Perspektiv

Den kvite årstida

Vinteren står for døra, og vil snart leggje sitt kvite slør av uskuld over ei verd som kranglar og krigar. Vonleg vil den ikkje bli så kald at alt for mange frys i hel. Eller så uuthaldeleg at folk drikk seg i hel.
Av Runar Gilberg
Kvit vinter: Årstider i naturen gir oss kontrastar som kan gjera livet rikare. Kan hende treng vi sesongvariasjon òg i livet elles. (Foto: iStockphoto)

Lenger fram i dette nummeret av Kondis kunne du lesa om Annie Bersagel som nyleg vart norsk meister på maraton. På spørsmålet «Kan du si noe du selv tror på, men som andre vil være uenige med deg i?» svara ho: 

«Egentlig en liten ting, men jeg er uinteressert i alkohol, selv om jeg ikke er avholds av prinsipp. Jeg synes bare ikke det er spesielt godt og får bare dårligere søvnkvalitet, så hva er vitsen? Det kan bli oppfattet som litt rart i en del sosiale sammenhenger.» 

Rusmiddel

Mange som driv idrett, har eit medveti forhold til kor mykje og ofte dei drikk alkohol. Cato Thunes skreiv i førre nummer av bladet om kor avhengig det går an å bli av rusmiddel, enten det er alkohol eller springing. Sjølv måtte han ta ein «Cold Turkey» og avskjera seg frå alt som hadde med springing å gjera ein gong han drog på seg ein alvorleg skade. 

Marit Tørstad fortalde i det same nummeret at om ho var avhengig av trening, så var det «verdens beste avhengighet». 

Eg høyrde om ein kar som var langt meir glad i alkohol enn NM-vinnaren i maraton. Men for å halde kontroll på drikkinga og sjekke at avhengigheita ikkje fekk overtaket, hadde han bestemt seg for å leggje inn ein kvit dag kvar veke, ei kvit veke kvar månad og ein kvit månad kvart år. Gjekk det greitt, meinte han at det var han som kontrollerte alkoholen, og ikkje alkoholen som kontrollerte han. 

Fire veker på rad

Sjølv vart eg pålagt eit år utan alkohol av legen da eg for fire år sia havarerte på sykkel og rista hjernen. For å seie det slik – det hadde vori langt tøffare om beskjeden hadde vori eit år utan springing. 

Men i skrivande stund har eg hatt fire veker på rad utan springing – med unntak for ein liten sprekk i form av ein roleg joggetur rundt Sognsvann for ei veke sia. Det har gått overraskande greitt, kan hende fordi eg kvar dag har gått ca. like langt som det eg elles ville ha sprungi. Litt spøkefullt har eg sagt at så lenge alkoholikaren får nok lettøl, så vil han kunne klare seg på eit vis sjølv om vin- og brennevinskranene er stengde. 

Åtte fordelar

I dag tidleg las eg ein artikkel der treningsglade folk vart oppmoda til å leggje inn ein alkoholfri månad i haust. Dei ramsa opp åtte fordelar som eit slikt val kunne gi: 

  1. Betre søvnkvalitet
  2. Betre restitusjon og utbytte av treninga
  3. Lægre kvilepuls
  4. Betre fordøying
  5. Lettare å gå ned i vekt
  6. Friskare hud
  7. Betre tid til å gjera sunnare ting
  8. Oppdage fordelane med eit liv utan eller med lite alkohol 

November er ein dag kortare og vanlegvis mindre feststemt enn desember, så om ein vil ha ein «snill kvit månad» kan november vera verdt å prøve. Legg ein lista litt høgre, er det lov å gi seg i kast med ein kvit desember. Klarer du både julebord og julaftan i edru tilstand, klarer du det meste. 

Svart september

For min eigen del vonar eg at verken november eller desember blir like springefri som min svarte september. Men det gjekk heilt fint å kutte springinga i vekene etter at pacemakeren vart lagt inn. Fleire gav meg kompliment for kor flink eg var til å omstille meg. Eg svara nokså kort på trøndersk: «Mån så mån.»

Noko anna – og vanskelegare – er det å klare det når ein ikkje må. Det er fort gjort å la det skli og dermed risikere å farge alle månader grå.




© Alle rettigheter. Kondis 

Til toppen