{"id":10265,"date":"2024-05-01T21:48:22","date_gmt":"2024-05-01T21:48:22","guid":{"rendered":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=10265"},"modified":"2024-05-02T22:12:11","modified_gmt":"2024-05-02T22:12:11","slug":"heime-der-ein-er","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/?p=10265","title":{"rendered":"Heime der ein er"},"content":{"rendered":"<p class=\"p1\">Da eg vaks opp p\u00e5 Ytter\u00f8ya for eit halvt hundre\u00e5r sia, vart eg fortald om ein gammal mann i nabobygda Mosvika som visstnok hadde haldi seg i si eiga heimbygd heile livet. Ikkje ein gong ein tur over Skarnsundet til Inder\u00f8ya skulle han ha spandert p\u00e5 seg.<\/p>\n<p class=\"p2\">Slike karar finst knapt nok nokon stad i dag. Vi reiser og opplever. Spring Marathon Majors verda over og ser Big Five Animals i Afrika. Fer p\u00e5 treningsleir til Portugal og klyv opp p\u00e5 den h\u00f8gste toppen p\u00e5 alle kontinenta \u2013 eller fylka i landet.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Enkle middel<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Mannen i Mosvika klarte seg med Storknuken (502 moh) og brei Mosvik-dialekt heile livet. Alle forstod han, og kanskje forstod han somme ting som mange av oss er i ferd med \u00e5 gl\u00f8yme: At graset ikkje alltid er s\u00e5 mykje gr\u00f8nare p\u00e5 andre sia av fjorden eller kloden. At det er mogleg \u00e5 leva eit rikt liv med enkle middel.<\/p>\n<p class=\"p2\">Filosofen Arne N\u00e6ss formulerte det slik i ein av tekstane sine:<\/p>\n<p class=\"p2\"><i>\u00abSer man litt n\u00f8yere etter, s\u00e5 skjer det jo masse i naturen. P\u00e5 en kvadratmeter setereng, hva som skjer der, det er nok for et langt liv.\u00bb <\/i><\/p>\n<p class=\"p2\">Arne N\u00e6ss reiste likevel ein heil del medan Mosvik-mannen heldt seg i ro. Han trengte ikkje fara til verken Mexico eller Mongolia for \u00e5 utforske fjell og flora. Truleg klarte han \u00f2g \u00e5 halde kroppen i god trim innafor dei 206 kvadratkilometrane kommunen baud han p\u00e5. Slik sett var det trongare for meg som hadde berre 28 kvadratkilometer til disposisjon heime p\u00e5 \u00f8ya.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Over dei kvite fjella<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">S\u00e5 f\u00f3r eg da \u00f2g ut. Undra meg som Bj\u00f8rnstjerne Bj\u00f8rnson p\u00e5 kva auga ville sj\u00e5 over dei kvite fjella som reiste seg i aust om eg tok turen opp p\u00e5 B\u00f8l\u00e5skammen (209 moh).<\/p>\n<p class=\"p2\">For like visst som tilknyting til heim og oppvekststad kan liggje i genane hos somme, kan utferdstrongen vera stor hos andre. Den britiske forfattaren David Goodheart skriv i boka \u00abThe Road to Somewhere\u00bb om dei to gruppene han kallar \u00abAnywheres\u00bb og \u00abSomewheres\u00bb, dei som kan bu og trivast kor det skal vera, og dei som helst vil ha tilknyting til ein bestemt stad mellom folk dei kjenner.<\/p>\n<p class=\"p2\">Mange av oss har nok litt av begge kategoriane i oss. Vi synest det er godt \u00e5 komma heim \u2013 i sommar- og juleferien \u2013 men vi reiser gladeleg p\u00e5 maratonhelg i Milano og ultral\u00f8p i Hong Kong.<\/p>\n<p class=\"p2\">Somme av oss er stadig p\u00e5 veg mot nye m\u00e5l \u2013 gira av tanken p\u00e5 at vi lever berre ein gong, at det gjeld \u00e5 f\u00e5 med seg mest mogleg medan vi kan. Sju stader \u00e5 sj\u00e5, ti ting \u00e5 gjera f\u00f8r vi d\u00f8yr.<\/p>\n<p class=\"p2\">Og s\u00e5 ser vi kan hende litt nedlatande p\u00e5 mannen i Mosvika som ikkje ein gong kom seg p\u00e5 handletur til Levanger. For det m\u00e5tte vel bli eit mindreverdig liv med s\u00e5 lite stimuli.<\/p>\n<h3 class=\"p4\"><span class=\"s1\">Mangla minst<\/span><\/h3>\n<p class=\"p1\">Kan hende var det likevel han som opplevde at han mangla minst. Som var der han var og var n\u00f8gd med det. Til stades p\u00e5 den plassen i verda foreldra hadde f\u00f8dd han.<\/p>\n<p class=\"p2\">Ikkje noko gali om alle som fartar \u2013 eg tenkjer meg sj\u00f8lv til Chamonix nok ein gong i sommar. Kan hende finn eg nokre nye \u2013 og heilt sikkert mange gamle \u2013 stiar \u00e5 utforske. Fjell eg kan sj\u00e5 opp p\u00e5, og undrast p\u00e5 om eg p\u00e5 ein god dag kan klare \u00e5 ta meg over, til den enda brattare nordsida.<\/p>\n<p class=\"p2\">Men samstundes har eg for lengst slegi meg til ro med at det er mykje eg verken maktar eller rekk, og i staden for \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 gapa over mest mogleg vil eg smaka godt p\u00e5 det eg puttar i munnen.<\/p>\n<p class=\"p2\">Viss p\u00e5 at eg har ei rolle \u00e5 fylle der eg er.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00abNever stop exploring\u00bb heitte slagordet til North Face som var hovudsponsor for Ultra-trail du Mont Blanc dei f\u00f8rste \u00e5ra eg pr\u00f8vde meg p\u00e5 l\u00f8ypene der. \u00abHome is where your heart is\u00bb var ei songstrofe eg nynna p\u00e5 medan eg sprang. <\/p>\n","protected":false},"author":3,"featured_media":10266,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"footnotes":""},"categories":[120,117],"tags":[],"post_flags":[],"class_list":["post-10265","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-kondis-3-2024","category-utgaver-2024"],"acf":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/10265","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/3"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=10265"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/10265\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":10267,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/10265\/revisions\/10267"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/media\/10266"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=10265"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=10265"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=10265"},{"taxonomy":"post_flag","embeddable":true,"href":"https:\/\/kondis.mittmagasin.online\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fpost_flags&post=10265"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}