{"id":11035,"date":"2024-09-10T09:58:42","date_gmt":"2024-09-10T09:58:42","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=11035"},"modified":"2024-09-10T09:58:45","modified_gmt":"2024-09-10T09:58:45","slug":"den-minst-annige-i-feltet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=11035","title":{"rendered":"Den minst annige i feltet"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Ein liten m\u00e5nad tidlegare hadde eg vori p\u00e5 vandretur i Sverige med bror Terje, og n\u00e5r vi g\u00e5r i lag ein \u00e5tte-ni timar fire dagar p\u00e5 rad, har vi tid til \u00e5 dr\u00f8fte mykje. Mellom anna kom orda \u00abannig\u00bb og \u00abannsam\u00bb opp ein av dagane. Dei betyr omtrent det same og er enno i bruk i Rogaland der b\u00e5de Terje G og Jakob I bur.<\/p>\n<p class=\"p2\">P\u00e5 vandreturen var vi langt fr\u00e5 annige \u2013 vi hadde dagen og svenskekysten framf\u00f8re oss, og det var fint lite vi skulle rekke.<\/p>\n<p class=\"p2\">I 1500 m-semifinalen var Jakob Ingebrigtsen den klart minst annige i feltet trass i at han m\u00e5tte vera mellom dei seks f\u00f8rste i m\u00e5l dersom han skulle sikre seg finaleplass.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Fl\u00f8tt p\u00e5 Frosta<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">If\u00f8lge ordboka kan annig bety flittig, ivrig, arbeidsam. Brukt i landbruk og om det vi dyrkar, betyr annig eller onnig at det som veks, er tidleg ute. I Tr\u00f8ndelag hadde vi eit tilsvarande ord \u2013 fl\u00f8t. \u00c5keren var fl\u00f8t \u2013 ja, p\u00e5 Frosta var det s\u00e5 fl\u00f8tt at dei kunne setje poteten i jorda alt tidleg i april.<span class=\"Apple-converted-space\">\u00a0 \u00a0<\/span><\/p>\n<p class=\"p2\">Tradisjonelt har ordet annig vori positivt lada, nytta om dei som hadde energi til \u00e5 st\u00e5 p\u00e5 litt ekstra.<\/p>\n<p class=\"p2\">Og s\u00e5 er det likevel, som det gjerne er her i livet, at dei beste eigeskapane v\u00e5re \u00f2g kan vera v\u00e5re verste. At vi blir s\u00e5 travle og ivrige at vi blir rastlause og utolmodige. Ikkje minst i stressa situasjonar vil den som ikkje er s\u00e5 annig kunne ha ein fordel. Ein kan da \u2013 slik Jakob gjorde i EM \u2013 sj\u00e5 situasjonen meir utanfr\u00e5 og ha betre tid til \u00e5 analysere.<\/p>\n<p class=\"p2\">Da eg tok hovudfag p\u00e5 Idrettsh\u00f8gskolen, hadde eg Gunnar Breivik som l\u00e6rar og vegleiar. Han hadde forska p\u00e5 og lesi mykje om skilnaden mellom folk som prim\u00e6rt s\u00f8ker spenning, og dei som heller s\u00f8ker tryggleik. Ein viktig skilnad var at dei som likte fart og spenning, opplevde at dei hadde betre tid, ikkje minst i stressa situasjonar. Dermed var dei \u00f2g betre egna til \u00e5 utf\u00f8re farlege oppdrag, til d\u00f8mes som jagarflypilotar. Sj\u00f8lv om dei m\u00e5tte ta dramatiske avgjerder i l\u00f8pet av f\u00e5 sekund, s\u00e5 opplevde dei at dei hadde god tid og kunne handle rasjonelt.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Raske bilar<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Litt av den same roa kan vi sj\u00e5 at Jakob Ingebrigtsen har n\u00e5r han spring. Han oppf\u00f8rer seg som om han god tid midt i eit kaotisk 1500 m-fors\u00f8k. I Roma let han seg ikkje stresse av at han l\u00e5g sist da det var ein runde att. Godt mogleg har han det p\u00e5 same viset \u00f2g n\u00e5r han k\u00f8yrer raske bilar, noko han visstnok skal like godt. I eit intervju i 2020 uttala han at han ville bli Formel 1-k\u00f8yrar n\u00e5r han hadde lagt opp som l\u00f8par.<\/p>\n<p class=\"p2\">I den boka som det vart lesi mykje ifr\u00e5 i oppveksten min, st\u00e5r det at \u00abden som trur, tek det med ro\u00bb (Jesaja 28,16). Kan hende var det trua \u2013 p\u00e5 seg sj\u00f8lv og at det ville g\u00e5 bra \u2013 som gjorde at l\u00f8paren med det bibelske namnet ikkje vart annig.<\/p>\n<p class=\"p2\">Sj\u00f8lv trur eg at dette litt tilbakelena overblikket kan vera fint \u00e5 ha med seg, b\u00e5de n\u00e5r vi spring og i livet elles. Det er ikkje alltid naudsynt \u00e5 bli med verken i posisjonskampen eller i strevet for \u00e5 f\u00e5 den st\u00f8rste pensjonen.<\/p>\n<p class=\"p2\">Under \u00abannig-samtalen\u00bb med bror Terje p\u00e5 svaberga i Sverige kom eg p\u00e5 eit dikt eg ein gong las, \u00abDen annsame\u00bb av Jan Magnus Bruheim\u00bb:<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">DEN ANNSAME<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\"><i>Han har ikkje stund til \u00e5 stogge<br \/><\/i><i>og ikkje tid til \u00e5 sj\u00e5.<br \/><\/i><i>Menneske som han m\u00f8ter,<br \/><\/i><i>dei ansar han aldri p\u00e5.<\/i><\/p>\n<p class=\"p1\"><i>Det gjeld um \u00e5 fara fort.<br \/><\/i><i>Mykje var det \u00e5 gjera.<br \/><\/i><i>Det auka dess meir han fekk gjort.<\/i><\/p>\n<p class=\"p1\"><i>S\u00e5 lid det til endes p\u00e5 dagen.<br \/><\/i><i>Han st\u00e5r der, studd over stav<br \/><\/i><i>og sp\u00f8r: Kva har livet gjeve<br \/><\/i><i>og kvar er det vorte av?<\/i><\/p>\n<p class=\"p1\"><i>Slik jaga han gjennom livet<br \/><\/i><i>utan \u00e5 f\u00e5 det fatt.<br \/><\/i><i>Ei glede sprang etter p\u00e5 vegen<br \/><\/i><i>men n\u00e5dde han aldri att.<\/i><\/p>\n\n\n<p><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I eit intervju etter semifinalen p\u00e5 1500 meteren i EM i Roma la eg merke til at ein ung mann brukte eit heller gammalmodig ord. Jakob Ingebrigtsen forklarte til NRK at kaoset og massevelten i nest siste sving skyldtest at s\u00e5 mange av l\u00f8parane var annige.  <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":11036,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[123,117],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-11035","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-6-2024","category-utgaver-2024"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11035","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=11035"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11035\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":11037,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/11035\/revisions\/11037"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/11036"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=11035"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=11035"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=11035"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=11035"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}