Da Camille Herron siste helga i mars sette verdsrekord på 48-timarsløp med 435,336 kilometer gjort unna rundt og rundt på ein blå tartanbane i Canberra i Australia, vart ho forståeleg nok hylla. 41-åringen frå USA hadde forbetra den gamle rekorden med mest 24 kilometer, og berre to menn hadde nokon gong sprungi lenger på to døgn.
Men i hyllesttråden på letsrun.com blanda det seg òg inn kritiske røyster. Om kor sakte Camille hadde sprungi – 6.36 per km i snitt – og at grunnen til at ho heldt på med ultra, var at ho ikkje var i stand til å springe fort. Ein skreiv:
«Camille har ein maratonpers som er 23 minutt seinare enn verdsrekorden for kvinner. Ho er ikkje ein eliteløpar. Punktum.»
Kritikaren fekk følgjande svar:
«Samanlikninga di tilsvarar å sutre om at Letesenbet Gidey sin pers på 100 meter sannsynlegvis er 2 sekund seinare enn verdsrekorden til Flo-Jo.»
Akkurat som det er skilnad på å springe 10 000 m og 100 m, er det skilnad på å springe 48-timarsløp og maraton. Sjølv om begge deler handlar om å springe, så er det ikkje nett dei same eigenskapane som trengs, verken fysisk eller mentalt.
Nemnde Flo-Jo uttala at ho ville springe maraton etter at ho la opp som sprintar, men etter å ha klart ein 5 km på 17 minutt, gav ho opp det prosjektet. Kan hende ville Letesenbet Gidey med verdsrekord på 5000 m, 10 000 m og halvmaraton opplevd noko liknande om ho skulle prøvd seg på 48-timarsløp: at det er eitt å springe 25 rundar med snitt på 70 sekund og noko heilt anna å springe 1088 rundar med snitt på 159 sekund.
I 1985 sprang Marita Koch ein runde rundt fri-idrettsbanen på 47,60 sekund. Hundretusenvis av kvinner har prøvd å springe fortare, men ingen har så langt klart det. Ein av grunnane er at Marita Koch sprang for Aust-Tyskland og var innlemma i eit avansert dopingregime. Både med og – i enda større grad – utan ulovleg hjelp er det veldig vanskeleg å springe ein runde på mindre enn 48 sekund.
Er det lettare for ei kvinne å springe 1088,34 rundar under 48 timar? Eg vil tru det sia langt færre godt trena og talentfulle kvinner har prøvd. Dermed har ikkje rekorden vorti like hardt pressa.
Men det er òg ein grunn til at ikkje så mange har prøvd 48-timarsløp – nemleg at det å springe så langt er ei vanskeleg oppgåve å gi seg i kast med. Sjølv om 6.36 på kilometeren er joggefart for svært mange, så er det ikkje berre berre å halde den farten 1088 rundar på rad. Og for kvar liten mat- eller dostans – eller høneblund – du tek, må du halde ein tilsvarande høgre snittfart den tida du spring.
Flo-Jo og Marita Koch var stortalent for sine distansar – sikkert òg om ein ser bort frå dopingmistanken – akkurat som Letensebet Gidey er ein einar frå 5000 m til halvmaraton. Ho er heilt klart noko meir og anna enn ein mislukka sprintar eller mellomdistanseløpar.
Om like mange prøvde 48-timarsløp som 400 m, så er det på ingen måte gitt at Camille Herron ville vori best i verda. Men eg trur ho ville klart seg bra – på same vis som at Sebastian Conrad Håkansson sannsynlegvis ville legi langt oppe på den norske 100 km-lista sjøl om dei beste norske maratonløparane gjekk opp i distanse.
Somme har eit stoff og ein tæl i seg som ikkje alle har, og som det trengst mykje av når rundane og kilometrane blir retteleg mange.
Og det er uansett ingen grunn til å snakke ned dei som gjer det andre seier at dei lett kunne ha gjort – utan nokon gong å gjera det.