Turglede: Sjutoppstur er gøy. (Foto: Ingar Støyle Bringsvor)

Eli Anne Dvergsdal og Jonas Hesthaug vann Sjutoppsturen

Dei 34 løparane i konkurranseklassen forserte sju toppar og totalt 1000 høgdemeter opp og ned i den 15 km lange Sjutoppsturen. Totalt var det om lag 500 som deltok på dei mange løps- og turmarsjtilboda denne fine langfredagen på Sandsøya på Sunnmøre. Ikkje verst med tanke på at øya som ligg midt mellom Sunnmørsalpane og Stadhavet, har berre 181 innbyggjarar. I turmarsjen kunne ein velje å gå langs landevegen i staden for å ta turen over fjella.

Let seg ikkje stanse: Kristoffer Fylling imponerte med å ta seg over toppane på mindre enn tre timar med protese. (Foto: Ingar Støyle Bringsvor)

Uttaksløp til VM

Løpet vart første gong arrangert i 2004 og deltakarrekorden sett i 2019 da heile 867 stilte til start.

 Nytt i år var at Sjutoppsturen hadde status som eit av fleire norske uttaksløp til VM i fjelløp som blir arrangert i Austerrike 7. til 10. juni. Det bidrog til eit sterkt startfelt, og det var ganske så tett i front i herreklassen. På siste toppen låg Jonas Hesthaug og Anders Kjærevik likt, men Jonas sprang ifrå ned til mål.

I dameklassen som vart vunnen av Eli Anne Dvergsdal, var det litt meir avstand mellom dei beste.

Fin oppleving

Kondis spurte dei to vinnarane om korleis dei opplevde løpet på Sandsøya.

  Eg hadde ei veldig fin oppleving av Sjutoppsturen. Det var mykje hyggelege folk undervegs å prate med, fin løype og flotte omgjevnader, fortel Eli Anne som kom rett frå tre veker med covid, derav ei veke sengeliggjande med høg feber.

Damepallen: Eli Anne Dvergsdal (midten) vann framføre Ida Amelie Robsahm (til venstre) og Shanga Balendran. (Foto: Martin Hauge-Nilsen)

– Eg var ganske dårleg den nesta veka òg, og eg var neimen ikkje sikker på om eg ville bli klar til løpet. Derfor blei det ei roleg og kontrollert opning. Eg tok leiinga etter 1 km og var i tet derifrå til mål.

Eli Anne fortel at ho blei springande mykje åleine, slik at det blei nokre små omvegar innimellom der ho mista merka og løypa, men stort sett hadde ho god flyt.

– Det var ganske gjørmete og sleipe forhold, så eg tok ingen risiko nedover. Eg ville unngå både fall med eventuell skade og å pushe kroppen i kjellaren med tanke på at det var første hardøkta etter sjukdom. Eg hadde hosta mykje og sove lite dei siste nettene før løpet, men fekk ei svært god oppleving og håpar det blir VM-tur til Austerrike.

Sleipe stiar

Også herrevinnar Jonas Hesthaug syntest Sjutoppsturen på Sandsøya var eit artig løp.

– Det er ikkje så veldig langt, men har likevel såpass bratte stigningar at dei aller fleste må gå litt her og der. Sjølv synest forholda i år var dei verste eg har hatt i denne løypa, seier Hesthaug som òg har vore med i 2018, 2019 og 2022.

Herrepallen: Førsteplassen gjekk til Jonas Hesthaug (midten) medan Anders Kjærevik (til venstre) vart nummer to og Sebastian Krogvig nummer tre. (Foto: Martin Hauge-Nilsen)

– Det har eigentleg vorte gradvis meir og meir sleipt for kvart år eg har deltatt. Trass i gode forhold da løyperekorden vart sett i 2018, og dårlege forhold i år, trudde eg rekorden kom til å ryke, men den viste seg å vere veldig sterk. Den hadde kanskje vore innan rekkevidde for eit par av oss med litt raskare tider nedover. Eg var uansett mest opptatt av den endelege plasseringa sidan det i år var VM-kvalik, fortel Jonas som slik sett var godt nøgd med å ta sigeren.

Om planane for sesongen vidare, seier han:

– Det er litt avhengig av korleis løpa på våren og tidleg sommar går, sidan nokre av dei er kvalifisering til andre løp. No klarte eg iallfall å kvalifisere meg til VM, så då vert det VM-løp i juni. Før det skal eg prøve å kvalifisere meg til OCC i Chamonix som går heilt i slutten av august. For å kvalifisere meg dit må eg helst komme på pallen eller gjere eit svært godt løp på 55 kilometeren i Ultra Trail Snowdonia i Wales 13. mai, fortel den fjellglade 24-åringen som spring for Eidsdal IL.

Martin Hauge-Nilsen

Nokså synkront: Susanne (5011) og Othelie Stave-Wigene suste inn til dobbeltseier på 5 kilometeren i Drammen. (Foto: Samuel Hafsahl)
Klar ener: Awet Kibrab la seg i tet på 10 kilometeren fra første stund. (Foto: Samuel Hafsahl)

Norsk klasserekord av mor og datter en solskinnsdag i Drammen

Det er ikke så ofte at mor og datter setter nasjonal klasserekord i samme løp. Det gjorde imidlertid Susanne og Othelie Stave-Wigene under 5 kilometeren i Drammen10k 2. april.

Susanne Wigene som i 2006 tok sølv på 10 000 m i EM med 30.32,36, viste at hun fremdeles har det i seg. Nå er hun blitt 45, og 5 km-tida i Drammen på 17.12 var en forbedring av den norske rekorden i klasse 45-49 år med 16 sekunder. Den gamle hadde Anne Nevin som løp på 17.26 i 2018.

Susanne Wigene ble nummer to totalt på 5 kilometeren i Drammen, og den som slo henne, var hennes egen datter, Othelie Stave-Wigene. Othelie fyller ikke 12 år før i desember, og med 17.09 forbedra hun Emma Kirkeberg Mørks rekord i klasse 12-13 år med hele 56 sekunder. Tida til Othelie er også 9 sekunder bedre enn den norske rekorden i klasse 14-15 år. Den uoffisielle verdensrekorden på 5000 m for 11 år gamle jenter er 17.41,03.

Så lå da også forholda vel til rette for å løpe fort denne solfylte palmesøndagen i Drammen. Bortsett fra en merkbar bakke ned i og opp av en jernbaneundergang, som en får to ganger på både 5 og 10 km, er løypa temmelig flat. Den vesle vinden som var, kom imot på første halvdel mens felta enda var ganske godt samla. Dermed ble det medvind på heimveien.

Mange – 1286 på 10 km og 154 på 5 km – benytta anledningen til å få seg en rask og fin start på løpssesongen 2024.

Runar Gilberg

Tunnelløpet i Bergen fikk stor oppmerksomhet

Pauseplass: Midt inne i Fyllingsdalstunnelen er det et stort opplyst «solur» som forteller deg tiden, og benker for å kunne ta en pause. (Foto: Iver Daaland Åse / Bybanen Utbygging)

Som en del av åpningsseremonien for den nye gangtunnelen mellom Fyllingsdalen og Bergen sentrum ble det arrangert et tunnelløp med distanser på både 3 og 5 km. Det var stor oppslutning – resultatlistene viser at nærmere 900 personer hadde tatt på seg startnummer for å teste løpeformen og å bli kjent med den nye tunnelen.

Det var også god oppslutning blant de aller beste løperne i den seedete klassen. På 5 km fikk vi et spennende oppgjør mellom Marius Vedvik og Marius Sørli, der Sørli kom i mål 1 sekund foran Vedvik. Blant kvinnene vant Sigrid Jervell Våg med litt bedre margin til Kristine Dommersnes og Ine Bakken på de neste plassene.

På 3 km var det ungdommene Othelie Stave-Wigene og Johannes Sandvik Bø som var raskest.

Denne tunnelen er en ren gang- og sykkelvei som går parallelt med bybanen til Fyllingsdalen, som den skal være en evakueringstunnel for. Bak denne satsingen står Miljøløftet der stat, fylkeskommune og flere kommuner samarbeider om det nasjonale målet om nullvekst i persontransport med personbil. Tunnelen gir en enkel transportvei for syklister og fotgjengere mellom Fyllingsdalen og Bergen sentrum.

I tunnelen er det ingen vind, temperaturen er 11-12 grader, løypen er nesten flat, og det er avmerket egne felt for både fotgjengere og syklister. Man regner med at mange kommer til å bruke tunnelen til løpetrening.

Sub 16: Med sterke 15.53 ble Sigrid Jervell Våg beste kvinne på Tunnelløpets 5 km. (Foto: Arne Dag Myking)

Navnet er Fyllingsdalstunnelen, og den er verdens lengste tilrettelagte gang- og sykkeltunnel. Åpningen av tunnelen har fått stor oppmerksomhet i internasjonale medier, med omtale blant annet hos CNN.

Arne Dag Myking





© Alle rettigheter. Kondis 

Til toppen