{"id":11443,"date":"2024-10-21T11:32:55","date_gmt":"2024-10-21T11:32:55","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=11443"},"modified":"2024-10-21T11:32:56","modified_gmt":"2024-10-21T11:32:56","slug":"det-enkle-frie-liv","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=11443","title":{"rendered":"Det enkle frie liv"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">N\u00e5r eg skriv dette, er det ei veke sia eg sprang 5 kilometeren i Trondheim Maraton. F\u00f8r eg sj\u00f8lv var i aksjon, s\u00e5g eg p\u00e5 dei som sprang heilmaraton. Og da eg sj\u00f8lv var i m\u00e5l, fann eg og eit par av br\u00f8rne mine oss ein plass p\u00e5 Gamle bybru og heia p\u00e5 dei som sprang halvmaraton. Sola skein, og brua dissa i takt med l\u00f8parane som str\u00f8ymde forbi i hopetal.<\/p>\n<p class=\"p2\">Noko av det som slo meg, var kor mange som sprang med sekk, eller vest som gjerne er eit meir presist namn. S\u00e6rleg var det mange av dei yngre kvinnene \u2013 som det var gledeleg mange av \u2013 som s\u00e5g ut til \u00e5 v\u00e6re utrusta for langtur.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Topptrena kar<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Kanskje ikkje s\u00e5 rart det. B\u00e5de halv og heil maraton er ein lang distanse. Det fekk sj\u00f8lv ein topptrena kar som Jakob Ingebrigtsen merke under K\u00f8benhavn Halvmaraton, som i skrivande stund er nettopp ferdig. Etter 10 kilometer var det s\u00e5 tomt at sj\u00f8lv ein olympisk meister som Jakob m\u00e5tte stanse og leggje inn ein kvil.<\/p>\n<p class=\"p2\">Kva maratonfolka i Trondheim frakta med seg, er ikkje s\u00e5 godt \u00e5 veta, men mjuke drikkeflaskar som peika opp av lommene p\u00e5 framsida av somme av vestane, indikerte drikke. Kan hende syntest dei det var for langt med 4 km mellom kvar drikkestasjon, eller kanskje ville dei helst vera sikre p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 sin eigen spesialblanding.<\/p>\n<p class=\"p2\">I tillegg til drikke? Sikkert mobil \u2013 dersom den da ikkje l\u00e5g enda lettare tilgjengeleg i lomma p\u00e5 tightsen. Kan hende litt fast eller halvfast f\u00f8de. Ekstra klede skulle det ikkje vera behov for med over 20 grader i skuggen og aldri meir enn 3-4 km kortaste vegen til m\u00e5l.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Sj\u00f8lvvalt<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Heldigvis var det ikkje krav om \u00e5 springe med sekk full av obligatoriske ting i Trondheim Maraton. Det var sj\u00f8lvvalt. For ein del er det gjerne like naturleg \u00e5 ta p\u00e5 seg vesten som det er for meg \u00e5 ta p\u00e5 singleten.<\/p>\n<p class=\"p2\">Skj\u00f8nt p\u00e5 ein s\u00e5 varm og fin dag s\u00e5 lurte eg faktisk p\u00e5 om eg ikkje skulle la den f\u00e5 bli att i bagen. Eg enda likevel opp med \u00e5 vera snill gut og sprang i tredje siste utg\u00e5ve av Vidar-singleten. Heilt klart eit feilval, tenkte eg undervegs. Eg sakna brisen mot kroppen der eg sleit som mest p\u00e5 solsida av Nidelva.<\/p>\n<p class=\"p2\">Tidlegare i sommar var eg med p\u00e5 10 kilometeren i Mont Blanc Marathon. Der var det obligatorisk \u00e5 ha med seg kopp og minst ein halvliter med vatn. Hadde eg vald ein av dei lengre distansane, hadde kravlista vori mykje lengre.<\/p>\n<p class=\"p2\">Kan hende skulle eg gjort som ein eg kjenner og boikotta kopp- og drikkekravet. Lati meg bli diska om eg vart sjekka, for utan at nokon protesterer mot tull og t\u00f8ys, s\u00e5 blir det fort enda meir av det. Sj\u00f8lv om eg brukte over timen p\u00e5 terrengmila i Chamonix, s\u00e5 hadde eg fint klart meg utan vassflaske i bukselinninga.<\/p>\n<p class=\"p2\">S\u00e5 m\u00e5 arrang\u00f8rane f\u00e5 gjera som dei vil. Det er dei som legg fram eit tilbod, og eg er med frivillig. Eg kan vera med p\u00e5 andre l\u00f8p i staden, sj\u00f8lv om det dessverre ser ut til \u00e5 bli meir og meir vanleg med krav og utstyrslister. Og ironisk nok, s\u00e5 verkar det som at jo meir ein arrang\u00f8r snakkar om milj\u00f8- og berekraft, jo lengre blir lista med obligatorisk ting.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Dagen derp\u00e5-tur<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Dagen etter 5 kilometeren i Trondheim Maraton gjekk eg ein tur i Bymarka med bror Terje. Vi m\u00f8tte mange som sprang, og p\u00e5 nytt la vi merke til at sv\u00e6rt mange av dei sprang med vest.<\/p>\n<p class=\"p2\">Det hendte ikkje n\u00e5r eg var p\u00e5 tur i marka for 30 \u00e5r sia. Knappast eit drikkebelte, og slettes ikkje nokon sekk, var \u00e5 sj\u00e5. Ingen mobil. Ingen proppar i \u00f8yra eller fartsm\u00e5lar p\u00e5 armen.<\/p>\n<p class=\"p2\">Folk berre sprang. Utan tanke p\u00e5 Strava-oppdatering og optimal v\u00e6skebalanse. Kom dei til ein bekk og kjende seg t\u00f8rste, s\u00e5 drakk dei. Og musikkbehovet vart dekt av fuglane som enno song i skogen.<\/p>\n<p class=\"p2\">I forg\u00e5rs fekk eg ein e-post med reklame fr\u00e5 ein seljar av \u00f8yreproppar for idrettsfolk. I tillegg til musikk kunne det nye vedunderet m\u00e5le b\u00e5de temperatur og hjartefrekvens \u2013 og sende alle registreringane til meg sj\u00f8lv og omverda via app i klokke og mobil.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">GPS-avhengig<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">S\u00e5 m\u00e5 eg f\u00e5 understreke at det uansett er fint \u00e5 sj\u00e5 at s\u00e5 mange unge folk spring. Og dei m\u00e5 sj\u00f8lvsagt f\u00e5 gjera det p\u00e5 sin m\u00e5te, akkurat som eg gjer det p\u00e5 min.<\/p>\n<p class=\"p2\">Eg har heller ikkje noko problem med \u00e5 vedg\u00e5 at eg har vori GPS-avhengig sia eg testa ei av dei f\u00f8rste Garmin-klokkene i 2007. S\u00e5 eg skal p\u00e5 ingen m\u00e5te ri p\u00e5 nokon h\u00f8g hest.<\/p>\n<p class=\"p2\">Men kan hende lyt vi likevel passe p\u00e5 at vi ikkje blir s\u00e5 opptekne av staffasjen rundt at vi mister det grunnleggjande: Den enkle fridomen med \u00e5 springe oss ein tur. S\u00e5 lettkledd som v\u00earet tillet, og heilt utan m\u00e5ling av temperaturen i det indre \u00f8yret.<\/p>\n<p class=\"p2\">Det g\u00e5r an. Det er b\u00e5de tid og pengar \u00e5 spare p\u00e5 ikkje \u00e5 skulle ha og ha med seg alt overalt. Det er ein fridom i det klare seg med lite.<\/p>\n<p class=\"p2\">Som Piet Hein ein gong formulerte det i eit av gruka sine:<\/p>\n<p class=\"p1\"><i>Mangt p\u00e5 teknikkens vej<br \/>\n<\/i><i>tror vi er gratis gaver<br \/>\n<\/i><i>Men l\u00e6nker du slaver til dig<br \/>\n<\/i><i>s\u00e5 l\u00e6nker du dig til slaver<br \/>\n<\/i><i>Du deler din vilje med dem,<br \/>\n<\/i><i>og gir du dem v\u00e6xtens gave,<br \/>\n<\/i><i>hvem er s\u00e5 herre og hvem slave?<\/i><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>For meg handlar springing i stor grad om fridom. Ein pause fr\u00e5 sitjinga og alle krava om \u00e5 vera logga p\u00e5. Dess mindre eg tek med meg p\u00e5 ferda inn i skogen eller nedover langs elva, dess friare kjenner eg meg.<\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":11444,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[124,117],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-11443","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-7-2024","category-utgaver-2024"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11443","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=11443"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11443\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":11445,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11443\/revisions\/11445"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/11444"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=11443"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=11443"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=11443"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=11443"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}