode resultat s\u00e5 langt, og det blir spennande \u00e5 sj\u00e5 om Isak Dr\u00f8pping p\u00e5 sikt kan n\u00e6rme seg Kilian Jornet og dei andre store stjernene, b\u00e5de sommar og vinters tid. I Nesaksla Opp 22. september var det litt over 2 minutt fram til Kilian som vann, men Isak har heilt klart alderen \u2013 og utviklingspotensialet \u2013 p\u00e5 si side.<\/p>\n\n\n<hr class=\"wp-block-separator has-alpha-channel-opacity\"\/>\n\n\n<h2 class=\"p1\">D\u00f8me p\u00e5 treningsveke i l\u00f8pssesongen<\/h2>\n<p class=\"p3\"><span class=\"s1\"><b>M\u00e5ndag<br \/><\/b><\/span>2 t 15 min roleg springing<\/p>\n<p class=\"p3\"><span class=\"s1\"><b>Tysdag<br \/><\/b><b><\/b><\/span>Morgon: 1 t roleg springing<br \/>Kveld: 1 t 30 min roleg springing + 30 min skadef\u00f8rebyggjande styrke<\/p>\n<p class=\"p3\"><span class=\"s1\"><b>Onsdag<br \/><\/b><b><\/b><\/span>Intervall\u00f8kt sone 3 motbakke\/flatt: 2 x 10 min i bratt motbakke, roleg ned i pausen + 5 x 1000 m flatt + 10 min motbakkedrag opp igjen<\/p>\n<p class=\"p3\"><span class=\"s1\"><b>Torsdag<br \/><\/b><b><\/b><\/span>Morgon: 1,5 t roleg sykling<br \/>Kveld: 1 t roleg springing<\/p>\n<p class=\"p3\"><span class=\"s1\"><b>Fredag<br \/><\/b><b><\/b><\/span>Morgon: 1,5 t roleg springing med nokre raske korte drag nedover<br \/>Kveld: 1 t 30 min roleg springing + 30 min skadef\u00f8rebyggjande styrke om kvelden<\/p>\n<p class=\"p3\"><span class=\"s1\"><b>Laurdag<br \/><\/b><\/span><span style=\"font-size: revert; color: initial; font-family: -apple-system, BlinkMacSystemFont, 'Segoe UI', Roboto, Oxygen-Sans, Ubuntu, Cantarell, 'Helvetica Neue', sans-serif;\">Intervall: 3 x 5 min kontrollert i sone 4 puss 6 x 2 min i sone 5, 2 min pausar heile vegen. 5-minuttsdraga slakt oppover p\u00e5 grusveg og 2-minuttsdraga bratt oppover p\u00e5 sti.<\/span><\/p>\n<p class=\"p3\"><span class=\"s1\"><b>Sundag<br \/><\/b><b><\/b><\/span>Morgon: 2,5 t roleg springing<br \/>Kveld: 6 km roleg springing p\u00e5 flatt underlag.\u00a0<\/p>\n\n\n<hr class=\"wp-block-separator has-alpha-channel-opacity\"\/>\n\n\n<figure id=\"attachment_11618\" aria-describedby=\"caption-attachment-11618\" style=\"width: 253px\" class=\"wp-caption alignright\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"wp-image-11618 size-medium\" src=\"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2024\/10\/Isak-Dropping-fjesbilde-foto-privat-253x300.jpg\" alt=\"\" width=\"253\" height=\"300\" srcset=\"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2024\/10\/Isak-Dropping-fjesbilde-foto-privat-253x300.jpg 253w, https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/wp-content\/uploads\/2024\/10\/Isak-Dropping-fjesbilde-foto-privat.jpg 300w\" sizes=\"auto, (max-width: 253px) 100vw, 253px\" \/><figcaption id=\"caption-attachment-11618\" class=\"wp-caption-text\">Foto: privat<\/figcaption><\/figure>\n<h2 class=\"p1\">Isak Dr\u00f8pping<\/h2>\n<p class=\"p4\"><b>Alder:<\/b> 17 \u00e5r<br \/><b>Bustad: <\/b>Surnadal<br \/><b>Yrke\/studium:<\/b> Elev p\u00e5 Surnadal vidareg\u00e5ande, breiddeidrett<br \/><b>Idrett: <\/b>Sti-\/fjellspringing om sommaren og randonee om vinteren <br \/><b>Klubb:<\/b> Trollheimen Fjellsportklubb<br \/><b>Trenar:<\/b> Sin eigen, men f\u00e5r oppf\u00f8lging av trenaren for juniorlandslaget i randonee, Torstein Vestli <br \/><b>Merittar:<\/b> springing: 3 s\u00f8lv i junior-VM i Skyrace (vertikal, skyrace og samanlagt), 3. plass totalt i Oppdal Fjellmaraton 42 km, randonee: 1. plass sprint og vertikal i U18-klassen i norgescupen, 9. plass i U18-EM i 2024<\/p>\n\n\n<hr class=\"wp-block-separator has-alpha-channel-opacity\"\/>\n\n\n<h2>5 favorittar<\/h2>\n<p class=\"p1\"><b>Mat: <\/b>Pizza<br \/><b>Drikke: <\/b>Litago \u2013 dobbel sjoko<br \/><b>Fag: <\/b>\u00d8konomi<br \/><span class=\"s1\"><b>Idrettsut\u00f8var: <\/b>Kilian Jornet <br \/><\/span><b>Trenings\u00f8kt: <\/b>Intervall med b\u00e5de bratte og flate drag<\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>17 \u00e5r gamle Isak Dr\u00f8pping trivst som best n\u00e5r han kan ta seg fort fram til fjells, enten det er med l\u00f8pesko eller randoneeski p\u00e5 f\u00f8tene. I sommar tok han tre s\u00f8lvmedaljar i junior-VM i Skyrace. <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":11614,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[124,117],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-11612","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-7-2024","category-utgaver-2024"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11612","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=11612"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11612\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":11621,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11612\/revisions\/11621"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/11614"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=11612"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=11612"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=11612"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=11612"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}