{"id":10646,"date":"2024-06-17T19:58:59","date_gmt":"2024-06-17T19:58:59","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=10646"},"modified":"2024-06-19T06:30:04","modified_gmt":"2024-06-19T06:30:04","slug":"brod-og-sirkus-i-og-utanfor-roma","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=10646","title":{"rendered":"Br\u00f8d og sirkus i og utanfor Roma"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">I tillegg finst det sj\u00f8lvsagt ti typar anna underhalding. No n\u00e5r eg skriv, har st\u00f8vet etter Melodi Grand Prix enno ikkje lagt seg. Vegen til Youtube, Netflix og Tik-tok er aldri lang. Om ein \u00f8nsker \u00e5 f\u00e5 tida til \u00e5 g\u00e5, er det tr\u00f8yte \u00e5 finne i alle retningar og kanalar.<\/p>\n<p class=\"p2\">Sj\u00f8lv har eg meir enn ein gong dekt b\u00e5de EM og VM for Kondis, og sj\u00f8lv om eg ikkje vil vera til stades i Roma i \u00e5r, s\u00e5 skal eg sj\u00e5 p\u00e5 NRK og lesa det kollegane mine f\u00e5r til av rapportar n\u00e5r Jakob Ingebrigtsen og Narve Gilje Nord\u00e5s m\u00f8test til duell p\u00e5 Olympiastadion i Roma.<\/p>\n<p class=\"p2\">Stadionanlegget fr\u00e5 1936 ligg berre 6-7 kilometer unna Colosseum der gladiatorane vart tvinga til dyst og d\u00f8d i det gamle Romerriket. B\u00e5de gladiatorkampar og kappk\u00f8yring med stridsvogner vart brukt som underhalding for folkemassane.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Dekadanse<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">P\u00e5 sundagskolen l\u00e6rte eg at \u00abmennesket lever ikkje av br\u00f8d \u00e5leine\u00bb, og overklassen i Roma skj\u00f8nte at det m\u00e5tte plussast p\u00e5 med underhalding om dei skulle unng\u00e5 folkeoppr\u00f8r mot b\u00e5de undertrykkinga og den dekadente livsstilen som eliten ut\u00f8vde. S\u00e5 lenge folket fekk br\u00f8d og sirkus \u2013 \u00abpanem et circenses\u00bb \u2013 ville misn\u00f8ya med vanstyret haldast i sjakk.<\/p>\n<p class=\"p2\">\u00abAmused to Death\u00bb heiter ei av platene til Roger Waters som var ein av frontfigurane i Pink Floyd. Soloplata kom ut i 1992 og er ein ram kritikk av eit samfunn der vi let fjernsyn og andre medium dope oss ned samstundes som b\u00e5de krig og anna undertrykking av fattigfolk f\u00e5r halde p\u00e5. N\u00e5r s\u00e5 det store showet er over og den siste kaviaren eten, er det ikkje berre tomheita som senkar seg \u2013 vi har rett og slett forlysta oss til d\u00f8de.<\/p>\n<p class=\"p2\">I tittelsporet p\u00e5 plata syng Waters, her omsett til norsk:<\/p>\n<p class=\"p1\"><i>Vi s\u00e5g tragedien skje<br \/>\n<\/i><i>Vi gjorde det vi vart bedne om<br \/>\n<\/i><i>Vi kj\u00f8pte og vi selde<br \/>\n<\/i><i>Det var det st\u00f8rste showet p\u00e5 jorda<br \/>\n<\/i><i>Men s\u00e5 var det over<br \/>\n<\/i><i>Vi oia og akka oss<br \/>\n<\/i><i>Vi k\u00f8yrde racerbilane<br \/>\n<\/i><i>Vi \u00e5t v\u00e5re siste krukker med kaviar<\/i><\/p>\n<p class=\"p1\"><i>\u2026<\/i><\/p>\n<p class=\"p1\"><i>Ingen t\u00e5rer \u00e5 gr\u00e5te<br \/>\n<\/i><i>Ingen kjensler igjen<br \/>\n<\/i><i>Denne arten mora seg i hel<br \/>\n<\/i><i>Mora seg i hel <\/i><\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Utan eit kny<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Det seiest at historia ikkje gjentek seg, men at ho rimar. Sj\u00e5 difor ikkje bort fr\u00e5 at idrett og anna underhalding blir brukt som opium for folket \u00f2g i dag. Slik at vi godtek utan \u00e5 bry oss. Utan \u00e5 kny.<\/p>\n<p class=\"p2\">Visst skal eg sj\u00e5 Jakob, Josh, Jake og Narve springe i Paris. Det er fint \u00e5 ha noko \u00e5 glede seg til og bli begeistra av. Men for min del skal b\u00e5de fotball-EM og 80 prosent av OL f\u00e5 fara.<\/p>\n<p class=\"p2\">I staden vil eg bruke sommaren til \u00e5 vera ute i naturen. \u00c5leine og saman med andre. Eg skal ta meg tid til sitja ned og tenkje p\u00e5 kor eg er p\u00e5 veg, p\u00e5 kva som er viktig i det livet eg har f\u00e5tt. Slik at ikkje den store tomheita senkar seg n\u00e5r 1500 m-finalen er over og den olympiske elden sl\u00f8kt.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Skrifta p\u00e5 veggen<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Fire andre ord som eg l\u00e6rte p\u00e5 sundagsskolen, festa seg av einkvan grunn i minnet: \u00abmene, mene, tekel, peres\u00bb. Det var skrifta som viste seg p\u00e5 veggen, og som varsla undergangen for det babylonske riket.<\/p>\n<p class=\"p2\">Sj\u00f8lv det som ser solid ut, vil ein gong rakne. S\u00e6rleg fort kan det g\u00e5 om ikkje nokon st\u00e5r opp og kjempar for det dei har kj\u00e6rt.<\/p>\n<p class=\"p2\">I bondesamfunnet som eg sj\u00f8lv var ein del av i oppveksten, var ein hovudtanke at garden skulle overleverast i betre stand til neste generasjon enn det den var i da ein sj\u00f8lv arva den. Hus vart bygde for \u00e5 kunne st\u00e5 i generasjonar. Jorda vart ikkje driven hardare enn at ho kunne gi like god gr\u00f8de i framtida.<\/p>\n<p class=\"p2\">Underhaldningssamfunnet er p\u00e5 mange m\u00e5tar motsatsen \u2013 eit kortsiktig bruk og kast-samfunn.<\/p>\n<p class=\"p2\">Tida der vi m\u00e5 skjera inn til beinet kan komma snarare enn det vi likar \u00e5 tru, og da er det dei som byd p\u00e5 f\u00f8de for b\u00e5de kropp og sjel \u2013 og ikkje tanketom underhalding \u2013 vi vil vende oss til.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Med friidretts-EM i Roma, OL i Paris og fotball-EM i Tyskland manglar det heller ikkje denne sommaren p\u00e5 tilbod om ein vil late seg underhalde av idrett. <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":10647,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[121,117],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-10646","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-5-2024","category-utgaver-2024"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/10646","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=10646"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/10646\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":10944,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/10646\/revisions\/10944"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/10647"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=10646"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=10646"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=10646"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=10646"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}